lørdag 1. desember 2012

OPI Lucerne-tainly look marvelous vs. OPI Number one nemesis

OPI Lucerne-tainly look marvelous og Number one nemesis, i dagslys
 OPI Lucerne-tainly look marvelous og Number one nemesis, med blitz 

Eg lova å legge ut ei samanlikning av OPI Lucerne-tainly look marvelous og OPI Number one nemesis. Ver så god! Som de ser, har lakkane omtrent den same finishen - LLM er kanskje litt meir folieaktig enn NON. Men fargemessig er LLM tydeleg mykje kaldare, med meir blåturkis skjær enn NON. Min favoritt er Number one nemesis, men eg er veldig glad i dei begge to.

torsdag 29. november 2012

OPI - Tomorrow never dies

 OPI Tomorrow never dies, utan blitz (jada, eg veit at det er ekstremt redigert, men fargen er 100% rett gjengitt)

OPI Tomorrow never dies er den andre (og siste) lakken eg kjøpte frå Skyfall/James Bond-kolleksjonen, Skyfall var den første eg viste fram. Tomorrow never dies er ein blålilla skimmerlakk med nestan metallisk effekt. Fargen varierar i kva lys du ser han i. I dagslys ser han skikkeleg knallblå ut, men innandørs kjem dei djupe lillatonane klart fram. Dette er ein må-stirre-på-neglane-heile-dagen-fordi-dei-er-så-vakre-lakk. Korkje blå eller kalde lillatonar er farger eg vanlegvis brukar, men denne kjem til å bli ein slager i haust. Kanskje han blir årets julebordlakk?

Tomorrow never dies er som sagt metallisk eller frost-aktig, men heilt utan dei sedvanlege stripene. Yta blir heilt strøken, nett som emalje (sjå bilete utan blitz). Han er litt tyntflytande, så ein må fikse neglebanda etter lakkering, men han legg seg heilt jamnt og dekker med to strøk. Perfeksjon!

(For litt betre bilete enn mine, anbefalar eg til dømes Lucy's stash eller Susy in Color). Denne lakken fortener supre bilete!)

OPI Tomorrow never dies, med blitz

OPI Tomorrow never dies from the James Bond-collection is an awesome blue-toned purple (purple-toned blue) with enamal-like finish. LOVE!

tirsdag 27. november 2012

OPI - Lucerne-tainly look marvelous

OPI Lucerne-tainly look marvelous, med blitz

OPI Lucerne-tainly look marvelous var ein av dei første lakkane eg fekk virkeleg dilla på, og eg er framleis veldig, veldig glad i han. Han var ein del av Swiss collection som kom ut for eit par år sida (for dei som ikkje veit det, så er Lucerne ein nydeleg alpeby circa midt i Sveits). Lucerne-tainly look marvelous er ein mørk, sølvfarga folielakk med mikroskimmer i rosa, grønt og sølv. Sjølv om det rosa og grøne ikkje er særleg framtredande på neglen, gjev det lakken ein tydeleg kald tone samanlikna med liknande lakkar som OPI Number one nemesis. Eg skal få lagt ut samanlikning av dei to lakkane i løpet av dei nærmaste dagane.

OPI LUcerne-tainly look marvelous, i lampelys

Lakken er lett og legge, og han dekker fint med to tynne lag. Han er så ekstremt skinnande og fin at det var vanskeleg å ta gode bilete. Fargemessig er han nok likast seg sjølv på blitzbilete, men ein ser skimmeret best på det nederste utan blitz. På bileta ser ikkje lakken heilt opak ut, men det kan ein ikkje sjå i røynda. Yta er ganske glatt og fint til ein lakk med så mykje skimmer, men eg foretrekk likevel å avslutte med Seche Vite.

OPI Lucerne-tainly look marvelous is a dark silver foil with pink, green and silver shimmer. This is one of the varnishes I first fell in love it. The foil effect is truly marvelous, and it applies smoothly. Pretty! I will show you some comparisons with OPI Number one nemesis in a few days.

torsdag 22. november 2012

OPI - Skyfall

OPI Skyfall

Den første lakken eg prøvde av dei nye egg fekk i posten på måndag, var OPI Skyfall. Skyfall er ein del av OPIs haustkolleksjon med James Bond-tema, og denne lakken er altså lakken som gjev namn til kolleksjonen. Sånn sett hadde eg forventa ein like meir sprakande eller glitrande lakk, men den gong ei. Dessutan var eg litt skeptisk til påføringa etter å ha lest sprikande vurderingar m.a. hos Sminkan, men lakken fungerte heldigvis mykje betre på meg enn på ho.


