onsdag 31. oktober 2012

To nye Depend-lakkar

 Depend #091 og #324
Eg var innom Sundt (i Bergen) på tysdag for å finne den indigoblå lakken Depend #324, og i same slengen plukka eg med meg ein skikkeleg julete, raud skimmerlakk, Depend #091. Cubus har nemleg alltid 2 for 39,- på Depend, og eg føler eg må benytte meg av tilbodet kvar gong. Sjølv om eg ikkje er kjempebegeistra for dei små flaskene, er eg stort sett nøgd med kvaliteten på lakkane. Dessutan liker eg dei smale penslane dei har.

Neglebilete kjem nok etter kvart, foreløpig får de nøye dykk med dette eine.


I bought two new nail varnishes from Depend on tuesday, #091 (the red one) and #324 (the blue one). I cannot wait to try them on! I do like Depend's varnishes, even though their bottles are tiny.

tirsdag 30. oktober 2012

Svart, kvit og grå marmorering

Eg synast det blei litt rart med den kvite aksentneglen i marmoreringa eg viste fram i dette innlegget, så eg bestemte meg for å ta eit par neglar til. Dessverre var ikkje Misa-lakken heilt opak, så på grunn av dei svarte neglane mine blei marmoreringa grå/svart i staden for kvit/svart. Men det vart fint det også. Eg har fått så utruleg mange komplimenter og kommentarar på manikyren, så det er tydlegvis ikkje berre eg som synast det er fint. Eg kan rett og slett ikkje skjønne kvifor eg ikkje har forsøkt meg på dette før, det er jo både gøy og lekkert. No har eg hatt denne manikyren i to dager, så lakken er litt slitt på negletippen - de er herved advart!

My second watermarble manicure: I used the same varnishes as last time: black and white, but due to the lack of opaqueness of the white one, the mani turned gray and black instead. I love it anyway.

Svart/kvit/grå marmorering v.2.0, med blitz

mandag 29. oktober 2012

Neglelakkforum


Har du spørsmål om å handle neglelakk på nettet, om den nye James Bond-kolleksjonen til OPI, om overlakk eller håndkremer? Vil du vise fram det nye negledesignet ditt? Har du lyst til å snakke med likesinna neglelakkgale jenter? (Dette gjeld sjølvsagt også for neglelakkgale gutar.)  Då er du hjerteleg velkommen til den norske (for øvrig veldig dyktige) neglebloggaren Ida Malene/Nail it! sitt flotte neglelakkforum. Klikk på denne lenka, og vips så er du der. Du kan også klikke på fana "Neglelakkforum" oppe til høgre på bloggen min for å komme direkte dit.



Og som ein liten bonus, i tillegg til å få snakke med oss andre neglelakkgalningar, kan du vera med i trekninga av ein flott premie (Eller helst ikkje, for då synker jo mine vinnarsjanser...). Meld deg inn, så får du sjå.

søndag 28. oktober 2012

Marmorering (watermarbling)

Marmorerte neglar, med a-england Camelot og Misa Heaven White

I forgårs prøvde eg for første gong å marmorere neglane mine, og ærleg talt synast eg det blei ganske så vellukka. Kva synast de? Eg er jo ganske streit av meg, så det blei kun svarte neglar, med nokre kvite og svarte marmoreringar, og det blei herleg 60-tals mod-aktig.

Fv. Paris Memories Black, e.l.f. White, A England Camelot og Misa Heaven White.
Eg har høyrt mykje om kor vanskeleg det er, så eg bestemte meg får å bruke nokre dårlege lakkar. Det var ikkje så lurt. Eg forsøkte med ein svart Paris Memories-lakk, og e.l.f. White, men dei spredte seg ikkje i vatn-yta, så det heile såg rett og slett ikkje fint ut. Og lakkane stivna så raskt at eg ikkje fekk laga mønster med nåla i det heile - så det var berre å helle heile greia i do og byrje på nytt. Slik gjekk eg fram:

Først fylte eg eit lite glass med lunka vatn rett frå springen. Så teipa eg rundt neglen eg skulle marmorere, slik at eg ikkje skulle få så mykje neglelakk på huda. Neglen var allerede lakka med svart lakk, som hadde tørka ordentleg. Ingen overlakk. Så drypa eg ein og ein dråpe med annankvar svart og kvit lakk. Eg brukte Misa Heaven White og A England Camelot. Deretter brukte eg ei nål til å lage litt mønster i sirklane, og så dyppa eg fingeren heilt nedi vatnet. Eg lot han vera i vatnet til eg haddefjerna all overflødig lakk i vatnet, slik at det ikkje skulle klebe seg lakkrestar på den marmorerte neglen. Til sist tok eg av teipen, rydda opp på neglebanda (vel...), og la eit lag SV på toppen. Vips, ein vannmarmorert negl!

