Viser innlegg med etiketten Sølv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sølv. Vis alle innlegg

fredag 19. april 2013

Zoya - Dahlia

Zoya Dahlia er ein av PixieDust-lakkane frå Zoya, den andre eg har forutan raude Zoya Chyna som eg viste fram her på bloggen for nokre veker sia. Eg blei stormforelska i Chyna og er mildt sagt ikkje mindre begeistra for Dahlia.


Zoya Dahlia, i sola
Zoya Dahlia er altså ein svart glitterlakk som tørker til ei matt/ru yte. Basefargen er svart, eller kanskje koksgrå, og er tettpakka med masse sølvglitter. Derfor ser han ganske grå ut på neglen, utan at det plagar meg. Dei to PixieDust-lakkane eg har dekker ganske dårleg, så eg la eit lag svart lakk under to lag med Dahlia for at han skulle bli meir opak. Derfor kan det hende at han eigentleg er litt mørkare på mine bilete enn aleine.

Dette er nok ein av dei finaste lakkane eg har prøvd på lenge (og eg har prøvd maaaange lakkar i det siste) - ein definitiv favoritt hos meg! Han har glitter utan å vera for fest-aktig, er mørk utan å vera for svart, og er nøytral absolutt utan å vera kjedelig. Eit must!

Zoya Dahlia is my second PixieDust-varnish, and I absolutely love it.
Glittery, but not too much; dark, but not too black; neutral, but not at all boring. An absolute must!

Sjå kor flott han glitrar i sola.

I dagslys

onsdag 20. mars 2013

Festneglar: A England - Camelot og H&M - Confetti kisses


A England Camelot og H&M Confetti kisses

Her om dagen var eg på ein strålande fest, og følgeleg var eg nødd til å ta strålande festneglar. Eg var inspirert av Helene på Heidi Øksendals sminkeforum (i tråden Dagens negler, for de som er der), og endte opp med ein svart og sølv-farga glitterkombinasjon.

Eg har brukt eitt lag av den svarte favoritten min, A England Camelot, og eit ganske tjukt lag med H&M sin Confetti kisses inst ved neglerota. Dessverre var glitterlakken ganske tjukk, så lakken blei litt ujamn på neglen, men det var det heldigvis ingen som så på dansegolvet. Bileta er tatt på sundagen, så neglene er ikkje akkurat i tipp topp stand, men de skjønner teikninga.

Heile "manikyren" tok meg kanskje 10 minutt, og eg blei veldig nøgd - dette skal eg gjera igjen. Kva synast de, er dette noko de kunne gått med?

Saturday night party manicure, using one coat of my all time favorite creme varnish A England Camelot, and some of H&M Confetti kisses dabbed on at the lower half. The whole manicure took me 10 minutes, and I have to say that I think it looks great.

lørdag 16. februar 2013

OPI My boyfriend scales walls og China Glaze Glitz 'n' pieces



OPI My boyfriend scales walls og China Glaze Glitz 'n' pieces

Så, eg sa jo at eg bestilte feil lakk då eg fekk China Glaze Glitz 'n' pieces i posten, men eg lar meg ikkje stogge av sånt. Eg bestemte meg for å prøve han over OPI My boyfriend scales walls, som kom ut i forfjor(?) i Spiderman-kolleksjonen. Kombinasjonen svart/kvitt er ein favoritt hos meg, og litt sølv gjer jo heller ikkje noko.

OPI My boyfriend scales walls er ein kvit kremlakk med gråskjær. Ein ser eigentleg ikkje gråskjæret på neglane, men han er likevel ikkje heilt krittkvit - ein får ein dusare effekt enn til dømes Misa Heaven White. MBSW er utruleg lett å legge, han dekker perfekt med to lag utan å legge seg skjoldete. Anbefalast på det sterkaste!

China Glaze Glitz 'n' pieces er ein glitterlakk med svarte og sølvfarga glitterpartiklar i alle storleiker, samt svarte glitter-"pinner". Sjølv om han inneheld mykje glitter, er han lett å legge. Ein får opp nok glitter med eitt lag, men ein må skyve litt rundt på det for å få det til å ligge pent. Eg brukte to lag Seche Vite på toppen, men måtte nok hatt enno eit lag for å få han heilt glatt.

Fint? Stygt? Indie-kopi? Kva synast de om kombinasjonen min?

Two coats of the awesome OPI My boyfriend scales walls with one coat China Glaze Glitz 'n' pieces layered on top. I adore these kinds of black and white combinations. What you you think?


lørdag 15. desember 2012

Vinternatt-negler


China Claze First Mate og H&M Confetti kisses



No om dagen er det jo faktisk vinterstemning her i Bergen, og eg feirar med ein vinternattinspirert manikyr. Eg har ganske enkelt brukt China Glaze First Mate med eitt lag H&M Confetti Kisses over. Confetti Kisses kjøpte eg faktisk for 10 kr på H&M ein gong, og eg er kjempenøgd med han. Han gir masse glitter med berre eit lag, og tørkar ganske så kjapt. First Mate er eg ikkje så veldig begeistra for, fargen var altfor dus og med for mykje grønskjær for min smak. Det hadde sikkert vært penare med Barry M Indigo eller ein annan djup blå eller indigo, litt meir vinternatt-kjensle. Men han var enkel å legge og eg trengte berre eitt lag.

