Eg har vært frykteleg treig med å vise fram teksturlakkane eg kjøpte i sommer, men smått om senn prøver eg å vise dei her på bloggen. Det er som sagt berre å seie ifrå dersom det er konkrete lakker de vil sjå. Dessverre(?) kjem det stadig nye lakkar inn i samlinga, så eg blir nok aldri (heldigvis?) ferdig.
|
P2 Confidential, i dagslys |
P2 Confidential (#050) er ein kongeblå teksturlakk med mangefarga skimmer; eg ser raudt/rosa, oransje, gull, blått, grønt(?) og sikkert meir. Eller kanskje det er skimmeret som er multikromt? Det er ikkje lett å seie. Fantastisk effekt på neglane, i alle fall. Eg har forsøkt å vise det på bileta, nokre i dagslys, nokre i kunstig lys, men eg klarer (som vanleg) ikkje å fange det fantastiske fargespelet i lakken.
Her har eg eitt lag P2 Confidential over eitt lag
China Glaze First mate. Eg har prøvd lakken utan underkle, men han dekker så godt at eg ikkje ser nokon fargeskilnad med to lag av P2-lakken eller CG + P2. Strengt tatt bruker eg nestan alltid ein annan lakk under teksturlakkane, då synast eg dei blir mykje lettare å fjerne, i tilleg til at eg sparer på dei verdifulle dråpene. Ein nøytral blå får eg alltids tak i, men teksturlakkane går sikkert av mote snart, og då er det greit å ha litt igjen.
Som sikkert mange har fått med seg, er Confidential 100% lik OPI Alcatraz...rocks frå OPIs haustkolleksjon, sjå til dømes
Spector's nails samanlikning. Eg trur ikkje det er så lett å få tak i P2-lakken lenger, men du likevl vil ha han, kan du strekke deg etter OPI-lakken. Han har allerede kommi i norske butikkar (Kicks), og hos Nailsupplies og andre nettbutikkar.
P2 Confidential (#050) is a wonderful navy blue textured varnish with a lot of multicoloured (multicrome?) shimmer. I wore it over one coat of China Glaze First mate, as I feel that layering it eases the removal without tempering with the colour (as Confidential is opaque enough). As you have probably seen, e.g. in Spector's nails comparison, this is an exact dupe for OPI Alcatraz...rocks. Nice, huh?
|
P2 Confidential, i kunstig lys |