Første forsøk på marmorering
Sjølv om eg synast marmoreringa blei fin, var eg ikkje veldig nøgd med resultatet, og det på grunn av Misa-lakken.Han tørka aldri, og marmoreringa stripa seg når eg la SV over, sjølv om eg venta i alle fall ti minutt før eg lakka. Derfor fjerna eg alt saman, og prøvde på nytt. Denne gongen blei marmoreringa dessverre litt for kvit samanlikna med dei svarte neglane mine, men då gadd eg ikkje gjera alt om att. Derfor: Svarte neglar med kvit aksentdekor på ringfingrane. Eg har til og med lagt ved eit bilete av høgrehanda (iiiik!), for der blei marmoreringa litt finare pga. det svarte, synast eg.


Endeleg resultat; min aller første marmorerte negl.
Høgrehanda, tydlegvis utan å ha rydda opp ordentleg. Beklager.

Denne framstillinga var ikkje veldig god, eg anbefaler alle som vil marmorere å sjå youtube-videoar, t.d. denne frå ILoveMyLongNails, og lese Nail Art 101 sitt blogginnlegg om marmorering. Og hugs, når til og med eg kan klare det, kan du også!

lørdag 27. oktober 2012

H&M - Blue my mind



 H&M Blue my mind, med blitz (litt for lyst)

H&M Blue my mind (Haha, nice pun) er ein herleg, knallblå kremlakk. Blåfargen vil eg kalle ein rein, lys blå (Brandeis blue på html-språket), og er ein slags lysna koboltblå med litt meir gult i. Fargen er i alle fall fantastisk flott, og eg blir glad når eg ser på neglane mine. Blåfargen er så sterk at han nesten går mot neon, men han er ikkje ein neonlakk, altså. Kameraet mitt ville absolutt ikkje gjengje fargen ordentleg. Dei to øvste bileta er nok litt for lyse, medan det nederste, litt uklare bilete, tatt utan blitz, viser rett farge.

Blue my mind dekker på to lag, eitt lag om du er veldig generøs med laga. Eg brukte Seche Vite over, sjølv om lakken eigentleg var blank nok i seg sjølv. Han var lett å fjerne, men det satte seg litt blåfarge att på neglen, dessverre. Lakken kostar 39 kr på H&M, og dei har han inne no. Eg trur han er i det permanente sorimentet deira.

 H&M Blue my mind, med dus blitz

 H&M Blue my mind, i lampelys (korrekt fargegjengjeving) 

I tillegg til Blue my mind, forsøkte eg meg med nokre små sølvstjerner som dekor. Det blei ikkje veldig vellykka, for stjernene var litt høge, så eg måtte lakke over dei med SV for at dei ikkje skulle henge seg opp i alt mogleg, og då såg det litt kladdete ut. Eg skal prøve igjen seinare, kanskje med eit litt anna design. Dekorsteinane har eg fått tak i hos Bornprettystore, og eg skal vise fram heile settet når eg har fått øvd meg litt.

torsdag 25. oktober 2012

Layla - Coral Glam

Layla Coral Glam, i lampelys

Layla Coral Glam (#02) er ein lys korallfarga holografisk lakk med nøytral undertone. Det er mykje beige/hudfarge i lakken, og han ser eigentleg ganske "nude" ut på neglane mine, ikkje så rosa som eg hadde frykta. Fargen minner litt om MakeUpStore Madeleine, men sistnevnte er mykje mindre rosa, og meir holografisk.

Coral Glam dekker dessverre ikkje særleg godt, eg måtte ha fire lag for å få han til å se grei ut, tre lag dersom eg la han over AquaFix. Eir bør nok bruke ein lyserosa eller hudfarga lakk under denne for å spare litt på dråpane - eg ser føre meg at til dømes OPI My Very First Knockwurst (neglelakkmani.com) ville passa bra.

Layla Coral Glam, i lampelys
Eg har brukt Sally Hansen-overlakken på peike- og ringfingeren, og sjølv om han ikkje øydelegg den holografiske effekten på same måte som Seche Vite gjer, så blir effekten litt redusert. På den andre sida blir lakken blankare og held lenger, så det er jo eit val ein må ta. De ser i alle fall skilnaden på bilete over.

