torsdag 12. september 2013

Orly - Rose Pixel



Orly Rose Pixel
Jepp, eg er heilt på teksturlakk-bølga framleis, håper ikkje de er lei enno. I dag har eg Orly Rose Pixel, som er ein rosa-tona lys beige teksturlakk. Lakken består av ein slags metallisk(?) base med skimmerpartikler og litt større glitter - alt i same sølv-rosa-beige farge. Fargen er litt lysare enn huda mi, og eg synast han ser veldig delikat og elegant ut på neglane, samtidig som han glitrar som berre det. Eg har skjønt at andre synast Rose Pixel er kjedeleg, men eg elsker slike nøytrale lakkar med "noko attåt". Denne har blitt ein ny favoritt. Er han ikke lekker?

Lakken dekker fint med berre eit lag, sjølv om ein sikkert kan bruke to for bileta si skuld. Eg har eitt lag Rose Pixel på bileta, openbert utan overlakk. Han tørker saaaaakte, så det er lurt å ha god tid når du lakkar - eg måtte lakke om to av neglane etter å skulle ta på meg sko over ein halvtime etter at eg lakka neglane. Elles så må eg berre kommentere kor utruleg stygg flaska er, blå gummikork - virkeleg?!?

Orly Rose Pixel, a pink toned silvery beige textured varnish. This is exactly my cup of tea, neutral with a twist - and a one-coater. Unfortunately, it does dry very slowly.

tirsdag 10. september 2013

P2 - Confidential (#050)

Eg har vært frykteleg treig med å vise fram teksturlakkane eg kjøpte i sommer, men smått om senn prøver eg å vise dei her på bloggen. Det er som sagt berre å seie ifrå dersom det er konkrete lakker de vil sjå. Dessverre(?) kjem det stadig nye lakkar inn i samlinga, så eg blir nok aldri (heldigvis?) ferdig.




P2 Confidential, i dagslys
P2 Confidential (#050) er ein kongeblå teksturlakk med mangefarga skimmer; eg ser raudt/rosa, oransje, gull, blått, grønt(?) og sikkert meir. Eller kanskje det er skimmeret som er multikromt? Det er ikkje lett å seie. Fantastisk effekt på neglane, i alle fall. Eg har forsøkt å vise det på bileta, nokre i dagslys, nokre i kunstig lys, men eg klarer (som vanleg) ikkje å fange det fantastiske fargespelet i lakken.

Her har eg eitt lag P2 Confidential over eitt lag China Glaze First mate. Eg har prøvd lakken utan underkle, men han dekker så godt at eg ikkje ser nokon fargeskilnad med to lag av P2-lakken eller CG + P2. Strengt tatt bruker eg nestan alltid ein annan lakk under teksturlakkane, då synast eg dei blir mykje lettare å fjerne, i tilleg til at eg sparer på dei verdifulle dråpene. Ein nøytral blå får eg alltids tak i, men teksturlakkane går sikkert av mote snart, og då er det greit å ha litt igjen.

Som sikkert mange har fått med seg, er Confidential 100% lik OPI Alcatraz...rocks frå OPIs haustkolleksjon, sjå til dømes Spector's nails samanlikning. Eg trur ikkje det er så lett å få tak i P2-lakken lenger, men du likevl vil ha han, kan du strekke deg etter OPI-lakken. Han har allerede kommi i norske butikkar (Kicks), og hos Nailsupplies og andre nettbutikkar.

P2 Confidential (#050) is a wonderful navy blue textured varnish with a lot of multicoloured (multicrome?) shimmer. I wore it over one coat of China Glaze First mate, as I feel that layering it eases the removal without tempering with the colour (as Confidential is opaque enough). As you have probably seen, e.g. in Spector's nails comparison, this is an exact dupe for OPI Alcatraz...rocks. Nice, huh? 


P2 Confidential, i kunstig lys