søndag 31. mars 2013

Zoya - Chyna

Zoya Chyna, i sola

Zoya er eit av merka som har kasta seg på trenden med ruglete neglelakker, altså neglelakker med tekstur i yta. Av andre slike lakkar har eg berre prøvd Catrice sin Steel my heart, men grunnen til at eg ikkje likte den var heller fargen enn teksturen. No står altså eit par av lakkane frå Zoyas PixieDust-kolleksjon for tur.

Zoya Chyna er ein kald, blodraud lakk med litt lysare raude skimmerpartiklar. Ved første strøk ser han nestan rosa ut på neglane, men han blir raskt djupraud når han tørkar. Dette er virkeleg min type farge - blodraudt har alltid vært min favoritt, sjølv om eg veit at veldig mange i neglelakkverda er meir glad i andre farger. Bileta over er kanskje litt for varme i fargen, på bilete under er fargegjengjevinga betre.


Chyna er tydeleg mørkare tørr på neglen enn i flaska, men det synast eg berre er pent. At det er litt fargeforskjell mellom basefargen og skimmeret, synast eg heller ikkje gjer noko, etter mi meining får det fram skimmeret betre. For å få ei matt yte, slik som her (ThePolishAholic), bør ein bruke minst to lag. Med berre eitt lag blir han ikkje ordentleg matt (slik som dette (Manicurator), sjølv om ho har brukt to lag.). Han dekker ikkje spesielt godt, så for å få han opak utan å bruke for mange lag, bør ein nok bruke ein farga lakk under. Eg brukte to lag med Chyna over eitt lag Maybelline Rouge Profond.

I fargen på base og glitter er Zoya Chyna veldig lik Nubar Ruby Red Glitz, som eg også har.  (Dette gjeld også CG Ruby pumps, Orly Star Spangled etc.) Yta er dog heilt forskjellig, og sjølv med ein matt overlakk på Ruby Red Glitz ser dei veldig ulike ut. Eg skal få tatt nokre samanlikningsbilete av dei seinare. Men det eg kan seie er at om du liker Ruby Red Glitz, vil du også, som eg, elske Chyna.

Zoya Chyna, one of the trendy textured vanishes this spring. Chyna is a pretty, cool-toned deep red with a tad lighter red shimmer. This is simply gorgeous.

onsdag 27. mars 2013

Nye lakkar frå NorwayNails

Oj, endå fleire lakkar i posten! Det har blitt litt vel mange nyinnkjøp i det siste. Eg har som mål om å ikkje overskride 200 lakkar (sett bort frå overlakkar, behandlingslakkar etc.), så no må eg vel begrense meg litt framover. Men først skal eg glede meg over dei fine lakkane eg nett har fått, og dei nye ni som kjem frå Nailsupplies om ikkje lenge. Nokon som kjenner seg att?

I alle fall så la eg inn ei lita bestilling hos Wenche for ikkje lenge sia i samband med noko anna ho hadde skaffa meg, så då endte eg opp med desse fire lakkane: Zoya Chyna, Zoya Dahlia, ManGlaze Fatty's got more blood og Darling Diva Space Beetle. Er dei ikkje fine?



More new polishes:  Zoya Chyna, Zoya Dahlia, ManGlaze Fatty's got more blood and Darling Diva Space Beetle. 


søndag 24. mars 2013

CND - Crimson sparkle



CND - Crimson sparkle (over A England Camelot)

Supersnille Frida (tusen takk!) på det norske neglelakkforumet neglelakk.net/forum var så snill å kjøpe inn ein heil haug med CND-lakkar til meg. CND er eit merke eg eigentleg ikkje har hatt noko spesielt høve til, anna enn at dei er eit typisk salong-merke. Eg som aldri har vært i neglesalong har jo sjølvsagt ikkje peiling, men etter å ha sett så mange fine bilete av effekt-lakkane deira, tok eg sjansen. Lista over dei CND-lakkane eg kjøpte kan du sjå i lista over lakkane mine - berre sei ifrå om det er nokre spesielle du vil sjå bilete av.

Her har eg på CND Crimson sparkle over eitt lag A England Camelot (som alltid). Crimson sparkle er ein overlakk med rosa/raud/koppar/gull-farga skimmer. Skimmeret skiftar farge etter vinkelen ein ser neglen i, men det ser mest raudrosa ut. Effekta minnar meg om NYX Deep Space, som eg har hatt leeeenge, men ikkje vist her på bloggen. Crimson sparkle var utruleg lett å legge og hadde ein kjempegod kost. Dersom dei neste CND-lakkane er like gode, blir eg mildt sagt veldig imponert. Det er berre så synd at det ser så dårleg utval i "vanlege" lakkar.

