fredag 18. januar 2013

Holofredag, eller gå-med-festnegler-på-jobb-fredag

OPI Ink, H&M Jo is in the house, INM Northern Lights Hologram Silver
OPI Ink var begynt å bli slitt på tuppane, så eg tenkte å forsøke meg med glitter på tuppane for å skjule det litt, og i same omgang delta på holofredag (kor diverse bloggarar bruker/poster bilete av holografiske lakkar på ein fredag). Så eg satte i gong med glitter og stas, før eg plutseleg fann ut at dette ikkje akkurat var veldig jobbvennleg. Heldigvis er ikkje jobben min spesielt nøye på kleskode, eg skulle ikkje på nokre viktige møte, og det er jo casual friday, som eg i anledninga døypte om til gå-med-festnegler-på-jobb-fredag.

Eg har brukt OPI Ink med H&M Jo is in the house (holografisk glitter) svampa på tuppane, og INM Northern Lights Hologram Silver Top Coat (overlakk med holografisk skimmer) over heile til slutt. Faktisk blei eg veldig nøgd med resultatet, og eg har sitti og sett på dei glitrande og glimrande neglane mine i heile dag. Her er nokre bilete, men ingen klarte å fange hologlittergalskapen eg hadde på neglane.

 An, in my humble opinion, awesome, but not at all work-appropriate manicure that I wore on this Friday. I sponged H&M Jo is in the house over OPI Ink and used INM Northern Lights Hologram Silver Top Coat as a top coat.

Med blitz

Med blitz

onsdag 16. januar 2013

OPI - Ink

OPI Ink, i lampelys
OPI Ink, med blitz

Sjå det skimmeret!
I dag har eg på ein gammal klassikar, OPI Ink. Det er ein djup indigo skimmerlakk med knallrosa (lilla?) mikroglitter. Eg er generelt ikkje veldig glad i rosa, og spesielt ikkje rosa glitter, men i Ink gjer det ikkje noko. Det rosa mikroglitteret får lakken til å se meir lilla ut, nestan duokrom, og gjer lakken varmare. Bilete i lampelys er det som er mest korrekt fargemessig, sjølv om det er litt uklart. I dagslys ser han blåare ut, slik som på blitzbilete. Eg klarte dessverre ikkje å fange glitteret ordentleg på mine bilete (ein ser det betre i flaska).

Lakken er god å legge, og sjølv om første laget legg seg ujamt og lite dekkande, blir han flott og opak med to rause lag. Dei som er litt meir nøye enn meg vil sikkert ha tre lag, dog... Yta blir ikkje heilt glatt, så ein treng nok minst eitt lag overlakk, men det er han verd. Sjølv om finishen er fullstendig forskjellig, minner fargen meg om OPI Tomorrow never dies, ein av mine favorittar.

Eg veit at det finnast ein matt (suede) versjon av denne som ser kjempelekker ut, sjå til dømes flinke Ida Malenes bilete av han. Men før eg skaffar meg Ink Suede, tenkte eg å sjå korleis den vanlege Ink'en ser ut med matt overlakk.

An old classic OPI, namely OPI Ink. It is a indigo shimmer with pink micro glitter, which gives the varnish a warmer, more purple glow. I am sorry that I was not able to catch the glitter properly on my pictures.

lørdag 12. januar 2013

A England - Ascalon


A England Ascalon, i sollys (nei, eg har ikkje gulsott..)

A England Ascalon er noko så fantastisk som ein stålgrå, holografisk lakk. Den holografiske effekta er ikkje veldig sterk, og han er spredt (scattered), men eg er veldig begeistra for han likevel. I tillegg til å vera holografisk, har Ascalon ein duokrom effekt: tydeleg lilla og svakt grøn. Den lilla effekta klarte eg å fange med kameraet, du ser han circa midt på neglen, men den grøne, svake fargen fekk eg ikkje fram. Bileta i sollys er mest korrekte med tanke på fargen, sjølv om det ser ut som om eg har gulsott (og at bileta blei litt tåkete). I kunstig lys kjem ikkje det duokrome fram like godt, og i dagslys ser han mest ut som ein vanleg, grå skimmerlakk.

