tirsdag 28. mai 2013

China Glaze - Galactic Grey

Her er den første av HoloGlam-lakkane frå China Glaze eg skal vise dykk. Eg kjøpte altså fire av desse lakkane for ikkje lenge sia, og viste dei kort fram her. No har eg prøvd ein (faktisk to, men eg har ikkje innlegget klart enno) av dei, og er svært nøgd hittil.



China Glaze Galactic Grey, i sola

China Glaze Galactic Grey, i skuggen

China Glaze Galactic Grey er ein mørk grå, ekstremt lineær holografisk lakk. Den lineære effekta er den tydlegaste av alle holo-lakkane mine, men det gjer også at regnbogen ikkje er like sterk og gnistrande som på til dømes Layla-lakkane. Likefullt er Galactic Grey utruleg vakker. I sola skin regnbogene, medan han i skuggen og normalt innelys ser ut som ein vanleg grå skimmerlakk. Ein skjult skatt, altså - som best nytast på solrike sommardager.

Lakken var lett å legge, både med og utan AquaFix. Med AquaFix (eller liknande) kjem ein dog unna med eit litt tjukt lag, medan over vanleg underlakk må ein kanskje ha to for å skjule eventuelle skjolder. Han er litt tyntflytande, men det er ikkje noko problem (dersom ein ser bort frå dei slurvete neglebanda mine).

Fargen liknar veldig på Layla Flash Black, men dei er absolutt ikkje duplikater på grunn av skilnaden i den holografiske effekta. Galactic Grey er også ein ørliten bit varmare i fargen enn Flash Black. Ein treng begge to!


China Glaze Galactic Grey, a mid grey varnish with an extremely linear holographic effect. I love it, although the holographic effect is subtle compared to other holos. So sleek.

4 kommentarer :

  1. Så fin den er! Hvor får du tak i holografiske lakker?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kjøper dei fleste mine på nettet, det gjeld A-England, China Glaze etc. Denne lakken her har eg kjøpt på ebay, det er ganske greit når ein berre skal ha eit par stykker. Om eg skal ha fleire (ni!) kan det vera greit å kjøpe dei hos TransDesign eller Nailsupplies.

      Eg har også eit par holografiske lakkar frå Make Up Store, dei er heilt fantastiske. Dessutan sel SparKjøp framleis Depend sine hololakkar frå 2012.

      Slett
  2. Det är det vackraste av alla Hologlam enligt mig!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi har circa visst dei same lakkane frå HoloGlam-kolleksjonen, og Galactic Grey er den finaste. Det er sikkert fordi eg er så glad i mørke/svarte lakkar. Dessutan er han den mest holografiske av dei, og det er jo _veldig_ vikig for ein holo-elskar som meg.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------