CND Crimson sparkle over A England Camelot. The multicrome crimson/red/golden/copper shimmer looks amazing on the nails, and the application was flawless. 

onsdag 20. mars 2013

Festneglar: A England - Camelot og H&M - Confetti kisses


A England Camelot og H&M Confetti kisses

Her om dagen var eg på ein strålande fest, og følgeleg var eg nødd til å ta strålande festneglar. Eg var inspirert av Helene på Heidi Øksendals sminkeforum (i tråden Dagens negler, for de som er der), og endte opp med ein svart og sølv-farga glitterkombinasjon.

Eg har brukt eitt lag av den svarte favoritten min, A England Camelot, og eit ganske tjukt lag med H&M sin Confetti kisses inst ved neglerota. Dessverre var glitterlakken ganske tjukk, så lakken blei litt ujamn på neglen, men det var det heldigvis ingen som så på dansegolvet. Bileta er tatt på sundagen, så neglene er ikkje akkurat i tipp topp stand, men de skjønner teikninga.

Heile "manikyren" tok meg kanskje 10 minutt, og eg blei veldig nøgd - dette skal eg gjera igjen. Kva synast de, er dette noko de kunne gått med?

Saturday night party manicure, using one coat of my all time favorite creme varnish A England Camelot, and some of H&M Confetti kisses dabbed on at the lower half. The whole manicure took me 10 minutes, and I have to say that I think it looks great.

lørdag 16. mars 2013

Storinnkjøp frå CND

CND: Blackjack, Copper shimmer, Crimson sparkle, Emerald shimmer, Jade sparkle, Raspberry sparkle, Sapphire shimmer og Scarlet shimmer.
Sjå kva som dukka opp i postkassa mi her om dagen, ein heil haug med effektlakkar frå CND! Eg gler meg til å prøve alle. Noko spesielt du vil sjå først?

CND haul!

onsdag 13. mars 2013

Color Club - Alter Ego


Color Club - Alter ego
I dag har Color Club Alter Ego på neglane, ein lilla folielakk (foil) med gullskjær. Han er absolutt ikkje duokrom, heller lilla og gullfarga på ein gong. Eg føler meg utruleg glamorøs når eg har denne på neglane. Sjølv om det er mykje gull i han, så er han kald i fargen - noko eg set stor pris på. Fingrane mine ser ofte gustne ut når eg bruker varme eller gul-tona lakkar.

Alter ego er lett å legge, men treng to, helst tre, lag for å dekke ordentleg. Han tørkar litt ruglete på grunn av alt skimmeret, så ein treng overlakk. Dessutan tørkar han litt treigt, så eg anbefaler definitivt å bruke ein hurtigtørkande overlakk. Eg har, som vanleg, brukt Seche Vite på toppen.

Color Club Alter Ego, a cool-toned purple foil with golden shimmer. So glam! Even though it has some drying issues, this is an excellent varnish.

søndag 10. mars 2013

Layla Coral Glam vs. MUS Madeleine

F.v. Layla Coral Glam og MUS Madeleine
Eg sa jo at eg skulle samanlikne Layla Coral Glam og MUS Madeleine, og for ein gong skuld har eg faktisk gjort det ganske kjapt. Men det blei jammen ikkje lett å sjå kor like dei er, for Madeleine er så holografisk at ein ser ikkje grunnfargen, berre regnbogen. Så eg legg ved to bilete av lakkane på neglane, slik at ein betre ser skilnadene.

Madeleine er tydeleg meir holografisk, og effekta er meir lineær enn Coral Glam. Fargen på lakkane er også ulik; Madeleine er kaldare, meir beige-rosa, medan Coral Glam er, ikkje overraskande, meir varm korallrosa. Personleg synast eg Madeleine kler min hudtone mykje betre enn Coral Glam, og han dekker også på eitt lag mindre. Sjølv om Coral Glam er lettare å legge, så er Madeleine definitivt favoritten. Eg har allerede kjøpt inn ein å ha i bakhand, og han kostar ca. 130 kr i MakeUpStore-butikkane.

