mandag 24. juni 2013

Misa - Heaven White og Maybelline - Chalk dust

Her kjem nok ein svart/kvitt-manikyr - denne er eg (også) veldig nøgd med. Eg har openbert ikkje så høge krav, men det viktigaste er jo at ein er nøgd sjølv, ikkje at neglebanda er perfekte.


Misa Heaven White og Maybelline Chalk dust

På neglane har eg Misa Heaven White, med den nye Maybelline Chalk dust innst ved neglerota, og eit lag SV over. Misa Heaven White er ein kvit kremlakk som eg har fått anbefalt av fleire, men eg er ikkje spesielt begeistra. Han striper seg, så ein treng i alle fall to lag for at det skal sjå greit ut. I tillegg er han tjukk og vanskeleg å legge, pluss at kosten er grusomt bustete. Heaven White er altså ikkje ein favoritt her i garden, og eg held fram jakta på den perfekte kvite kremlakken. Om du har tips, tar eg imot med glede.

Sjå det fine glitteret!

Maybelline Chalk dust er ein glitterlakk frå Maybellines Polka Dots-kolleksjon. Lakken består av svarte og kvite glitterpartiklar i ein blank base. Glitteret er ganske smått, ca. 0,5mm - 3 mm, og stort sett heksagonalt, så han er veldig lett å legge. Kven skulle trudd at Maybelline kom med noko så bra? Chalk dust kjem til å bli mykje brukt framover, det er eg sikker på. Dessutan kostar han berre 50 kr for 9 ml, det er ganske bra med tanke på dei vanlege neglelakkprisane i norske butikkar. 

More black&white manicures for you:
Here I have two coats of the not-so-awesome-but-sure-streaky Misa Heaven White, with Maybelline Chalk dust dabbed on top. Super easy manicure, and the Maybelline varnish surely is a treasure. That one will be used a lot this summer. 

fredag 21. juni 2013

Darling Diva - Shadow puppets

Hei igjen! Takk til alle saman som har stukki innom bloggen i dei siste vekene medan eg har hatt bloggpause. Pausen har dog vært strengt ufrivillig - det har vært heilt texas på jobb og eg har knapt nok hatt tid til å lakke neglane, langt mindre å ta bilete og lage blogginnlegg. Faktisk har eg gått fire(!) dagar utan neglelakk dei siste tre vekene. Det må vera årevis sia sist noko slik har skjedd.

Men nok prat, det er vel neglelakk de er interessert i. I dag har eg ein lekker indielakk å vise dykk: Shadow puppets frå Darling Diva. Det er ein kvit lakk med små og store mangeforma svarte glitterpartiklar: runde, firkanta, heksagonale, stjerner ++. Eg har virkeleg hatt dilla på svart/kvitt i det siste, og Shadow puppets er rett og slett perfekt. Elegant, men likevel morsom. Eg har allerede kjøpt to å ha i bakhand.


Darling Diva Shadow puppets, i sola
Påføringa var god - mykje betre enn ein kan vente frå slike glitterlakkar. Eg dabba på eit lag av Shadow puppets over eit lag Misa Heaven White for å slippe å få altfor mykje glitter på neglen, eg synast det er finast sånn. Men han dekker på to lag aleine, dersom ein vil ha meir djupne i lakken.

PS: Tusen, tusen takk til snille, flinke Gelic' frå Gelic nail art, som gav meg ein Sunshine award. Eg vil svare så snart som råd. Følg bloggen hennar, ho er kjempedyktig på negledekor og har utruleg mykje flott inspirasjon til oss negledekor-amøber.

Hi, and welcome back here after my hiatus. Today I want to show you an amazing indie varnish: Darling Diva Shadow puppets. The black and white combination is so elegant, yet the many-shaped glitter makes it fun after all. LOVE it!