Viser innlegg med etiketten Grønt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Grønt. Vis alle innlegg

torsdag 25. april 2013

China Glaze - Gussied up green


China Glaze Gussied up green, i sola

China Glaze Gussied up green er ein av dei andre lakkane eg har frå den legendariske Rodeo Diva-kolleksjonen frå vel fem år tilbake, og som mellom anna inneheldt ein av favorittlakkane mine, Side-saddle.

Gussied up green er som namnet antyder ein særdeles fin, grøn skimmerlakk. Men ikkje nok med det, han har også ein tydeleg blå/grøn duokrom effekt. Effekta er nestan like bra på neglane som i flaska, sjølv om eg ikkje klarte å fange det på bileta mine. Den blå tonen kjem best fram i dagslys utan sol, men da blei bileta for mørke og kornete - dessverre. I sola ser han mest skogsgrøn ut, medan han blir kald blågrøn i kunstig lys. Han er rett og slett heilt nydeleg, og det kjem frå ei jente som eigentleg ikkje er spesielt glad i grønt.

Eg er jo som sagt veldig opptatt av farger og språk, og dette er den perfekte teal-grøne lakken. Mange bruker begrepet teal om turkis-blått, men det er jo heil feil. Namnet teal kjem frå anda "Common teal" (på norsk: krikkand), som er (blå)grøn på hovudet og ser sånn ut:

Bilete frå duckcommander.com
Dessverre er lakken ganske vrien å legge. For det første er han ganske tyntflytande, så ein må passe godt på for å ikkje "oversvømme" neglebanda. Dessuten tørkar han svært seint. Første gong eg brukte han la eg to lag og toppa med SV, men då tørka han aldri - tre timer seinare kunne eg fortsatt skrape bort lakken lett som berre det. Neste gong lot eg lakken tørke ekstra godt mellom dei to tynne laga eg la, og så avslutta eg med Nails Inc Kensington Caviar top coat, og då gjekk det sånn passeleg bra. Gussied up green er altså ikkje vener med Seche Vite.

China Glaze Gussied up green is a pretty duocrome green/blue varnish - but oh, such a pain to paint with. It flooded my cuticles and simply never dried. Still, how can I not love it, when the colour is so amazing.


China Glaze Gussied up green, i dagslys

lørdag 6. april 2013

Darling Diva - Space Beetle

Darling Diva Space Beetle over A England Camelot

Uff, no er det lenge sia eg har fått vist dykk noko nytt. Eg har vært på påskeferie, og etter at eg kom hjem har det vært jobbing, jobbing, jobbing, men no er det endeleg (heldigvis) helg. Dette innlegget skulle eg eigentleg fått lagt ut i går i anledning holofredag, men eg var så sliten etter jobb at det blei hololaurdag i staden.

Darling Diva Space Beetle er ein multikrom, holografisk lakk som er nesten umogleg å beskrive. Basefargen er lys grågrøn med skimmer som skiftar mellom grønt-gult-oransje-koppar-raudt-rosa. I tillegg er han holografisk, det synast best i sola eller i kunstig innelys. Kanskje ikkje overraskande er det veldig vanskeleg å ta gode bilete av han, og det er heilt umogeleg å få fanga alle fasettane. Men om ein tenker seg fargen på ein bille i sola, er det kanskje det nærmaste ein kjem?

Effekta er litt lik A England-lakkane som er både duokrome og holografiske (Dragon (grøn/bronse), Ascalon (grøn/lilla)), men der er det lakken, ikkje skimmeret som er duokrom, og den holografiske effekta er meir spredt.

Eg har brukt eitt lag Space Beetle over A England Camelot, og synast det blei veldig fint. Men eg skal prøve han over ein lys grå lakk seinare, det trur eg blir minst like lekkert.

Darling Diva Space Beetle, a light green multicrome and holographic polish.

I sola



I skuggen (grusomme bilete, men ein ser i alle fall fargeskiftningane.)



I sola
 

lørdag 5. januar 2013

Depend - 312

Depend 312

Depend 312
Depend #312 er ein lys gråbeige lakk med lysegrønt(!) skimmer. Fargen er nok likast seg sjølv på det nederstre bilete. Det lysegrøne synast dessverre betre i flaska enn på neglene, men det gjev likevel ein spennande effekt til ein elles "kjedeleg" farge. Eg er generelt glad i fargen og har fleire variasjonar over han, både med og utan skimmer, og eg skal sjå om eg får laga ei samanlikning ein gong.

Lakken er lett å legge, men dessverre litt tynn. Han dekker med 2-3 lag, eg trur eg har brukt 3 lag på dei fleste neglane. Han tørker litt ruglete, så ein treng overlakk. Eg har brukt eit lag Seche Vite på toppen. Lakken kom eigentleg ut i sommar, men eg har sett han i butikkane framleis, så løp å kjøp om du likar denne typen lakk.

