mandag 31. desember 2012

Godt nytt år! Happy new year!


Eg ønsker eit godt nytt år til alle lesarane mine, og gler meg til å halde fram med blogginga og neglelakkmanien i 2013.

Happy new year to all my readers, I am looking forward to more blogging and nail varnish obsession in 2013. 

Favorittlakkar 2012

No har jo ikkje eg blogga så mykje enno, men eg har jo skaffa meg eit par lakkar i år, og nokre av dei liker eg betre enn andre. Nokre av lakkane har eg kjøpt i år og nokre har eg hatt i årevis, men summa summarum er dette det 10 lakkane eg har vært mest glad i i 2012. Det er heilt umogleg å rangere dei internt, så lista får bli unummerert. Det blir gøy å samanlikne lista med neste års liste, då har eg forhåpentleg fått tatt bilete av alle saman (og lista er truleg endra en god del). 

Favorittlakkane mine frå 2012:










Og til slutt Jade - Magia Negra, som eg ikkje har fått tatt bilete av enno. Eg har faktisk tenkt til å bruke Magie Negra i kveld, på nyttårsaften, så bilete kjem truleg om ikkje lenge. Men sidan eg er heime med familien no, får eg ikkje redigert bileta før om eit par dager.

Eg har sett litt på andres lister, og det er truleg at vi er mange som har vært begeistra for både Layla-lakkane og OPIs Germany-kolleksjon. Er det noko eg har gløymt? Dersom du har laga ei eigen liste på bliggen din, hadde det vært gøy å sjå ho, legg gjerne att lenke til lista di.

Here's a unsorted list of my favorite nail varnishes in 2012, some old favorites and some released in 2012. Do you have your own list? Please post a link in the comments, I love reading this kind of lists.

tirsdag 25. desember 2012

Catrice - Steel my heart


Catrice Steel my heart, med blitz

Uklart bilete, slik ein ser glitteret betre

I dagslys, utan sol eller blitz

Steel my heart frå Catrice er ein mørk gråbrun lakk med mangefarga glitter i mellom anna blått, turkis og gull. Eigentleg minner fargene litt om den ikkje-holografiske versjonen av OPI My private jet, altså brun med svakt holografisk turkist glitter. Det som er spesielt med Steel my heart er teksturen på yta. Han blir matt og kornete. Hmm... Catrice kaller det "brushed metal effect", eg kaller det sært. Eg tok eindel bilete så de skulle få sjå yta ordentleg.

Strengt tatt synast eg det såg litt skittent ut, og lakken gjer seg etter mi meining best med blank overlakk, sjå til dømes Love.Varnish.. sine bilete. Tja, eg blei ikkje heilt nøgd med denne, kanskje eg liker han betre neste gong? Men eg skulle ønske eg hadde kjøpt den lysegrå "systra" Steel my soul, han såg mykje lekrare ut. Kva synast de, var yta stilig eller snål?

Steel my heart from Catrice is a dark taupe with multi-coloured glitter, particularly blue, turquoise and golden glitter. The finish is matte and rather gritty, and it is not my cup of tea. What do you think?

Steel my heart, i dagslys
 Steel my heart, med blitz 

søndag 23. desember 2012

Julenegler

Julenegler på venstre hand, med blitz

Julenegler på høgre hand (iiik!), med blitz

Jada, jada, eg veit at circa halve bloggosfæren har lagd juletrenegler i år, men sia det
a) så overkommeleg ut for mitt negledesign-nivå (=veldig nybyrjar),
b) var enkelt og "nøytralt", og
c) kunne varierast med kva farger ein ville,
tenkte eg at dette var noko for meg. Og når sant skal seiast, blei eg ganske så nøgd. Det såg lekkert ut, og eg har fått masse komplimenter frå folk som ikkje les alle neglebloggane og har sett 1000 finare versjonar.

Eg er jo, som de veit, ganske traust av meg, så eg endte opp med gullnegler, ein aksentnegl med juletre (og stjerne!) på venstrehanda og ein med striper på høgrehanda. Eg brukte to lag H&M Wawawoom og China Glaze Glittering Garland på treet. Stjerna var ein del av rhinestone-settet frå Bornprettystore, ho blei grøn fordi eg ikkje hadde nokre gullfarga, og det ville ikkje passe med sølv. Kva synast de, blei det fint (sett bort frå at eg ikkje har fiksa opp rundt neglebanda og at bileta er uklare)?

