søndag 30. september 2012

China Glaze - Stone Cold

Jada, jada, eg sa eg skulle bruke dei nye lakkane, men så hadde eg så utruleg lyst til å bruke Stone Cold, så eg måtte gjera eit unntak. Stone Cold er frå vårens Hunger Games/Capitol-kolleksjon, så han er ikkje akkurat ny - men han er likevel verdt å ta fram no når hausten kjem.

Stone Cold er ein matt, koksgrå skimmerlakk - sølvfarga skimmerpartiklar i ein mørk (svart?) base. Han er ikkje heilt matt, heller litt "semska" (suede), og det ser etter mi meining knallstilig ut. Han kan nok dekke på eitt tjukt lag, men eg synast det er best med to litt tynnare. På bileta har eg to lag Stone Cold over underlakk, og naturlegvis ingen overlakk. Om ein vil ha han endå mattare, kan ein sikkert bruke matt overlakk, til dømes den frå H&M, men eg synast ikkje det trengs.

For min del er Stone Cold foreløpig årets beste kjøp, og eg anbefaler alle å skaffe seg han. Om nokon kjenner til andre lakkar med liknande yte, så sei ifrå - for eg elskar denne stilen.


China Glaze - Stone Cold, bilete tatt i sola.

lørdag 29. september 2012

China Glaze - Glittering Garland

Då har eg starta på "bruk alle dei nye lakkane som er lagt rett i skuffen"-utmaninga mi. Først ut er China Glaze sin Glittering Garland. Glittering Garland kom ut i fjor haust/vinter i julekolleksjonen, men eg har ikkje kjøpt han før no. Dette er definitivt ein haust- og/eller vinterlakk, og fargen får meg til å tenke på plastjuletre.

Glittering Garland har ein mørk, juletregrøn basefarge med lysare grøne, små glitterpartiklar. Eg er ikkje heilt sikker på om det er mikroflak, mikroglitter eller ujamnt skimmer, men fint er det i alle fall. I noko lys får lakken eit nestan gyllent skin, utan at eg kan sjå gullfarga glitter med det blotte auget.

Lakken var litt uggen å legge, første lag blei ujamnt - han var på ein måte tjukk, men likevel litt utflytande. Dog var lag nummer to lett å legge, og lakken blei jamn og pen. Dei med lengre neglar enn meg må sikkert ha tre strøk for at han skal vera ugjennomskineleg. Yta blir ganske glatt, ikkje like kornete som med andre lakkar med mikroskimmer/-glitter, men ein treng overlakk for å få han perfekt.

På bileta har eg altså to lag Glittering Garland med eitt lag Seche Vite over. Merk at lakker er pittelitt lysare og grønare i røynda.

China Glaze - Glittering Garland, utan blitz

China Glaze - Glittering Garland, utan blitz
 China Glaze - Glittering Garland, med blitz 


 China Glaze - Glittering Garland, med blitz 
  China Glaze - Glittering Garland, detalj med blitz 

"Nye" lakkar og eit luksusproblem

I det siste, i alle fall dei to siste månadene, har det blitt veldig mange nye lakkar på meg. Plutseleg dukkar det opp lakkar i postkassa eg nesten har gløymt at eg har bestilt, og andre gongar kjem det ei stor pakke frå Transdesign fylt med herligheiter. Problemet er dog at eg har nokre favorittlakkar eg bruker ofte, så mange av dei nye lakkane blir gjerne ikkje brukt før fleire månader etter at eg har skaffa meg dei. Så no er planen å vise fram alle dei nye lakkane eg har kjøpt i det siste før eg går tilbake til dei gamle favorittane. Og kven veit, kanskje eg kan legge til nokre fleire på den lista?

I alle fall, her er eindel av dei nye, uprøvde lakkane. Nokre av dei har eg allerede brukt, men det er framleis eindel som ligg uprøvd i skuffen.

F.v.: OPI Number one nemesis, Every month is October-fest, German-icure by OPI; China Glaze Agro, Glittering Garland; Color Club Alter Ego; Misa Heaven White; Jade Vermelho Surreal, Magia Negra, Hits Speciallita Hefesto, Atena

F.v.: MakeUpStore Greta; OPI OPI Lucerne-tainly Look Marvelous, Color Club Worth the risque, Chanel April, Deborah Lippmann Lady sings the blues

F.v.: Layla Coffee Love, Misty Blush, Flash black (som eg ikkje fann då eg skulle ta bilete)
Kva synast det? Er det ambisiøst å bruke alle dei nye lakkane med ein gong ein får dei? Har de nokre favorittar eller ønske om kva for nokre eg skal bruke først?

lørdag 22. september 2012

Deborah Lippmann - Lady sings the blues

Det er ikkje akkurat ein ny lakk eg skal vise her, men eg har nett fått han og har lyst til å vise han fram for heile verda - for han er så fin! Lady sings the blues er ein glitterlakk med små glitterpartiklar og litt større heksagonale glitter i ein mørk kongeblå baselakk. Eg er ikkje heilt sikker på om noko av glitteret er blått, eller om det kun er sølvglitter som ser blått ut på grunn av basen, men vakkert er det uansett.

Lakken er enkel å legge, og glitteret legg seg fint og jamnt på neglen med berre eitt lag. Dog treng ein minst eitt lag med overlakk for at lakken skal bli jamn, helst to. På bilete har eg eitt lag av Lady sings the blues over eit lag A-England Camelot, og to lag Seche Vite Dry Fast Top Coat (heretter berre kalt Seche Vite).

Dagslys, utan blitz.

Mitt nye blogg- og arkivprosjekt

Ja, då var det klart for endå ein neglelakkblogg. Det er detfinitivt ikkje noko verda treng, og eg tvilar på at eg korkje vil eller kan bli nokon toppbloggar eller nummer 1 inspirasjonskjelde til spennande design og nye kolleksjonar. Men eg vil forsøke for min eigen del å lage eit arkiv over lakkane eg har, kva eg liker, kva eg synast er fantastisk, kva som er for dyrt, for billig(?), for dårleg kvalitet etc. Og kanskje er det også andre som har glede av det eg skriv, det vil eg sette stor pris på.

Foreløpig har eg berre eit generisk blogspot-design, men det skal eg nok endre på etterkvart. Bileta mine er nok ikkje verdas beste, men eg forsøker så godt eg kan. Og ja, bloggnamnet er litt pretensiøst, men kva elles er det vi siktar etter enn pene negler? De får sjå på tittelen som normativ, ikkje deskriptiv - i alle fall ikkje enno.

Vegen blir til når ein går, og eg startar no.