Eg har brukt tre lag med Ascalon, men har du ein passande gråfarge, kan du sikkert bruke eitt eller to lag. Dessverre flassar A England-lakkane veldig fort på meg, eg må lakke om att allerede etter ein dag. Det går greit for meg, som uansett skiftar lakk ganske ofte, men for andre er det ei klar ulempe. Eg har sett at t.d. Sminkan har same problemet, men eg veit om mange som kan bruke lakkane frå A England i dagesvis.

Det er for tida, fram til 15. januar, sal på A England på heimesida deira a-england.co.uk. Alle lakkane kostar 6 £, og frakta er gratis. Eg anbefaler Tristan, Ascalon, Dragon og Camelot (min favoritt av svarte kremlakkar). Eugenia hos Ommorphia beauty bar har swatcha alle lakkane.

A England Ascalon is a steel grey scattered holographic varnish with a duocrome purple/green cast. I love it, although it only last one day on my nails before chipping. Check out their sale at a-england.co.uk.

A England Ascalon, kunstig lys



A England Ascalon, i dagslys

Essence Peel off base coat og skulelim

Eg hatar, som dei fleste andre, å fjerne glitterlakkar, som til dømes Lady sings the blues . Glitteret blir sittande att på neglen, og ein må anten bruke foliemetoden (aceton på ein bomullsdott på neglen, innpakka i aluminiumsfolie i ca. 10 minutt) eller skrape av glitterrestane, noko som lett kan skade neglen og gi hakk og riper. Så då eg høyrde om ein ny underlakk som gjer at ein kan pelle av heile lakken i eit flak, greip eg sjølvsagt sjansen.

Essence Peel off Base er ein baselakk ein skal påføre neglen før ein bruker glitterlakk (eller vanlege lakkar også?), og som visstnok skal lette fjerninga av lakken drastisk. Andre bloggarar har funni ut at han består av vanleg pva-lim, som tilsvarar skulelim, og eg har forsøkt begge deler. Konklusjonen: Tja, eg er ikkje heilt overbevist, men har tenkt til å prøve om att, for å sjå om eg får betre resultat.

Lim/Peel-off base fungerar ved at ein påfører eit ganske tjukt lag på neglen, utan annan underlakk. Med det samme er det heilt kvitt, og så blir han gradvis klarare etterkvart som han tørkar. Det tar ca. 10 min. Vent til limet har tørka heilt før du påfører glitterlakken. Visstnok fungerer det best om ein kun bruker glitterlakk, ikkje vanleg kremlakk i mellom som "underkjole", men eg har ikkje merka stor skilnad. Påfør overlakk til slutt om du vil. Når lakken skal fjernast, tar ein ein tynn trepinne eller liknande og pressar lakken nedover frå neglebanda. Då løsnar han frå neglen, og ein kan pelle han av i flak. På meg fungerte det berre sånn passe, eg fekk dratt av lakken i flak, men ikkje heile lakken i eitt, slik eg har sett andre få til. Det skal visst fungere betre etter ein dusj, men det har eg ikkje prøvd. Dessutan blei det verande att litt lakk langs sidene, men det kan òg vera fordi eg ikkje fekk dekt heile neglen med lim.

Eg legg ved nokre grusomme bilete av mine nakne og misfargede negler, versågod.

 Essence Peel off base, under China Glaze First Mate og H&M Confetti kisses 
Vanleg skulelim, under Deborah Lippmann Lady sings the blues 
For meir info og betre resultat, sjå Prettypurplepolish sine bloggpostar her og her.

This was ment to be some kind of a review of Essence Peel off base, but I recommend that you to read PrettyPurplePolish' blog posts here and here instead.

tirsdag 8. januar 2013

Nyinnkjøp hos H&M

Eg gjekk innom H&M her om dagen, og såg at dei hadde ein rekke lakkar på sal til 20 kr, mot normalt 39,50 kr. Kremlakkane til H&M synast eg er gode, spesielt Blue my mind er ein favoritt, og eg tenkte det var greit å hamstre nokre standardfarger. Eg endte opp med Manhunter (svart), Something blue (blå, minner om China Glaze First Mate) og Nerd (gultona beige).
Er det nokre av dei de vil se først? Kva synast de om H&M-lakkane?

