onsdag 20. mars 2013

Festneglar: A England - Camelot og H&M - Confetti kisses


A England Camelot og H&M Confetti kisses

Her om dagen var eg på ein strålande fest, og følgeleg var eg nødd til å ta strålande festneglar. Eg var inspirert av Helene på Heidi Øksendals sminkeforum (i tråden Dagens negler, for de som er der), og endte opp med ein svart og sølv-farga glitterkombinasjon.

Eg har brukt eitt lag av den svarte favoritten min, A England Camelot, og eit ganske tjukt lag med H&M sin Confetti kisses inst ved neglerota. Dessverre var glitterlakken ganske tjukk, så lakken blei litt ujamn på neglen, men det var det heldigvis ingen som så på dansegolvet. Bileta er tatt på sundagen, så neglene er ikkje akkurat i tipp topp stand, men de skjønner teikninga.

Heile "manikyren" tok meg kanskje 10 minutt, og eg blei veldig nøgd - dette skal eg gjera igjen. Kva synast de, er dette noko de kunne gått med?

Saturday night party manicure, using one coat of my all time favorite creme varnish A England Camelot, and some of H&M Confetti kisses dabbed on at the lower half. The whole manicure took me 10 minutes, and I have to say that I think it looks great.

lørdag 16. mars 2013

Storinnkjøp frå CND

CND: Blackjack, Copper shimmer, Crimson sparkle, Emerald shimmer, Jade sparkle, Raspberry sparkle, Sapphire shimmer og Scarlet shimmer.
Sjå kva som dukka opp i postkassa mi her om dagen, ein heil haug med effektlakkar frå CND! Eg gler meg til å prøve alle. Noko spesielt du vil sjå først?

CND haul!

onsdag 13. mars 2013

Color Club - Alter Ego


Color Club - Alter ego
I dag har Color Club Alter Ego på neglane, ein lilla folielakk (foil) med gullskjær. Han er absolutt ikkje duokrom, heller lilla og gullfarga på ein gong. Eg føler meg utruleg glamorøs når eg har denne på neglane. Sjølv om det er mykje gull i han, så er han kald i fargen - noko eg set stor pris på. Fingrane mine ser ofte gustne ut når eg bruker varme eller gul-tona lakkar.

Alter ego er lett å legge, men treng to, helst tre, lag for å dekke ordentleg. Han tørkar litt ruglete på grunn av alt skimmeret, så ein treng overlakk. Dessutan tørkar han litt treigt, så eg anbefaler definitivt å bruke ein hurtigtørkande overlakk. Eg har, som vanleg, brukt Seche Vite på toppen.

Color Club Alter Ego, a cool-toned purple foil with golden shimmer. So glam! Even though it has some drying issues, this is an excellent varnish.

søndag 10. mars 2013

Layla Coral Glam vs. MUS Madeleine

F.v. Layla Coral Glam og MUS Madeleine
Eg sa jo at eg skulle samanlikne Layla Coral Glam og MUS Madeleine, og for ein gong skuld har eg faktisk gjort det ganske kjapt. Men det blei jammen ikkje lett å sjå kor like dei er, for Madeleine er så holografisk at ein ser ikkje grunnfargen, berre regnbogen. Så eg legg ved to bilete av lakkane på neglane, slik at ein betre ser skilnadene.

Madeleine er tydeleg meir holografisk, og effekta er meir lineær enn Coral Glam. Fargen på lakkane er også ulik; Madeleine er kaldare, meir beige-rosa, medan Coral Glam er, ikkje overraskande, meir varm korallrosa. Personleg synast eg Madeleine kler min hudtone mykje betre enn Coral Glam, og han dekker også på eitt lag mindre. Sjølv om Coral Glam er lettare å legge, så er Madeleine definitivt favoritten. Eg har allerede kjøpt inn ein å ha i bakhand, og han kostar ca. 130 kr i MakeUpStore-butikkane.

Comparison of Layla Coral Glam and MUS Madeleine. Of the two, Madeleine is my definite favorite.

Layla Coral Glam
MUS Madeleine

torsdag 7. mars 2013

Nye, multikrome lakkar!

