Viser innlegg med etiketten Kremlakk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kremlakk. Vis alle innlegg

tirsdag 27. august 2013

China Glaze - First mate



China Glaze - First mate
Eg har kanskje vist fram First mate tidlegare, men no har eg eit par nyare, litt betre (?) bilete eg tok her om dagen. China Glaze First mate er ein mellomblå kremlakk frå eit par år tilbake. Lakken er svært god å legge, og dekkar glimrande med eitt lag, i alle fall om du er litt  raus med lakken. Fargen heller meir mot grønt enn dei blåfargane eg vanlegvis føretrekker (som Depend 324, som er meir raudtona), men han fungerar veldig godt som underlakk for andre lakkar. Dette er kanskje ikkje den mest spennande lakken eg eig, men det er greit med nokre litt trauste basisfarger også, ikkje sant?

Eg har samanlikna han med H&M-lakken Something blue, og dei er praktisk talt identiske, men eg føretrekker First mate fordi han er betre å lakke med. Eg gløymte sjølvsagt å ta bilete av dei to saman, men skrik ut om eg skal gjera det om att. Han er også svært lik Keeping Suzi at bay frå OPIs San Fransisco-kolleksjon, om ein skal tru Polish Infatuated sine bilete. Eg eig ikkje OPI-lakken, så eg kan ikkje samanlikne dei sjølv.

mandag 20. mai 2013

China Glaze - Fancy pants

Jobb, jobb, jobb, 17. mai, familieferie, pinse og fjelltur - og vips så hadde eg ikkje tid til å poste noko som helst på ei veke. Eg har faktisk knapt nok hatt tid til å lakkere neglane, og gjekk faktisk seks (!) dagar med OPI Barre my soul. Han flassa overraskande nok ikkje av i det heile, men eg blei rimeleg lei av dei same, "nakne" neglene så lenge. Så no er det andre boller i tida framover!


China Glaze Fancy Pants 

Eg fekk spørsmål om å vise Fancy Pants i dette innlegget, så her kjem han. China Glaze Fancy Pants er ein lys indigofarga (=raudtona blå) lakk (på engelsk: periwinkle) med masse rosa mikroskimmer. Skimmeret synast på neglene, men er dessverre nesten umogleg å sjå på bileta mine (beklager!), men det gjev lakken ei fin djupne, og understrekar det lilla i fargen. Ta ein titt på Vampy Varnish sine bilete, det ser du skimmeret betre.

Lakken er ganske tjukk, men  på grunn av det fine skimmeret blir han mykje lettare å legge enn vanlege kremlakkar. Dessverre misfargar han neglane, så no har eg oransje neglar i tida framover. Det blir mørke/sterke sommarlakkar på meg, altså - ikkje lyse, ikkje-opake pastellar. På bileta har eg to lag, med eit lag SV på toppen.

China Glaze Fancy Pants, a lovely periwinkle creme varnish with (almost invisible) pink micro shimmer. It is so pretty, but unfortunately, it stains alot. So no sheer varnishes for me this summer... 

onsdag 13. februar 2013

Depend - 324, og ei samanlikning med Barry M Indigo

Depend #324, han er eigentleg pittelitt meir indigo enn han ser ut på bilete
For lenge sia viste eg fram den nye Depend #324-lakken min, men eg har aldri fått vist korleis han såg ut på neglane. No har eg fått tatt nokre bilete, dog av litt varierande kvalitet, men eg tenkte det var greit å vise dei fram her på bloggen likevel.

Depend #324 er altså ein dus, lys indigofarga kremlakk. Han er gråare og lysare enn til dømes Barry M Indigo (sjå det nederste bilete), men mykje lettare å legge. Bildet rett nedanfor viser fargen best, men han var vanskeleg å fotografere riktig. På ringefingeren har eg for øvrig brukt ein av favorittane mine, H&M Wawawoom

På bileta har eg brukt 2 lag av #324, og då dekker han heilt fint. Flaska er lita og kjem sikker til å bli brukt raskt opp, så eg tenkte å kjøpe meg ein eller to å ha i bakhand. På Cubus sel dei Depend-lakkar for 39 kr for to stykk (5 ml).

Depend #324, a soft indigo blue creme varnish I bought some time ago, but never got to show you, untill now.

Dårleg bilete, men korrekt fargegjevnad

Barry M Indigo og Depend #324

tirsdag 8. januar 2013

Nyinnkjøp hos H&M

Eg gjekk innom H&M her om dagen, og såg at dei hadde ein rekke lakkar på sal til 20 kr, mot normalt 39,50 kr. Kremlakkane til H&M synast eg er gode, spesielt Blue my mind er ein favoritt, og eg tenkte det var greit å hamstre nokre standardfarger. Eg endte opp med Manhunter (svart), Something blue (blå, minner om China Glaze First Mate) og Nerd (gultona beige).
Er det nokre av dei de vil se først? Kva synast de om H&M-lakkane?