A small nail varnish haul at H&M: Manhunter (black), Something blue (blue, obviously) and Nerd (beige).


Beklager elendige bilete, men fargene er i det minste ganske korrekt gjengjevne.


lørdag 5. januar 2013

Depend - 312

Depend 312

Depend 312
Depend #312 er ein lys gråbeige lakk med lysegrønt(!) skimmer. Fargen er nok likast seg sjølv på det nederstre bilete. Det lysegrøne synast dessverre betre i flaska enn på neglene, men det gjev likevel ein spennande effekt til ein elles "kjedeleg" farge. Eg er generelt glad i fargen og har fleire variasjonar over han, både med og utan skimmer, og eg skal sjå om eg får laga ei samanlikning ein gong.

Lakken er lett å legge, men dessverre litt tynn. Han dekker med 2-3 lag, eg trur eg har brukt 3 lag på dei fleste neglane. Han tørker litt ruglete, så ein treng overlakk. Eg har brukt eit lag Seche Vite på toppen. Lakken kom eigentleg ut i sommar, men eg har sett han i butikkane framleis, så løp å kjøp om du likar denne typen lakk.

Depend #312, a light greige creme with lime coloured shimmer. This one is a pretty palate cleanser with a twist!

torsdag 3. januar 2013

Samanlikning av vinraude skimmerlakkar

Det tok litt lenger tid å få fiksa desse bileta enn eg tenkte, eg skylder på at eg har liggi heile jula med influensa. Men betre seint enn aldri.

Eg har samanlikna OPI German-icure by OPI, Orly Smolder, China Glaze Short & Sassy, Chanel Malice og OPI Every month is Octoberfest. For å få fram skilnadene har eg tatt bileta i litt forskjellig lys, håper det er til hjelp. Dei to OPI-lakkane er ikkje så like dei tre andre, men eg tok dei med for samanlikninga sin del. På alle bileta er lakkane vist i same rekkefølge som nemnt over.

   F.v  OPI German-icure by OPI, Orly Smolder, China Glaze Short & Sassy, Chanel Malice og OPI Every month is Octoberfest, i sola

Med blitz
Overeksponert, slik ein ser basefargen
I dagslys
Smolder, Short & Sassy og Malice er ganske like i basen - ein rein, kald burgunderfarge. Malice er nok eindel meir pigmentert enn dei to andre og ser derfor mørkare ut, slik at skimmeret ikkje er like synleg. German-icure by OPI har brun basefarge og er på den måten ganske ulik dei andre - han ser definitivt meir brunburgunder ut enn dei andre. På same måte gjer den indigofarga basen til Every month is Octoberfest at han ser mykje meir lilla ut ein dei tre i midten.

 OPI German-icure by OPI, Orly Smolder og OPI Every month is Octoberfest har tydeleg mykje meir gyllent skimmer enn dei to andre, som har vinraudt skimmer. Det får Orly Smolder til å sjå litt meir kompleks ut enn S&S og Malice. Dei to sistnevnte er veldig like i fargen, men S&S er nok meir vinraud/burgunder (=raudbrun) medan Malice er mørkare og meir purpurfarga (=blåraud).

Favoritten min av dei tre er Orly Smolder, med Chanel Malice hakk i hel. Dei er såpass ulike at ein definitivt kan rettferdiggjere å ha begge, sjøl om Malice er dyr.

(Eg har ikkje fått vist fram bilete av Orly Smolder enno, får dei som har lyst til å sjå litt nærare på han, kan ta ein titt på Neglelakkmanis flotte bilete.)

Here is my comparison of burgundy red shimmers. I love them all, but Orly Smolder, Chanel Malice og OPI Every month is Octoberfest are my favorites. No dupes here!