F.v.: Hits Speciallità Dreamer og Unconventional, CrowsToes Maia, Asterope, Taygete og Merope.
Etter å ha sett Sminkans fantastiske bilete av CrowsToes Pleiades-lakkane, var eg heilt nødd til å skaffe meg nokre av dei. Så eg tok turen innom Llarowe, og endte opp med Maia, Taygete, Merope og Asterope. I tillegg fann eg nokre fantastiske multikrome lakkar frå Hits Speciallità sin Mari Moon-kolleksjonen.

Eg forstår virkeleg ikkje kvifor eg ikkje har skaffa meg desse før. Men no er alle desse skjønheitene mine, og av Hits Speciallità Dreamer har eg faktisk kjøpt fire stykk. Han er den vakraste lakken eg eig! Eg veit ikkje om eg tør å legge ut bilete av han, men medan eg lurar, kan de jo kose dykk med Sminkans bilete av han  her.

NB! Eg såg nett at Llarowe var utselde for Dreamer, eg kryssar fingra for at han kjem attende.

My new, awesome multicromes from CrowsToes and Hits Speciallità. I bought them at Llarowe.com.

mandag 4. mars 2013

Nesten nakne neglar: No. 7 - Practically perfect


No. 7 - Practically perfect

Det er ikkje ofte eg ber nakne negler, og om eg gjer det, juksar eg ofte litt og brukar ein lys jelly-lakk for å skjule at neglane mine er litt misfarga av alle dei mørke lakkane eg brukar til dagleg.

Her har eg No. 7 Practically perfect frå Boots apotek. Det er ein lys beige jelly-lakk, og han treng maaaaange lag for å dekke ordentleg. Men stort sett vil ein jo berre ha ei mjuk, halv-opak effekt, og då treng ein ikkje like mange lag. På bilete har eg fire lag. Han legg seg veldig fint og ikkje skjoldete i det heile. Men eg synast ikkje neglane blir så fine med mange lag lakk, dei blir litt tjukke, litt som akrylnegler. Nei takk!

Eg tenker å erstatte han med ein av jellyane frå OPIs NYC Ballet-kolleksjon som ikkje treng like mange lag, truleg den lyse, beige Barre My Soul eller den rosa-tona You Callin' Me A Lyre? Beigefargen på Practically pefect får neglane mine til å sjå bittelitt oransje ut, så eg lurer på å velge You Callin' Me A Lyre?. Nokre forslag?

Ver vennleg å oversjå den forferdelege langfingerneglen min, eg klarte å komme borti den blå ullgenseren min før han hadde tørka, så han er full av små, blå fjon. Eg var på veg ut døra, så eg rakk ikkje å lakke om att. Jaja...

Something quite unusual on my nails: a sheer, nude jelly. This is No. 7 Practically perfect from Boots. The application is flawless, but I needed 4 coats to build up the coverage on the photos above, and it is still not near being opaque. I will probably buy one of the OPI NYC Ballet-varnishes to replace this one. 

fredag 1. mars 2013

MUS - Madeleine



MUS Madeleine
I dag er det endeleg holo-fredag igjen! MakeUpStore (MUS) er kjende for å ha nokre av dei flottaste holografiske lakkane som finnast, sjølv om kvaliteten varierar litt frå parti til parti, men alle partia er betre enn det meste anna ein får tak i. Madeleine er ikkje eit unntak.

MUS Madeleine er ein kald beige-rosa, holografisk lakk. Den holografiske effekta er lineær, og så sterk at ein nesten ikkje ser fargen i sol eller innelys. Eg har ikkje ord for kor vakker denne lakken er, og lar bileta tale for seg. Eg har for øvrig brukt to lag Madeleine over eit lag MUS Aquabase, som er heilt naudsynt for at lakken skal legge seg pent. Som overlakk har eg Sally Hansen Diamond flash top coat.

MUS Madeleine minner litt om Layla Coral glam, eg skal få lagt ut ein samalikning av dei to seinare.

MUS Madeleine is one of the prettiest, most intense holographic varnishes I own. The colour is a cold-toned beige-pink, but one can hardly se the colour because of the awesome linear holographic effect. I L-O-V-E IT!