søndag 25. august 2013

Kiko - True red #632


Kiko - True red
Kiko True Red (#632) har vært ein favoritt av Sugar Mat-lakkane gjennom sommaren etter at eg plukka han med meg frå Tyskland for berre 2,5 €. Eg har sikkert brukt han tre-fire gonger dei siste vekene, og det er jo tilnærma rekord.

True Red er, ikkje overraskande, ein knallraud teksturlakk. Raudfargen er veldig klar og sommarleg, og han heller meir mot varm jordbærraud enn blodraud, som eg ofte føretrekker. Men no når eg er brun, passar den varme raudtona veldig godt til huda mi. Det øverste bilete er nok mest korrekt med tanke på fargegjengjevnad.

I motsetnad til mange av dei andre teksturlakkane eg eig, har ikkje True Red skimmer. Han virker som ein vanleg kremlakk med små "knottar" som dannar seg på yta etter påføring. Sjølv om han dekker fint med eit litt tjukt lag, så blir han penare med to - då kjem den ruglete yta betre fram. Kva synast du om lakken? Føretrekker du vanlege teksturlakkar med skimmer, eller kremteksturlakkar som denne?.

4 kommentarer :

  1. Den var super kul!!

    SvarSlett
  2. Detta är ju galet snyggt! Känns både klassiskt eftersom det är rött men ändå lite tuft i och med texturen.
    Jag måste säga att jag gillar båda varianter av texturlack, dvs både glittertextur och cremetextur, kan helt enkelt inte välja en favorit. :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er samd med deg i alt - spesielt i at denne lakken er sykt pen. Eg hadde ikkje sett for meg at eg skulle falle for han slik eg har gjort, men det er jo gøy når ein finn ein uventa ny favoritt.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------