mandag 5. august 2013

Kiko - Sea Blue #644

I dag har eg ein av vei nye Kiko-lakkane, og han er så vakker! Kiko er eit italiensk(?) merke som sel billig sminke og neglelakk, og spesielt neglelakk-kolleksjonane deira er fantastiske. Det var synd at eg ikkje tok bilete av butikkane eg var i, for dei hadde så utruleg flotte neglelakkhyller.




Kiko Sea Blue (#644) er ein mellomblå teksturlakk med kornblå og koboltblå skimmerpartiklar. Som de ser er skimmerpartiklane like store, noko som gjev lakken ei jamn og "glatt" yte, nett som sandpapir. Eg klarer ikkje slutte å stryke meg over neglane. Lakken er opak, og ein treng berre to lag for å få han til å dekke ordentleg - og berre eit lag om ein legg litt tjukt på. Som dei fleste andre teksturlakkar tørker han litt sakte, men det er kanskje berre eg som er bortskjemt med hutigtørkande overlakk?

PS: Har de sett kor mykje betre bileta mine har blitt etter at eg fekk meg nytt kamera? Tusen takk til gemalen for finfin bursdagspresang.

Kiko Sea Blue (#644) is a medium blue, textured varnish. Pretty, right?

3 kommentarer :

  1. Detta lack var jättefint! Önskar kiko fanns lite mer lättillgängligt. Jag upplever också att texturlack torkar långsammare eller är det kanske som du säger att man är bortskämd med snabbtorkande överlack.

    En annan sak, jag har nominerat dig till en Award som heter Blog your heart out award. Hoppas du kommer gilla den! Bara att gå in till min blogg och se vad den går ut på. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er synd at dei er så vanskeleg tilgjengeleg. Eg skal på storbyferie no i byrjinga av september og kan kjøpe inn til deg, dersom du har handleliste (Kiko/p2/Essence/Catrice)?
      Og tusen, tusen takk for "prisen" eg fekk, det er så himla snilt av deg. Eg skal svare på både den og Sunshine'awarden eg fekk tidlegare. No har eg vært borte i heile sommar, så det har gått litt i gløymeboka, dessverre.

      Slett
    2. Ingen brådska med awardsen, du får ta dem när du har lust och tid :)

      Åh, skulle jättegärna vilja testa några av de märkena! Har ingen av dem idag. Har en lista på lite olika lack, men jag kanske bäst att jag mailar. Såg att du hade en mail däruppe. :P

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------