mandag 29. juli 2013

Blåmandag: China Glaze - Strap on your moonboots

China Glaze - Strap on your moonboots (på neglane, opnbert)
Her er den første lakken eg vil vise fram etter dvalen min. Det er ikkje ein av lakkane eg kjøpte på turen (eg har vist neglepinne-bilete av han tidlegare her), men eg hadde han på neglane i ferien (før eg måtte klippe dei heilt korte, snufs!) og tok bilete av han då.

China Glaze Strap on your moonboots er ein mellomblå, holografisk lakk. Den holografiske effekta er veldig lineær, liksom Galactic grey frå same kolleksjon, som eg har vist i eit anna innlegg. Eg liker veldig godt at blåfargen mørknar utover kantane på neglen, det gjer lakken djupare (og finare) etter mi meining, men fargen i seg sjølv synast eg var ganske trøytt. Eg hadde håpt at han skulle vera litt meir kongeblå, men den gong ei. Kanskje eg skal forsøke meg med ein mørkare blå lakk under neste gong?

Lakken er i likskap med Galactic grey lett å legge, men han er litt rennande. På dei nederste bileta kan de sjå at han striper seg litt, og det synast dessverre på neglane - spesielt i skuggen/dagslys.

China Glaze Strap on your moonboots is a medium blue holographic varnish. The holo effect is strongly linear, yet subtle, just like the other HoloGlams. I like that it darkens on the edges, but other than that - meh...



søndag 28. juli 2013

Storhandel frå Tyskland

Eg har nett kommi heim frå ein nesten fire-vekers ferie i Tyskland, og med meg i bagasjen har eg massevis av lakker, både til meg og til venninner av meg. Dessverre har eg ikkje hatt høve til å blogge i ferien, for det har vært dårleg med internett, lakkering og ikkje minst tid til redigering av bilete og skriving av innlegg. Men med mange nye lakker er sjølvsagt blogglysta på topp etter ferien, så de kan berre glede dykk framover. Og som alltid, dersom det er nokre lakkar de vil sjå aller først, er det berre å rope ut i kommentarfeltet.  

Varnish haul! I just came home after a four week holiday in Germany, and look what I brought home with me. Anyone in particular you want to see on the blog?



mandag 24. juni 2013

Misa - Heaven White og Maybelline - Chalk dust

Her kjem nok ein svart/kvitt-manikyr - denne er eg (også) veldig nøgd med. Eg har openbert ikkje så høge krav, men det viktigaste er jo at ein er nøgd sjølv, ikkje at neglebanda er perfekte.


Misa Heaven White og Maybelline Chalk dust

På neglane har eg Misa Heaven White, med den nye Maybelline Chalk dust innst ved neglerota, og eit lag SV over. Misa Heaven White er ein kvit kremlakk som eg har fått anbefalt av fleire, men eg er ikkje spesielt begeistra. Han striper seg, så ein treng i alle fall to lag for at det skal sjå greit ut. I tillegg er han tjukk og vanskeleg å legge, pluss at kosten er grusomt bustete. Heaven White er altså ikkje ein favoritt her i garden, og eg held fram jakta på den perfekte kvite kremlakken. Om du har tips, tar eg imot med glede.

Sjå det fine glitteret!

Maybelline Chalk dust er ein glitterlakk frå Maybellines Polka Dots-kolleksjon. Lakken består av svarte og kvite glitterpartiklar i ein blank base. Glitteret er ganske smått, ca. 0,5mm - 3 mm, og stort sett heksagonalt, så han er veldig lett å legge. Kven skulle trudd at Maybelline kom med noko så bra? Chalk dust kjem til å bli mykje brukt framover, det er eg sikker på. Dessutan kostar han berre 50 kr for 9 ml, det er ganske bra med tanke på dei vanlege neglelakkprisane i norske butikkar. 

More black&white manicures for you:
Here I have two coats of the not-so-awesome-but-sure-streaky Misa Heaven White, with Maybelline Chalk dust dabbed on top. Super easy manicure, and the Maybelline varnish surely is a treasure. That one will be used a lot this summer. 

fredag 21. juni 2013

Darling Diva - Shadow puppets

Hei igjen! Takk til alle saman som har stukki innom bloggen i dei siste vekene medan eg har hatt bloggpause. Pausen har dog vært strengt ufrivillig - det har vært heilt texas på jobb og eg har knapt nok hatt tid til å lakke neglane, langt mindre å ta bilete og lage blogginnlegg. Faktisk har eg gått fire(!) dagar utan neglelakk dei siste tre vekene. Det må vera årevis sia sist noko slik har skjedd.

Men nok prat, det er vel neglelakk de er interessert i. I dag har eg ein lekker indielakk å vise dykk: Shadow puppets frå Darling Diva. Det er ein kvit lakk med små og store mangeforma svarte glitterpartiklar: runde, firkanta, heksagonale, stjerner ++. Eg har virkeleg hatt dilla på svart/kvitt i det siste, og Shadow puppets er rett og slett perfekt. Elegant, men likevel morsom. Eg har allerede kjøpt to å ha i bakhand.