OPI Skyfall er ein djup, brunraud kremlakk, skikkeleg burgunderfarga med meir brune enn lilla undertoner, nesten som koagulert blod. Mange synast raudt og burgunder er keisamt, men ikkje eg - eg elskar fargen! Dessverre er han litt vanskeleg å få pen, for sjølv om han flyt godt på neglen, bruker han ei æve på å tørke. Men med mykje tolmod og god hjelp av Seche Vite hutrigtørkande overlakk, gjekk det bra til slutt. Eg brukte to tynne lag, og det dekka heilt flott. Han ville sikkert dekka med berre eitt litt tjukkare lag også, men då ville det nok vært umogleg å få han til å herde.

Sjølv om lakken var litt vrien, er dette definitivt ein lakk eg kjem til å bruke meir i tida framover - for fargen er nydeleg. Og om ein synast han er litt traust, kan ein jo pynte litt med dekorsteinar, stempling eller eit anna mønster? Eg er veldig lite eksperimenterande på negledekorfronten, så eg nøgde meg med ein liten diagonal med svarte steiner på ringfingeren.



OPI Skyfall, a burgundy creme with a brown tint - I love the colour! The formula was great, but it took forever for it to dry. Two thin coats were necessary for it to cover properly.




tirsdag 20. november 2012

Pakke i posten

F.v. øvre rekke: Color Club Wild at heart, China Glaze Man Hunt, OPI Every month is Octoberfest (back-up), OPI Tomorrow never dies, China Glaze Short&Sassy
F.v. nedre rekke: China Glaze Snow globe, China Glaze Side-Saddle, OPI Skyfall og OPI My very first Knockwurst.

Eg har gått og gleda meg lenge, og no har pakka endeleg kommi. Ni fine lakkar frå Nailsupplies, og det blir så gøy å swatche alle saman. Dessverre ventar eg også på lakkpinner (nail art tip sticks) frå Ebay, så eg får ikkje vist alle fram enno, men eg skal prøve ein og ein, og poste dei her på bloggen litt etter kvart.  Eg er for lat og/eller gjerrig til å lakke neglane med alle saman kun for bileta si skuld, hihi! Nokon som har ønsker om kven eg skal byrje med?

Finally, the nine new nail varnishes I ordered some time ago from Nailsupplies arrived. I cannot wait to try them on! Anyone in particular you wish to see swatched first?

søndag 18. november 2012

Layla Coffee Love vs. Layla Misty Blush

 Ovanfrå: Layla Coffee Love, Misty Blush, bilete tatt i sola 
Coffee Love og Misty Blush er ikkje særleg like, Coffee Love er tydeleg lysebrun, medan Misty Blush er brunlilla (tenk holoversjonen av Chanel Paradoxal). Men eg tenkte likevel å samanlikne dei, og greip sjansen ein gong det var sol i Bergen (jepp, det var lenge sia.). Om det er andre lakkar de ønsker å sjå samalikna, berre legg att ein kommentar, så skal eg sjå kva eg får til.

Comparison of Layla Coffee Love and Misty Blush.

Ovanfrå: Coffee Love, Misty Blush, bilete tatt i sola

Layla - Misty blush


Layla Misty Blush

Det er ein stund sia sist eg har hatt tid til å blogge, men eg har jobba 60-timersveker i det siste og vært på jobbreiser, så det har blitt litt hektisk. No kjem eg forhåpentleg sterkare tilbake i tida framover. Eg har fått mange nye lakkar i posten, og gler meg til å vise dei fram. Dette er dog ein lakk eg har hatt ein stund.

Layla Misty Blush er ein brunlilla, lineær holografisk lakk. Han er veldig holografisk, kanskje endå meir enn Layla Coffee Love, og etter mi meining er fargen også endå finare. Burgunder og brunlilla er mine yndlingsfargar, og eg elskar holografiske lakkar, så Misty Blush kjem høgt opp på favorittlista mi. Han er lett å legge, eg brukte to lag over MUS AquaFix, og fekk ingen "bald spots" eller flekker på neglane, slik ein ofte får med kraftig holografiske lakkar. Fargen er nydeleg, skikkeleg haustaktig, men det er ikkje så veldig legg å sjå fargen ordentleg, for han er så holografisk.

Beklager rotete bilete, men eg tok dei då eg var på reise.


Layla Misty blush, a brownish purple holographic varnish. It's easy to apply, and looks magic on the   nails. I love it! 

Legg til bildetekst