A small nail varnish haul at H&M: Manhunter (black), Something blue (blue, obviously) and Nerd (beige).


Beklager elendige bilete, men fargene er i det minste ganske korrekt gjengjevne.


torsdag 22. november 2012

OPI - Skyfall

OPI Skyfall

Den første lakken eg prøvde av dei nye egg fekk i posten på måndag, var OPI Skyfall. Skyfall er ein del av OPIs haustkolleksjon med James Bond-tema, og denne lakken er altså lakken som gjev namn til kolleksjonen. Sånn sett hadde eg forventa ein like meir sprakande eller glitrande lakk, men den gong ei. Dessutan var eg litt skeptisk til påføringa etter å ha lest sprikande vurderingar m.a. hos Sminkan, men lakken fungerte heldigvis mykje betre på meg enn på ho.


OPI Skyfall er ein djup, brunraud kremlakk, skikkeleg burgunderfarga med meir brune enn lilla undertoner, nesten som koagulert blod. Mange synast raudt og burgunder er keisamt, men ikkje eg - eg elskar fargen! Dessverre er han litt vanskeleg å få pen, for sjølv om han flyt godt på neglen, bruker han ei æve på å tørke. Men med mykje tolmod og god hjelp av Seche Vite hutrigtørkande overlakk, gjekk det bra til slutt. Eg brukte to tynne lag, og det dekka heilt flott. Han ville sikkert dekka med berre eitt litt tjukkare lag også, men då ville det nok vært umogleg å få han til å herde.

Sjølv om lakken var litt vrien, er dette definitivt ein lakk eg kjem til å bruke meir i tida framover - for fargen er nydeleg. Og om ein synast han er litt traust, kan ein jo pynte litt med dekorsteinar, stempling eller eit anna mønster? Eg er veldig lite eksperimenterande på negledekorfronten, så eg nøgde meg med ein liten diagonal med svarte steiner på ringfingeren.



OPI Skyfall, a burgundy creme with a brown tint - I love the colour! The formula was great, but it took forever for it to dry. Two thin coats were necessary for it to cover properly.




lørdag 27. oktober 2012

H&M - Blue my mind



 H&M Blue my mind, med blitz (litt for lyst)

H&M Blue my mind (Haha, nice pun) er ein herleg, knallblå kremlakk. Blåfargen vil eg kalle ein rein, lys blå (Brandeis blue på html-språket), og er ein slags lysna koboltblå med litt meir gult i. Fargen er i alle fall fantastisk flott, og eg blir glad når eg ser på neglane mine. Blåfargen er så sterk at han nesten går mot neon, men han er ikkje ein neonlakk, altså. Kameraet mitt ville absolutt ikkje gjengje fargen ordentleg. Dei to øvste bileta er nok litt for lyse, medan det nederste, litt uklare bilete, tatt utan blitz, viser rett farge.

Blue my mind dekker på to lag, eitt lag om du er veldig generøs med laga. Eg brukte Seche Vite over, sjølv om lakken eigentleg var blank nok i seg sjølv. Han var lett å fjerne, men det satte seg litt blåfarge att på neglen, dessverre. Lakken kostar 39 kr på H&M, og dei har han inne no. Eg trur han er i det permanente sorimentet deira.

 H&M Blue my mind, med dus blitz

 H&M Blue my mind, i lampelys (korrekt fargegjengjeving) 

I tillegg til Blue my mind, forsøkte eg meg med nokre små sølvstjerner som dekor. Det blei ikkje veldig vellykka, for stjernene var litt høge, så eg måtte lakke over dei med SV for at dei ikkje skulle henge seg opp i alt mogleg, og då såg det litt kladdete ut. Eg skal prøve igjen seinare, kanskje med eit litt anna design. Dekorsteinane har eg fått tak i hos Bornprettystore, og eg skal vise fram heile settet når eg har fått øvd meg litt.

mandag 8. oktober 2012

Chanel - April

Chanel April, med blitz

Chanel April, med blitz

Chanels vårkolleksjon besto av tre lakkar, April, May og June. Eg likte April veldig godt, men fekk meg aldri til å kjøpe han til fullpris (ca. 240 kr i norske butikkar). Så då eg fann lakken til under hundrelappen på bomkjøpmarknaden på forumet til Heidi Øksendal, slo eg til.

Chanel April #533 er ein bringebærraud kremlakk, fargen ligg midt mellom raud og rosa. Han er ganske nøytral i fargen, men heller kanskje litt mot varme undertoner. Lakken er litt dempa i fargen, absolutt ikkje skrikande neon som har vært det store no i sommar, men er framleis klar og fin. På meg dekkar April fint med to lag, men ein bør bruke overlakk for å få han fin og blank. Eg liker han veldig godt, og kjem nok til å bruke han eindel utover hausten - det er ein typisk haustfarge og han kunne like gjerne ha heitt September.