Depend #312, a light greige creme with lime coloured shimmer. This one is a pretty palate cleanser with a twist!

søndag 23. desember 2012

Julenegler

Julenegler på venstre hand, med blitz

Julenegler på høgre hand (iiik!), med blitz

Jada, jada, eg veit at circa halve bloggosfæren har lagd juletrenegler i år, men sia det
a) så overkommeleg ut for mitt negledesign-nivå (=veldig nybyrjar),
b) var enkelt og "nøytralt", og
c) kunne varierast med kva farger ein ville,
tenkte eg at dette var noko for meg. Og når sant skal seiast, blei eg ganske så nøgd. Det såg lekkert ut, og eg har fått masse komplimenter frå folk som ikkje les alle neglebloggane og har sett 1000 finare versjonar.

Eg er jo, som de veit, ganske traust av meg, så eg endte opp med gullnegler, ein aksentnegl med juletre (og stjerne!) på venstrehanda og ein med striper på høgrehanda. Eg brukte to lag H&M Wawawoom og China Glaze Glittering Garland på treet. Stjerna var ein del av rhinestone-settet frå Bornprettystore, ho blei grøn fordi eg ikkje hadde nokre gullfarga, og det ville ikkje passe med sølv. Kva synast de, blei det fint (sett bort frå at eg ikkje har fiksa opp rundt neglebanda og at bileta er uklare)?

I, too, tried to make Christmas tree nail art, and I was quite satisfied with the result, bearing in mind that I am not exactly an nail art expert. I love the cold-toned golden Wawawoom from H&M, and China Glaze Glittering Garland is pretty as always.

mandag 10. desember 2012

Essence - Chic reloaded

Essence Chic Reloaded

Chic Reloaded blei med meg heim frå Praha, og eg gleda meg stort til å prøve han etter å ha sett fine bilete av han mellom anna hos Nihrida.

Essence Chic Reloaded er ein mørk koksgrå (?) skimmerlakk med lilla og grøn duokrom effekt. Lakken ser nett ut som oljesøl på neglane, og det er dødsstilig! Eg er ikkje noko glad i turkis, men i i Chic Reloaded er grønfargen akkurat grå nok til at det går greit. Lakken dekker godt med to lag, og var grei å legge trass i at han var litt rennande. Billig var han også, eg betalte vel litt i underkant av 2 € for han.

Eg har ikkje så mange Essence-lakkar, og dette er min einaste lakk med det nye designet. Flaskene er for såvidt fine, og eg liker veldig godt at korken har same farge som lakken. Men kosten er ENORMT svær, sikkert 6-7 millimeter brei og ganske tjukk. Ergo får ein veldig mykje lakk på kosten, som flyter utover negleband og alt blir berre grisete. Lillefingerneglane må eg lakke med kosten "feil" vei, elles er han altfor brei. Gah - dei er jo endå verre enn IsaDora-kostane! Kven i alle dager har funni på dette designet? Eg liker Essence-lakkane veldig godt, men kjem nok ikkje til å kjøpe nokre fleire før dei har endra kostane tilbake til den gamle, smalare typen.

Kva synast de om Chic Reloaded? Kan ein fin farge veie opp for ein fæl kost/ekkel påføring/dårleg lukt etc.?


Essence Chic Reloaded, a charcoal black shimmer varnish with green and purple duocrome effect. It looks like oil spilled on water! The colour is awesome, but I hate the new wide brush and will probably not by any new Essence-varnishes until they change it back.

Den grusomt store kosten

Essence Chic Reloaded

lørdag 29. september 2012

China Glaze - Glittering Garland

Då har eg starta på "bruk alle dei nye lakkane som er lagt rett i skuffen"-utmaninga mi. Først ut er China Glaze sin Glittering Garland. Glittering Garland kom ut i fjor haust/vinter i julekolleksjonen, men eg har ikkje kjøpt han før no. Dette er definitivt ein haust- og/eller vinterlakk, og fargen får meg til å tenke på plastjuletre.

Glittering Garland har ein mørk, juletregrøn basefarge med lysare grøne, små glitterpartiklar. Eg er ikkje heilt sikker på om det er mikroflak, mikroglitter eller ujamnt skimmer, men fint er det i alle fall. I noko lys får lakken eit nestan gyllent skin, utan at eg kan sjå gullfarga glitter med det blotte auget.

Lakken var litt uggen å legge, første lag blei ujamnt - han var på ein måte tjukk, men likevel litt utflytande. Dog var lag nummer to lett å legge, og lakken blei jamn og pen. Dei med lengre neglar enn meg må sikkert ha tre strøk for at han skal vera ugjennomskineleg. Yta blir ganske glatt, ikkje like kornete som med andre lakkar med mikroskimmer/-glitter, men ein treng overlakk for å få han perfekt.

På bileta har eg altså to lag Glittering Garland med eitt lag Seche Vite over. Merk at lakker er pittelitt lysare og grønare i røynda.

China Glaze - Glittering Garland, utan blitz

China Glaze - Glittering Garland, utan blitz
 China Glaze - Glittering Garland, med blitz 


 China Glaze - Glittering Garland, med blitz 
  China Glaze - Glittering Garland, detalj med blitz