Layla Coral Glam, med blitz

Layla Coral Glam, i skuggen
(Jada, eg skulle vente til sola kom, men eg kom så seint hjem frå jobb i dag at eg ikkje rakk å lakke om før sola hadde gått ned - derfor blei det skuggebilete i staden.)

onsdag 24. oktober 2012

Dei nye Layla-lakkane

Layla Hologram er blant dei aller beste holografiske lakkane eg har prøvd. Eg har ei saleg blanding av holografiske lakkar: Layla, MakeUpStore, Hits Speciallita, Depend, A-England, OPI m.fl., men Layla-lakkane er nok dei eg likar best sett under eitt, med tanke på kvalitet, pris og haldbarheit (og lukt!). Dei er, som sagt, veldig holografiske, både i sol, innelys og skugge.

Eg var så heldig at eg fann nokre Layla-lakkar i eit lite parfymeri då eg var i Syden, så då måtte eg kjøpe med meg nokre lakkar. Frå før av hadde eg Flash Black, Misty Blush og Coffee Love, og no har eg også Mercury Twilight, Coral Glam og Ultraviolet, i tillegg til eit ekstra eksemplar av både Coffee Love og Flash Black. Eg skulle gjerne ha ein ekstra av Misty Blush også, han er nydeleg vakker, men dei hadde han dessverre ikkje inne. Eg må vel ty til Ninjapolish igjen...

Så her er den lille Layla-samlinga mi:

 Fv. Mercury Twilight, Coral Glam, Ultra Violet, Flash Black, Misty Blush og Coffee Love

Er det nokre av dei de har lyst til å sjå først? Det er sol (sic) i Bergen om dagen, så det er berre å nytte sjansen til å prøve dei for best mogleg utbytte av holoeffekten.

mandag 22. oktober 2012

OPI - Number one Nemesis



OPI Number one Nemesis, i lampelys



Number one Nemesis kom ut i OPIs Spiderman-kolleksjon no i år, og er strengt tatt ein kopi av Chanels vakre Graphite. Samanlikningar av dei to kan du til dømes sjå hos Polish Insomniac. Dei er ikkje heilt like, Chanel-lakken er meir glitrande og mindre grøn, men dei var like nok for meg. Eg er vanlegvis ikkje så glad i å kjøpe lakkar som er openberre kopiar av andres kolleksjonar, men for denne gjorde eg eit unntak. Chanels lakkar sit stort set ikkje bra på neglane mine, dei flassar av etter mindre enn en dag. Og sia eg likte fargen på Graphite og vanlegvis er vel nøgd med OPIs lakk-kvalitet, slo eg til på denne då han kom.

OPI Number one Nemesis er ein glitrande, antikksølvfarga (grafittgrå?) skimmerlakk. Det er ein ganske varm sølvfarge med mykje gull og olivengrønt i, i dagslys ser han nesten mest gråoliven ut. Den varme fargetonen skiljer han frå liknande lakkar som OPI Lucerne-tainly look marvelous, som også er sølvfarga, men med ein kaldare, blåturkis tone. Eg skal få lagt ut samanlikningar av dei to etterkvart.

OPI Number one Nemesis, med blitz



Number one Nemesis har ei folieliknande yte, samstundes som ein kan sjå mikroskimmer i alle moglege fargar. Eg kan i alle fall sjå grønt, oransje, gull, rosa og blått, både i sollys og innelys. Vakkert! Eg er svært glad i Lucerne-tainly look marvelous, men Number one Nemesis er om mogleg endå flottare. Han er litt lite pigmentert, og eg må bruke tre lag for å få han til å dekke på mine relativt korte negler. Heldigvis er OPI-flaskene store. Eg kjøpte min på Transdesign til ca. 60 kr inkl. porto.

lørdag 20. oktober 2012

Layla - Coffee Love


Layla Coffee Love var ei av dei store snakkisane då han kom i Laylas holografiske vår/sommar-kolleksjon, og alt du har høyrt er sant. Han er FANTASTISK! Bileta mine gjer han på ingen måte rettferd, og i røynda er han supernydeligflottvakkerperfekt. Eg har ikkje ord. Ein dus, gråaktig melkesjokoladefarge med svak holoeffekt i skuggen, som ekspoderar til holohimmelen i sola eller lampelys. Han er så holografisk at du nesten ikkje kan sjå fargen, men det gjer ikkje så mykje.

Lakken er dessverre litt vanskeleg i legge, han er veldig flytande, men samstundes legg han seg tjukt.  Eg har brukt to lag Coffee Love over eit lag MakeUpStore AquaFix (eit must under holografiske lakkar), med eit lag Sally Hansen på toppen. Ein kan sikkert komme unna med eitt lag over ein generisk brun kremlakk (t.d. Elf - Smoky Brown, OPI - You don't know Jaques etc. ) om ein vil spare på herlegheita.