I, too, tried to make Christmas tree nail art, and I was quite satisfied with the result, bearing in mind that I am not exactly an nail art expert. I love the cold-toned golden Wawawoom from H&M, and China Glaze Glittering Garland is pretty as always.

lørdag 22. desember 2012

Chanel - Malice

Chanel Malice #637


Chanel Malice er frå haustens Chanel-kolleksjon, og trass prisen måtte eg berre ha han. Eg plukka han med meg på Taxfree-en på Flesland, og betalte vel 155 kr for han. Det er mykje, spesielt sidan eg ikkje er spesielt begeistra for haldbarheita til Chanel-lakkane. Stort sett flassar dei av på tuppane etter berre ein dag. Men sia eg plar å skifte lakk annankvar dag uansett, går det greit.

Chanel Malice #637 er ein herleg vinraud skimmerlakk med mykje (kalde) purpurtonar. Han er jamnare i fargen enn eindel andre skimmerlakkar med purpur/burgunder-toner. Basen er veldig pigmentert, slik at lakken blir mørkare, og skimmeret ikkje blir like tydeleg. I blitz eller sollys ser ein dog godt at skimmeret er vinraudt og gyllent, og mykje varmare i fargen enn basefargen. Men den pigmenterte basen gjer at han blir ikkje like djup og glødande som eindel liknande lakkar.
Han dekker svært godt, eitt lag var tilstrekkeleg, men eg brukte to tynne lag slik at han skulle tørke fortare, og eitt lag Sece Vite på toppen (som alltid).

Eg har samanlikna Chanel Malice, Orly Smolder, China Glaze Short & sassy, OPI Every month is Octoberfest og OPI German-icure by OPI, men eg har ikkje fått redigert bileta ennå. Eg skal få lagt ut innlegget i begynnelsen av romjula, eg lover!


Chanel Malice #637, a lovely burgundy shimmer varnish that covers in just one coat! The colour is nice and even, although I wish it had a bit more depth. I will put out a comparison of some burgundy shimmer varnishes in a few days, so stay tuned.

tirsdag 18. desember 2012

Snø-inspirert manikyr


 Misa Heaven White og China Glaze Snow Globe, utan blitz

No er snøen snart borte, dessverre, men eg er likevel i skikkeleg vinterstemning, så eg bestemte meg for å lage noko snøinspirert. Eg prøvde meg fram med to lag Misa Heaven White og eitt lag China Glaze Snow Globe på toppen, og eg blei ganske nøgd. Eg er stort sett veldig skeptisk til lyse negler, spesielt kvitt, men dette synast eg faktisk blei ganske lekkert. Det ser litt snøaktig ut, gjer det ikkje?


Snow inspired manicure with Misa Heaven White and China Glaze Snow Globe layered on top. What do you think?

lørdag 15. desember 2012

Vinternatt-negler


China Claze First Mate og H&M Confetti kisses



No om dagen er det jo faktisk vinterstemning her i Bergen, og eg feirar med ein vinternattinspirert manikyr. Eg har ganske enkelt brukt China Glaze First Mate med eitt lag H&M Confetti Kisses over. Confetti Kisses kjøpte eg faktisk for 10 kr på H&M ein gong, og eg er kjempenøgd med han. Han gir masse glitter med berre eit lag, og tørkar ganske så kjapt. First Mate er eg ikkje så veldig begeistra for, fargen var altfor dus og med for mykje grønskjær for min smak. Det hadde sikkert vært penare med Barry M Indigo eller ein annan djup blå eller indigo, litt meir vinternatt-kjensle. Men han var enkel å legge og eg trengte berre eitt lag.

Winter night inspired manicure using  China Glaze First Mate and H&M Confetti Kisses

onsdag 12. desember 2012

China Glaze - Short & Sassy

China Glaze Short & Sassy, med blitz

China Glaze Short & Sassy er ein djup, vinraud skimmerlakk som grensar mot purpur, altså med meir blåtonar enn bruntonar. Ikkje veldig unik, men likevel ein flott lakk. Han mørknar utover mot kantene, slik eg likar det - det gjer at han "glødar" meir enn vanlege skimmerlakkar. Det er også ein slags gyllen tone i han, det ser ein best i dagslys. På bileta har eg to lag Short & Sassy med eitt lag Seche Vite over. Eg hadde ingen problem med påføringa, sjølv om han var bittelitt meir utflytande enn optimalt. Han tørka raskt, og eg fekk heller ikkje plagsomt tydelege penselmerker.