Winter night inspired manicure using  China Glaze First Mate and H&M Confetti Kisses

lørdag 1. desember 2012

OPI Lucerne-tainly look marvelous vs. OPI Number one nemesis

OPI Lucerne-tainly look marvelous og Number one nemesis, i dagslys
 OPI Lucerne-tainly look marvelous og Number one nemesis, med blitz 

Eg lova å legge ut ei samanlikning av OPI Lucerne-tainly look marvelous og OPI Number one nemesis. Ver så god! Som de ser, har lakkane omtrent den same finishen - LLM er kanskje litt meir folieaktig enn NON. Men fargemessig er LLM tydeleg mykje kaldare, med meir blåturkis skjær enn NON. Min favoritt er Number one nemesis, men eg er veldig glad i dei begge to.

tirsdag 27. november 2012

OPI - Lucerne-tainly look marvelous

OPI Lucerne-tainly look marvelous, med blitz

OPI Lucerne-tainly look marvelous var ein av dei første lakkane eg fekk virkeleg dilla på, og eg er framleis veldig, veldig glad i han. Han var ein del av Swiss collection som kom ut for eit par år sida (for dei som ikkje veit det, så er Lucerne ein nydeleg alpeby circa midt i Sveits). Lucerne-tainly look marvelous er ein mørk, sølvfarga folielakk med mikroskimmer i rosa, grønt og sølv. Sjølv om det rosa og grøne ikkje er særleg framtredande på neglen, gjev det lakken ein tydeleg kald tone samanlikna med liknande lakkar som OPI Number one nemesis. Eg skal få lagt ut samanlikning av dei to lakkane i løpet av dei nærmaste dagane.

OPI LUcerne-tainly look marvelous, i lampelys

Lakken er lett og legge, og han dekker fint med to tynne lag. Han er så ekstremt skinnande og fin at det var vanskeleg å ta gode bilete. Fargemessig er han nok likast seg sjølv på blitzbilete, men ein ser skimmeret best på det nederste utan blitz. På bileta ser ikkje lakken heilt opak ut, men det kan ein ikkje sjå i røynda. Yta er ganske glatt og fint til ein lakk med så mykje skimmer, men eg foretrekk likevel å avslutte med Seche Vite.

OPI Lucerne-tainly look marvelous is a dark silver foil with pink, green and silver shimmer. This is one of the varnishes I first fell in love it. The foil effect is truly marvelous, and it applies smoothly. Pretty! I will show you some comparisons with OPI Number one nemesis in a few days.

mandag 22. oktober 2012

OPI - Number one Nemesis



OPI Number one Nemesis, i lampelys



Number one Nemesis kom ut i OPIs Spiderman-kolleksjon no i år, og er strengt tatt ein kopi av Chanels vakre Graphite. Samanlikningar av dei to kan du til dømes sjå hos Polish Insomniac. Dei er ikkje heilt like, Chanel-lakken er meir glitrande og mindre grøn, men dei var like nok for meg. Eg er vanlegvis ikkje så glad i å kjøpe lakkar som er openberre kopiar av andres kolleksjonar, men for denne gjorde eg eit unntak. Chanels lakkar sit stort set ikkje bra på neglane mine, dei flassar av etter mindre enn en dag. Og sia eg likte fargen på Graphite og vanlegvis er vel nøgd med OPIs lakk-kvalitet, slo eg til på denne då han kom.

OPI Number one Nemesis er ein glitrande, antikksølvfarga (grafittgrå?) skimmerlakk. Det er ein ganske varm sølvfarge med mykje gull og olivengrønt i, i dagslys ser han nesten mest gråoliven ut. Den varme fargetonen skiljer han frå liknande lakkar som OPI Lucerne-tainly look marvelous, som også er sølvfarga, men med ein kaldare, blåturkis tone. Eg skal få lagt ut samanlikningar av dei to etterkvart.

OPI Number one Nemesis, med blitz



Number one Nemesis har ei folieliknande yte, samstundes som ein kan sjå mikroskimmer i alle moglege fargar. Eg kan i alle fall sjå grønt, oransje, gull, rosa og blått, både i sollys og innelys. Vakkert! Eg er svært glad i Lucerne-tainly look marvelous, men Number one Nemesis er om mogleg endå flottare. Han er litt lite pigmentert, og eg må bruke tre lag for å få han til å dekke på mine relativt korte negler. Heldigvis er OPI-flaskene store. Eg kjøpte min på Transdesign til ca. 60 kr inkl. porto.