Beklager forferdeleg bakgrunn på det første bilete, samt at lakken har flassa litt av på den eine tuppen, men til mitt forsvar var eg på ferie og hadde korkje tid eller ork til å lakke om kvar dag. Som hololakkar flest, er han definitivt penast første dagen, etter det begynner dei ofte å flasse ganske fort. Og i motsetnad til Depend Sand Grey, liker ikkje Coffee Love bading. For betre bilete, sjå t.d. Sminkan sine bilete.

Eg har kjøpt mitt eine eksemplar hos NinjaPolish for $15.50 pluss frakt, og det andre til €9 i ein liten neglelakkbutikk eg fann no då eg var i Syden. Gjett om eg var glad då eg fann han!!

fredag 19. oktober 2012

Depend - Sand Grey


Uff, no blei det litt lenge sia forrige innlegg, men eg har ei god unnskyldning - eg har nettopp kommi heim frå haustferie. Og sia eg ikkje har nokon lang bloggkarriere å skryte av, har eg dessverre ikkje opparbeida meg noko arkiv med innlegg som kan publiserast når eg er borte. Jaja.. Til gjengjeld har eg vært i solrike Syden, og har fått brukt mange av hololakkane eg aldri fekk full glede av under den bergenske sommaren.

Dagens lakk er Depend Sand Grey (#2026) frå den holografiske sommarkolleksjonen deira. Det er ein lys, dus beigegrå lakk med middels svak, spredt (scattered) holografisk effekt. Fargen er skikkeleg sandgrå, synd at eg berre var på rullesteinsstrand den dagen eg tok bilete. Han er utruleg flott i sola; nøytral, men med litt blingeffekt. For dei som må gå med nøytrale lakkar på jobb er denne perfekt utan å vera keisam.


Sand Grey er veldig tynn og lite pigmentert, eg må i alle fall ha tre tjukke lag for at det skal blir pent, helst fire. På bileta har eg i staden to lag Sand Grey over eitt lag OPI French quarter for your thoughs, og det såg akkurat likt ut som fire lag med Sand Grey aleine. Som overlakk har eg Sally Hansen Diamond Flash Fast Dry Top Coat (puh!) som ikkje dreper holoeffekta nemneverdig.

Som lakk på mine negler generelt, og som hololakk spesielt, hadde lakken ei utruleg god holdbarheit. Bilete er tatt på dag 3, og trass bading tre gonger om dagen, fjellturar, handling etc., har han ikkje flassa av på tuppane. Utruleg imponerande!

Flaska er lita, berre 5 ml, og varer dessverre ikkje lenge om ein ikkje bruker basefarge under lakken. Eg har kjøpt Depend Sand Grey på SparKjøp til 49,- (dei har han framleis inne), men eg veit at det er mogeleg å få tak i han på nett til rundt halve prisen pluss frakt.


PS: Oj, dette blei visst min Holofredag-debut. Eg lover å følge opp neste veke.

onsdag 10. oktober 2012

OPI - Every month is Octoberfest

 OPI Every month is Octoberfest, utan blitz. Sjå det flotte oransje skimmeret!


Eg har allerede vist fram den eine lakken min frå OPIs Tysklandskolleksjon, German-icure by OPI, og her kjem den andre, Every month is Octoberfest. Eg har samanlikna dei her, om nokon er interesserte.

OPI Every month is Octoberfest er ein djup raudlilla skimmerlakk. Lakken har ein indigofarga base (der German-icure var brun), men med same(?), raude skimmer. Også her skin skimmeret i fleire fargar, men det gulloransje skjæret ser ein best i lampelys. I dagslys ser han mørkelilla ut, i sola ser ein tydeleg at det er skilnad på basefarge og skimmer. Det blir nestan som om lakken gløder i midten, for så å mørkne mot indigå ut mot sidene. Det er så vakkert at ein blir heilt ør. Every month is Octoberfest er nok den vakraste lakken eg eig, forutan nokre av hololakkane mine. Eg har allerede kjøpt to til å ha i bakhand, for denne blir garantert brukt opp. 