Comparison of Layla Coral Glam and MUS Madeleine. Of the two, Madeleine is my definite favorite.

Layla Coral Glam
MUS Madeleine

torsdag 7. mars 2013

Nye, multikrome lakkar!

F.v.: Hits Speciallità Dreamer og Unconventional, CrowsToes Maia, Asterope, Taygete og Merope.
Etter å ha sett Sminkans fantastiske bilete av CrowsToes Pleiades-lakkane, var eg heilt nødd til å skaffe meg nokre av dei. Så eg tok turen innom Llarowe, og endte opp med Maia, Taygete, Merope og Asterope. I tillegg fann eg nokre fantastiske multikrome lakkar frå Hits Speciallità sin Mari Moon-kolleksjonen.

Eg forstår virkeleg ikkje kvifor eg ikkje har skaffa meg desse før. Men no er alle desse skjønheitene mine, og av Hits Speciallità Dreamer har eg faktisk kjøpt fire stykk. Han er den vakraste lakken eg eig! Eg veit ikkje om eg tør å legge ut bilete av han, men medan eg lurar, kan de jo kose dykk med Sminkans bilete av han  her.

NB! Eg såg nett at Llarowe var utselde for Dreamer, eg kryssar fingra for at han kjem attende.

My new, awesome multicromes from CrowsToes and Hits Speciallità. I bought them at Llarowe.com.

mandag 4. mars 2013

Nesten nakne neglar: No. 7 - Practically perfect


No. 7 - Practically perfect

Det er ikkje ofte eg ber nakne negler, og om eg gjer det, juksar eg ofte litt og brukar ein lys jelly-lakk for å skjule at neglane mine er litt misfarga av alle dei mørke lakkane eg brukar til dagleg.

Her har eg No. 7 Practically perfect frå Boots apotek. Det er ein lys beige jelly-lakk, og han treng maaaaange lag for å dekke ordentleg. Men stort sett vil ein jo berre ha ei mjuk, halv-opak effekt, og då treng ein ikkje like mange lag. På bilete har eg fire lag. Han legg seg veldig fint og ikkje skjoldete i det heile. Men eg synast ikkje neglane blir så fine med mange lag lakk, dei blir litt tjukke, litt som akrylnegler. Nei takk!

Eg tenker å erstatte han med ein av jellyane frå OPIs NYC Ballet-kolleksjon som ikkje treng like mange lag, truleg den lyse, beige Barre My Soul eller den rosa-tona You Callin' Me A Lyre? Beigefargen på Practically pefect får neglane mine til å sjå bittelitt oransje ut, så eg lurer på å velge You Callin' Me A Lyre?. Nokre forslag?

Ver vennleg å oversjå den forferdelege langfingerneglen min, eg klarte å komme borti den blå ullgenseren min før han hadde tørka, så han er full av små, blå fjon. Eg var på veg ut døra, så eg rakk ikkje å lakke om att. Jaja...

Something quite unusual on my nails: a sheer, nude jelly. This is No. 7 Practically perfect from Boots. The application is flawless, but I needed 4 coats to build up the coverage on the photos above, and it is still not near being opaque. I will probably buy one of the OPI NYC Ballet-varnishes to replace this one. 

fredag 1. mars 2013

MUS - Madeleine



MUS Madeleine
I dag er det endeleg holo-fredag igjen! MakeUpStore (MUS) er kjende for å ha nokre av dei flottaste holografiske lakkane som finnast, sjølv om kvaliteten varierar litt frå parti til parti, men alle partia er betre enn det meste anna ein får tak i. Madeleine er ikkje eit unntak.

MUS Madeleine er ein kald beige-rosa, holografisk lakk. Den holografiske effekta er lineær, og så sterk at ein nesten ikkje ser fargen i sol eller innelys. Eg har ikkje ord for kor vakker denne lakken er, og lar bileta tale for seg. Eg har for øvrig brukt to lag Madeleine over eit lag MUS Aquabase, som er heilt naudsynt for at lakken skal legge seg pent. Som overlakk har eg Sally Hansen Diamond flash top coat.

MUS Madeleine minner litt om Layla Coral glam, eg skal få lagt ut ein samalikning av dei to seinare.

MUS Madeleine is one of the prettiest, most intense holographic varnishes I own. The colour is a cold-toned beige-pink, but one can hardly se the colour because of the awesome linear holographic effect. I L-O-V-E IT!