Eg synast denne fargen er heilt fantastisk, og når sant skal seiast var djupraude skimmerlakkar det einaste eg gjekk med då eg begynte å gå med neglelakk på ungdomskulen. Eg skal få samanlikna han med nokre andre av dei vinraude skimmerlakkane eg har, eg trur dei er ganske like. (Men sjølvsagt ikke like nok til at ein ikkje treng alle saman!)

China Glaze Short & Sassy, a blue-toned burgundy shimmer nail varnish. Not the most unique colour, but still very pretty. I love the way it darkens on the edges, that makes it glow from within.

China Glaze Short & Sassy, med blitz

mandag 10. desember 2012

Essence - Chic reloaded

Essence Chic Reloaded

Chic Reloaded blei med meg heim frå Praha, og eg gleda meg stort til å prøve han etter å ha sett fine bilete av han mellom anna hos Nihrida.

Essence Chic Reloaded er ein mørk koksgrå (?) skimmerlakk med lilla og grøn duokrom effekt. Lakken ser nett ut som oljesøl på neglane, og det er dødsstilig! Eg er ikkje noko glad i turkis, men i i Chic Reloaded er grønfargen akkurat grå nok til at det går greit. Lakken dekker godt med to lag, og var grei å legge trass i at han var litt rennande. Billig var han også, eg betalte vel litt i underkant av 2 € for han.

Eg har ikkje så mange Essence-lakkar, og dette er min einaste lakk med det nye designet. Flaskene er for såvidt fine, og eg liker veldig godt at korken har same farge som lakken. Men kosten er ENORMT svær, sikkert 6-7 millimeter brei og ganske tjukk. Ergo får ein veldig mykje lakk på kosten, som flyter utover negleband og alt blir berre grisete. Lillefingerneglane må eg lakke med kosten "feil" vei, elles er han altfor brei. Gah - dei er jo endå verre enn IsaDora-kostane! Kven i alle dager har funni på dette designet? Eg liker Essence-lakkane veldig godt, men kjem nok ikkje til å kjøpe nokre fleire før dei har endra kostane tilbake til den gamle, smalare typen.

Kva synast de om Chic Reloaded? Kan ein fin farge veie opp for ein fæl kost/ekkel påføring/dårleg lukt etc.?


Essence Chic Reloaded, a charcoal black shimmer varnish with green and purple duocrome effect. It looks like oil spilled on water! The colour is awesome, but I hate the new wide brush and will probably not by any new Essence-varnishes until they change it back.

Den grusomt store kosten

Essence Chic Reloaded

onsdag 5. desember 2012

China Claze - Side Saddle


China Glaze Side Saddle


Endelig ein lakk som ikkje er OPI! Det har blitt vel mykje OPI i det siste, men no har eg også fleire China Glaze-lakkar å vise dykk. China Glaze er eit av favorittmerka mine, og eg er mykje meir glad i den tynne, stive kosten til CG enn den tjukke, mjuke kosten til OPI.

China Glaze Side Saddle kom ut som ein del av den legendariske Rodeo Diva-kolleksjonen til China Glaze i 2008. Eg visste en måtte ha denne lakken det augeblikket eg såg han. Side Saddle er ein aubergine-farga lakk med burgunder (?), rosa og gullfarga skimmer, og han er absolutt perfekt. Det er mykje raudt i basefargen, og i noko lys ser lakken brun eller burgunder ut, men han er altså aubergine-farga. Då eg fekk flaska i posten, var eg litt skuffa fordi han såg så brun ut, men heldigvis viste lakken seg frå si beste side på neglane. Vakkert, vakkert, vakkert - sjå korleis han gløder! Etter OPI Every month is Octoberfest, er dette årets haustlakk for min del.


