søndag 28. april 2013

Superenkelt teip-design

Tippane på China Glaze Gussied up green blei ganske stygge alt etter ein dag, så eg tenkte å pynte litt på dei slik at eg kunne bruke lakken nokre fleire dagar. Det eg gjorde var å ta ein tynn teipbit frå ein manikyrteip-rull (slik som dette) og la over negletippane i kryss. Deretter la eg eit lag Color Club Worth the risque på tippane (eg eig dessverre den lite holografiske versjonen), og så fjerna eg teipen. Superenkelt, og eit lekkert alternativ til vanleg fransk manikyr.

Kva synast de? Blei det stilig, eller berre rart?


I made a super easy tape manicure, using China Glaze Gussied up green, Color Club Worth the risque and striping tape. A funky take on the regular French manicure.

torsdag 25. april 2013

China Glaze - Gussied up green


China Glaze Gussied up green, i sola

China Glaze Gussied up green er ein av dei andre lakkane eg har frå den legendariske Rodeo Diva-kolleksjonen frå vel fem år tilbake, og som mellom anna inneheldt ein av favorittlakkane mine, Side-saddle.

Gussied up green er som namnet antyder ein særdeles fin, grøn skimmerlakk. Men ikkje nok med det, han har også ein tydeleg blå/grøn duokrom effekt. Effekta er nestan like bra på neglane som i flaska, sjølv om eg ikkje klarte å fange det på bileta mine. Den blå tonen kjem best fram i dagslys utan sol, men da blei bileta for mørke og kornete - dessverre. I sola ser han mest skogsgrøn ut, medan han blir kald blågrøn i kunstig lys. Han er rett og slett heilt nydeleg, og det kjem frå ei jente som eigentleg ikkje er spesielt glad i grønt.

Eg er jo som sagt veldig opptatt av farger og språk, og dette er den perfekte teal-grøne lakken. Mange bruker begrepet teal om turkis-blått, men det er jo heil feil. Namnet teal kjem frå anda "Common teal" (på norsk: krikkand), som er (blå)grøn på hovudet og ser sånn ut:

Bilete frå duckcommander.com
Dessverre er lakken ganske vrien å legge. For det første er han ganske tyntflytande, så ein må passe godt på for å ikkje "oversvømme" neglebanda. Dessuten tørkar han svært seint. Første gong eg brukte han la eg to lag og toppa med SV, men då tørka han aldri - tre timer seinare kunne eg fortsatt skrape bort lakken lett som berre det. Neste gong lot eg lakken tørke ekstra godt mellom dei to tynne laga eg la, og så avslutta eg med Nails Inc Kensington Caviar top coat, og då gjekk det sånn passeleg bra. Gussied up green er altså ikkje vener med Seche Vite.

China Glaze Gussied up green is a pretty duocrome green/blue varnish - but oh, such a pain to paint with. It flooded my cuticles and simply never dried. Still, how can I not love it, when the colour is so amazing.


China Glaze Gussied up green, i dagslys

fredag 19. april 2013

Zoya - Dahlia

Zoya Dahlia er ein av PixieDust-lakkane frå Zoya, den andre eg har forutan raude Zoya Chyna som eg viste fram her på bloggen for nokre veker sia. Eg blei stormforelska i Chyna og er mildt sagt ikkje mindre begeistra for Dahlia.


Zoya Dahlia, i sola
Zoya Dahlia er altså ein svart glitterlakk som tørker til ei matt/ru yte. Basefargen er svart, eller kanskje koksgrå, og er tettpakka med masse sølvglitter. Derfor ser han ganske grå ut på neglen, utan at det plagar meg. Dei to PixieDust-lakkane eg har dekker ganske dårleg, så eg la eit lag svart lakk under to lag med Dahlia for at han skulle bli meir opak. Derfor kan det hende at han eigentleg er litt mørkare på mine bilete enn aleine.

Dette er nok ein av dei finaste lakkane eg har prøvd på lenge (og eg har prøvd maaaange lakkar i det siste) - ein definitiv favoritt hos meg! Han har glitter utan å vera for fest-aktig, er mørk utan å vera for svart, og er nøytral absolutt utan å vera kjedelig. Eit must!

Zoya Dahlia is my second PixieDust-varnish, and I absolutely love it.
Glittery, but not too much; dark, but not too black; neutral, but not at all boring. An absolute must!

Sjå kor flott han glitrar i sola.

I dagslys

tirsdag 16. april 2013

NinjaPolish - Divinity

I dag skal eg vise dykk ein heilt fantastisk lakk! (Ja, eg veit eg seier "fantastisk" mykje, men denne lakken fortener det fullt ut.) NinjaPolish er ein nettbutikk for neglelakk som sel m.a. Layla, Hits, GlitterGal, Jade ++ og andre merke som ikkje er lett tilgjengelege i Norge. I tillegg har dei eit eige merke, NinjaPolish (duh!).


NinjaPolish Divinity
NinjaPolish Divinity er så utruleg kompleks, eg klarer nesten ikkje å forklare. Basefargen er lilla, fullpakka med multikromt skimmer i raudt/kobber/gull/grønt/turkis, sjølv om det er vanskeleg sjå det turkise på neglane. Eg trur aldri eg har sett noko liknande, Divinity er virkeleg heilt guddommeleg. Internett seier at lakken liknar på den legendariske Clarins 230, men den eig eg dessverre ikkje, så eg kan ikkje samanlikne dei.