På bileta har eg brukt to lag Every month is Octoberfest, med eitt lag Seche Vite overlakk. Lakken er ein draum å legge, og om ein brukar tjukkare lag enn eg gjer, kjem ein sikkert unna med eit lag. 
 OPI Every month is Octoberfest, utan blitz (beklagar at bilete blei litt uklart)

OPI Every month is Octoberfest, med blitz
OPI Every month is Octoberfest, med blitz

mandag 8. oktober 2012

Chanel - April

Chanel April, med blitz

Chanel April, med blitz

Chanels vårkolleksjon besto av tre lakkar, April, May og June. Eg likte April veldig godt, men fekk meg aldri til å kjøpe han til fullpris (ca. 240 kr i norske butikkar). Så då eg fann lakken til under hundrelappen på bomkjøpmarknaden på forumet til Heidi Øksendal, slo eg til.

Chanel April #533 er ein bringebærraud kremlakk, fargen ligg midt mellom raud og rosa. Han er ganske nøytral i fargen, men heller kanskje litt mot varme undertoner. Lakken er litt dempa i fargen, absolutt ikkje skrikande neon som har vært det store no i sommar, men er framleis klar og fin. På meg dekkar April fint med to lag, men ein bør bruke overlakk for å få han fin og blank. Eg liker han veldig godt, og kjem nok til å bruke han eindel utover hausten - det er ein typisk haustfarge og han kunne like gjerne ha heitt September.

lørdag 6. oktober 2012

German-icure by OPI vs. Every month is Octoberfest


Å, eg elskar både German-icure by OPI og Every month is Octoberfest, og det er ikkje lett å bestemme seg for kven av dei eg liker best. Dei ser veldig like ut i flaska, og då eg fekk dei i posten trudde eg at eg hadde fått to like lakkar, sjølv om dei hadde ulike namn. For dei som ikkje veit det, så har det vært mykje surr med namna på desse to etter at eindel svenske bloggarar fekk tilsendt kolleksjonen kor desse to var feilmerka. Eg ville ha begge to, så for meg var det ikkje eit problem, men for dei som hadde bestilt ein av dei etter bloggaranes bilete av dei, var det jo veldig keisamt.

Så for å oppklare ein gong for alle:
Every month is Octoberfest ser mørkelilla ut, og har mørk indigofarga base med raudt skimmer.
German-icure by OPI ser djupraud ut, og har ein mørk brunraud base med raudt skimmer



Eg har tatt bilete av lakkpinnane mine ved siden av kvarandre, så de ser skilnaden på dei to ganske godt. Om de ser nøye etter nederst på lakken, ser de at basen i EMIO er indigo, medan GbO har brun base. På neglane har eg for øvrig German-icure by OPI. Kven av dei to synast de er finast? Eller kanskje de også treng begge?

PS: Eg har prøvd Every month is Octoberfest også, men bileta blei så dårlege at eg må gjera det om att. Eg hadde tenkt til å vente til det blei sol, men slik som vêret i Bergen er no om dagen, må eg nok vente til våren. Eg forsøker likevel igjen til veka.


torsdag 4. oktober 2012

OPI - German-icure by OPI

Her er andre utgåve av "bruk alle dei nye lakkane som er lagt rett i skuffen"-utmaninga. Dagens lakk er German-icure by OPI frå OPIs haustkolleksjon. Det var utruleg mange lakkar i den kolleksjonen eg hadde lyst på, men eg endte opp med berre to; denne og Every month is Octoberfest. Eg elskar raude, mørke skimmerlakkar, så det var ikkje akkurat overraskande at desse to måtte bli mine. Heile kolleksjonen kan du til dømes sjå her eller her.

German-icure by OPI er ein mørkeraud skimmerlakk - med raudt skimmer i ein mørkebrun base. Han legg seg tynt og ujamnt i første laget, men dekker fint på to lag. I dagslys ser han ut som ein vinraud skimmerlakk, medan sterkt lampelys, sol eller blitz gjer han mykje raudare og meir brunaktig. I sollys kan ein sjå at skimmeret er duokromt og går frå magenta til gull/oransj via raudt, men i vanleg lys ser ein nesten kun det raude. Eg elskar denne lakken uansett, og han er nok blant dei aller vakraste lakkane eg har. *sukk*.

Om du likar mørke, vampete lakkar, er denne definitivt noko for deg. Eg har kjøpt min på Transdesign, men han finnast også i engelske nettbutikkar som Beautybay. Eg veit at Kicks parfymeri har ført tidlegare OPI-kolleksjonar, men eg har ikkje sett Germany-kolleksjonen i norske butikkar. Nokon som veit?

På bileta har eg to lag German-icure by OPI, og eitt lag Seche Vite overlakk. Dei to første bileta er tatt i dagslys, dei to siste er tatt med blitz.