  
China Glaze Side Saddle
Lakken er litt tyntflytande, og eg grisa litt på neglbanda då eg lakka med han - det er visstnok typisk for RD-kolleksjonen. Men han dekka fint på to lette strøk, så lenge ein er obs på å ikkje dra med seg laget under når ein lakkar lag nr. to. På bileta brukte eg to lag Side Saddle med eit lag Seche Vite overlakk.

Har du denne eller andre frå Rodeo Diva-kolleksjonen? Kva synast du?



Although I was a bit disappointed when I first saw the bottle, China Glaze Side Saddle from the legendary  Rodeo Diva collection really impressed me. The egg-plant coloured base with golden shimmer is purely perfect. This is one of my autumn favorites!




tirsdag 4. desember 2012

Handletur i Praha

Eg har nett kommi heim att frå Praha, og sjølvsagt blei det litt neglelakk og tilbehør på meg. Eg er spesielt spent på den sjølvlysande overlakken frå Essence, samt Essence Peel off base coat. Eg har forsøkt med skulelim, men det fungerte ikkje særleg bra, så eg skal få lagt ut eit innlegg med Peel off under glitterlakk etter kvart.   

F.v.  Essence Chic Reloaded, Catrice Steel my heart, H&M Fabulous nails honey, Chanel Malice, Essence nail stickers

F.v. Micro Cell 2000 Nail vital, Essence Quick dry topcoat, Essence Glow in the dark, Essence Peel off Base coat, Essence buffer. 

søndag 2. desember 2012

Bornprettystore - Rhinestone-sett

Rhinestone-sett frå Bornprettystore
For ei tid sida dumpa ei pakke ned i posten frå Bornprettystore, med tre pakker rhinestones, samt pinsett og glitterlim. Eg er ikkje så veldig god på negledekor, men eg tenkte det var gøy å prøve litt forskjellig. No har eg forsøkt nokre av dei ulike dekorsteinane, og har litt blanda kjensler.

Settet eg har er det som heiter 3 Star/Round/Heart Rhinestones Acrylic UV Nail Glue Clamp Kit, som består av runde, stjerneforma og hjarteforma dekorsteinar i tolv ulike farger. I tillegg følger det med ein pinsett til påføring av steinane, samt lim for å feste dei. Eg eig inga UV-lampe, så eg har ikkje prøvd limet, men har limt steinane på plass ved hjelp av vanleg neglelim. Dei satt godt på neglen, også når eg berre trykte dei rett ned i våt neglelakk.

Dei runde steinane var veldig fine, hjartene var også gode å bruke, men stjernene var vanskelege å få til å sitte på neglen. Piggane på stjernene stakk litt ut, både når eg brukte lim eller festa dei rett i neglelakken. Dei hang seg opp i alt mogleg, og eg måtte bruke heftige mengder overlakk for at eg skulle kunne gå med dei. Dessutan var dei litt høge, ca. 3 mm. Eg er 67% nøgd, med andre ord. Pinsetten var dog heilt fantastisk!


Eg er ganske kjedeleg når det gjeld negledesign, men synast det er lekkert med nokre pyntesteinar på ringfingeren. Det har eg mellom anna vist her.

Dersom du er interessert i dette settet, eller anna negledekor (eg har mellom anna veldig lyst på caviar nails-settet), kan du bestille på Bornprettystore.com. Dei har gratis frakt, og om du bruker rabattkoden AO5X61, så trekk dei frå 5% på bestillinga.

I recieved a rhinestone nail art set from Bornprettystore.com some time ago. I am not the creative type, but I do like an accent nail. My favorites were the round (octagonal) rhinestones, and I loved the tweezer, which was excellent. The rhinestone set may be bought here , and you may use the coupon code  AO5X61 for a 5% discount.

lørdag 1. desember 2012

OPI Lucerne-tainly look marvelous vs. OPI Number one nemesis

OPI Lucerne-tainly look marvelous og Number one nemesis, i dagslys
 OPI Lucerne-tainly look marvelous og Number one nemesis, med blitz 

Eg lova å legge ut ei samanlikning av OPI Lucerne-tainly look marvelous og OPI Number one nemesis. Ver så god! Som de ser, har lakkane omtrent den same finishen - LLM er kanskje litt meir folieaktig enn NON. Men fargemessig er LLM tydeleg mykje kaldare, med meir blåturkis skjær enn NON. Min favoritt er Number one nemesis, men eg er veldig glad i dei begge to.