På bileta har eg tre lag, og det dekka fint på ordentleg, men på bileta ser det litt tynt ut.  Det er sikkert greit å bruke eit lag blå/lilla lakk under i staden, for han er ganske lite opak. Eg måtte bruke masse forskjellig lys for å få fram fargene, og sjølv om det blei litt rotete, ser de i alle fall fargeskiftingane.  Sjekk for øvrig ut dei nydelege bileta til Pointless Café.

NinjaPolish Divinity is an awesome purple polish packed with multicrome red/copper/golden/green shimmer. Truly divine!

Burgunder
Kopper
Raudt og lilla
Grønt
(Det var vanskeleg å få vist det grøne på bilete, men her skjønner de kanskje kva eg meiner.)


lørdag 13. april 2013

China Glaze - Up all night

Det har blitt litt dårleg med blogging i det siste, men eg har utruleg mykje å gjera på jobb om dagen, og etter tolv timar på jobb orkar eg ikkje sette meg ned med bileteredigering og innleggsskriving. Men no er det endeleg helg og tid for avslapping, fotball, vin og neglelakk!


China Glaze Up all night
I dag har eg på Up all night frå China Glaze,  ein mørk kongeblå skimmerlakk. Lakken mørknar mot kantane, noko eg synast er fantastisk fint og gjev skikkeleg dybde til fargen. Sjå korleis han nesten gløder (i den grad det kan gløde blått). I skuggen ser han nesten svart ut, men berre nesten.

Han er superlett å legge, og eg har brukt to lag pluss overlakk på bileta mine. Eg tok bileta tredje dagen (tre dager med same farge!), så han er litt slitt på tuppane, men det er ikkje påtakeleg når ein ser neglane i levande live. Kva synast de om fargen? Blått har aldri vært heilt meg, men eg liker det betre og betre med tida.

China Glaze Up all night, a pretty dark royal blue shimmer. I love the depth of this one. 
Please ignore the tip wear, I took the photos after wearing it for three days.

tirsdag 9. april 2013

ManGlaze - Fatty's got more blood

ManGlaze Fatty's got more blood, i sola
ManGlaze er eit merke eg har høyrt utruleg mykje bra om, men ikkje prøvd sjølv før no. ManGlaze er visstnok eit lakkmerke for menn, men alle som liker kule, mørke, litt rocka(?) lakkar kan sjølvsagt bruke dei. Mange (alle?) av ManGlaze-lakkane er matte, og det gjeld også den eg viser dykk i dag.

ManGlaze Fatty's got more blood er ein matt, vinraud lakk med mikroskimmer i sølv og alle moglege farger om ein ser nøye etter. (Sjå til dømes The TraceFaces flotte bilete av han.) Er han ikkje fantastisk? I skuggen ser ein ikkje mikroskimmeret, slik at lakken får ein fløyelsmatt yte. Eg klarer ikkje bestemme meg for om eg liker han best i sola eller i skuggen, han er så vakker uansett.


Lakken dekka ikkje så veldig godt, og eg trengte tre lag for å få han til å dekke ordentleg. Men det går sikkert bra med eitt eller to lag av han over ein raudlilla lakk. Ingen overlakk, sjølvsagt. Eg kjøpte lakken hos NorwayNails.

ManGlaze Fatty's got more blood is a matte blue-toned burgundy varnish, which I bought from NorwayNails. Mattes are my second favorite finish (after holographics, of course!), and this one is so pretty.

ManGlaze Fatty's got more blood, i dagslys

lørdag 6. april 2013

Darling Diva - Space Beetle

Darling Diva Space Beetle over A England Camelot

Uff, no er det lenge sia eg har fått vist dykk noko nytt. Eg har vært på påskeferie, og etter at eg kom hjem har det vært jobbing, jobbing, jobbing, men no er det endeleg (heldigvis) helg. Dette innlegget skulle eg eigentleg fått lagt ut i går i anledning holofredag, men eg var så sliten etter jobb at det blei hololaurdag i staden.

Darling Diva Space Beetle er ein multikrom, holografisk lakk som er nesten umogleg å beskrive. Basefargen er lys grågrøn med skimmer som skiftar mellom grønt-gult-oransje-koppar-raudt-rosa. I tillegg er han holografisk, det synast best i sola eller i kunstig innelys. Kanskje ikkje overraskande er det veldig vanskeleg å ta gode bilete av han, og det er heilt umogeleg å få fanga alle fasettane. Men om ein tenker seg fargen på ein bille i sola, er det kanskje det nærmaste ein kjem?

Effekta er litt lik A England-lakkane som er både duokrome og holografiske (Dragon (grøn/bronse), Ascalon (grøn/lilla)), men der er det lakken, ikkje skimmeret som er duokrom, og den holografiske effekta er meir spredt.

Eg har brukt eitt lag Space Beetle over A England Camelot, og synast det blei veldig fint. Men eg skal prøve han over ein lys grå lakk seinare, det trur eg blir minst like lekkert.

Darling Diva Space Beetle, a light green multicrome and holographic polish.

I sola



I skuggen (grusomme bilete, men ein ser i alle fall fargeskiftningane.)



I sola