Darling Diva Shadow puppets, i sola
Påføringa var god - mykje betre enn ein kan vente frå slike glitterlakkar. Eg dabba på eit lag av Shadow puppets over eit lag Misa Heaven White for å slippe å få altfor mykje glitter på neglen, eg synast det er finast sånn. Men han dekker på to lag aleine, dersom ein vil ha meir djupne i lakken.

PS: Tusen, tusen takk til snille, flinke Gelic' frå Gelic nail art, som gav meg ein Sunshine award. Eg vil svare så snart som råd. Følg bloggen hennar, ho er kjempedyktig på negledekor og har utruleg mykje flott inspirasjon til oss negledekor-amøber.

Hi, and welcome back here after my hiatus. Today I want to show you an amazing indie varnish: Darling Diva Shadow puppets. The black and white combination is so elegant, yet the many-shaped glitter makes it fun after all. LOVE it!

fredag 31. mai 2013

Holofredag: Depend - Plum


Depend Plum, i sola
Depend - #2030 Plum er frå fjorårets holo-kolleksjon, som var ein fantastisk kolleksjon. Det er ikkje så ofte butikkmerke kjem med holografiske lakker, men desse var altså tilgjengelege i norske SparKjøp-butikkar (sic!). Dei kosta 50 kr stykke, og eg veit at det framleis finnast nokre butikkar som har dei inne - løp og kjøp. Eg har allerede hamstra eit par av favorittane.

Depend Plum er ein kald rosalilla, holografisk lakk med fine, ganske lineære regnboger (den holografiske effekta er meir lineær i røynda enn på bileta mine, sjå bilete under). Fargen er definitivt mest rosa, eg lurer på kva dei tenkte på med Plum-namnet... Lakken dekker dessverre ikkje spesielt godt, så om du vil ha han dekkande utan å bruke opp heile den lille flaska, tilrår eg å legge han over ein annan lakk. Eg var ute etter ein litt gjennomskinneleg effekt, så for meg holdt det med to lag. Då er dog neglelinja synleg, for dei som bryr seg om sånt. Eg synast det er sommarleg og fint med sheer'e lakkar, men kvar sin smak.

Bonusbilete: Eit gammalt blitz-bilete eg fann av han, med eitt lag Plum over ein eller annan rosa lakk. Det var finare sånn, kanskje?



Depend Plum, a blue-toned pink holografic varnish from Depend's holo collection from last year. It is a bit sheer, but I do like the effect on my nails, even though (or because of?) the visible nail line. Pretty in pink!


tirsdag 28. mai 2013

China Glaze - Galactic Grey

Her er den første av HoloGlam-lakkane frå China Glaze eg skal vise dykk. Eg kjøpte altså fire av desse lakkane for ikkje lenge sia, og viste dei kort fram her. No har eg prøvd ein (faktisk to, men eg har ikkje innlegget klart enno) av dei, og er svært nøgd hittil.



China Glaze Galactic Grey, i sola

China Glaze Galactic Grey, i skuggen

China Glaze Galactic Grey er ein mørk grå, ekstremt lineær holografisk lakk. Den lineære effekta er den tydlegaste av alle holo-lakkane mine, men det gjer også at regnbogen ikkje er like sterk og gnistrande som på til dømes Layla-lakkane. Likefullt er Galactic Grey utruleg vakker. I sola skin regnbogene, medan han i skuggen og normalt innelys ser ut som ein vanleg grå skimmerlakk. Ein skjult skatt, altså - som best nytast på solrike sommardager.

Lakken var lett å legge, både med og utan AquaFix. Med AquaFix (eller liknande) kjem ein dog unna med eit litt tjukt lag, medan over vanleg underlakk må ein kanskje ha to for å skjule eventuelle skjolder. Han er litt tyntflytande, men det er ikkje noko problem (dersom ein ser bort frå dei slurvete neglebanda mine).

Fargen liknar veldig på Layla Flash Black, men dei er absolutt ikkje duplikater på grunn av skilnaden i den holografiske effekta. Galactic Grey er også ein ørliten bit varmare i fargen enn Flash Black. Ein treng begge to!


China Glaze Galactic Grey, a mid grey varnish with an extremely linear holographic effect. I love it, although the holographic effect is subtle compared to other holos. So sleek.

fredag 24. mai 2013

Holofredag - China Glaze HoloGlam

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt til å vera med på holofredag i dag, men då desse skjønheitene dukka opp i postkassa mi i ettermiddag, hadde eg ikkje råd til å la vera. Eg rakk ikkje å lakke om, for eg er på veg ut døra på grillfest, men her er i alle fall små swatcher av dei fire HoloGlam-lakkane eg har kjøpt. Pene, ikkje sant?



Frå venstre: When stars collide, Infra-red, Galactic Grey og Strap on your moonboots. Kven liker de best? Eg har i alle fall falt fullstendig for When stars collide, så i morgon blir det aubergine-farga hololakk!

New holos in the mail today, from the China Glaze HoloGlam-collection. From left to right: When stars collide, Infra-red, Galactic Grey and Strap on your moonboots. Any favorites?