mandag 25. februar 2013

Rival de Loop - 51


I dag har eg på ein lakk frå eit tysk billigmerke. Eg har kjøpt Rival de Loop på Rossmann, men trur også dei sel merket på Bata (begge tilsvarer den norske Vita).



Rival de Loop #51 er ein lys, gråbeige lakk med gyllent mikroskimmer. Skimmeret gjer at han ser nesten gusjebrun ut i sola, men i skuggen ser han meir lys taupe-farga ut. Han er litt styggpen, men eg liker han godt likevel. På mange måter minner han om Depend #312 som har grønt skimmer og litt større skimmerpartiklar, ikkje gullskimmer som RdL-lakken. Han er visstnok også veldig lik China Glaze Fast track frå Hunger Games-kolleksjonen, men den har eg ikkje, så eg får ikkje samanlikna dei.

Rival de Loop #51 is a light taupe with golden microskimmer. It's not pretty pretty, but I like it. 

søndag 24. februar 2013

Layla - Ultra Violet


Layla Ultra Violet, med blitz

Uff, i sommar klemstra ein finger i ei dør, og no har "endeleg" neglen detti av. Med ein veldig kort negl synast eg ikkje det er pent å ha resten av neglane lange, så eg har måtte klippe neglane mine heilt ned. Så no blir det mykje lyse fargar framover, for eg synast ikkje det er så fint med mørka lakkar når fingertuppene er synleg utanfor neglen.

Her er i alle fall Layla Ultra Violet, ein lyslilla lineær holografisk lakk. Han er superholografisk, blant dei mest holografiske lakkane eg har - heilt fantastisk vakkert. Lakken legg seg fint over MUS Aquafix, men skjoldete over vanleg underlakk, så eg bruker alltid Aquafix under slike tettpakka holografiske lakkar. Ultra Violet dekker heilt med tre lag, men eg liker at han ikkje er heilt opak, så eg brukte berre to lag på bileta.

Dette er ein farge som eg var litt skeptisk til då eg kjøpte han, men eg er mykje meir komfortabel med fargen enn eg frykta. Faktisk kjem eg nok til å bruke han titt og ofte når sola no kjem tilbake utover våren.

Layla Ultra Violet, a linear holographic lilac varnish. It's easy to apply when using Aquabase, and I have used two coats on the pictures. A pretty varnish, even though the colour is a bit outside my comfort-zone.



Layla Ultra Violet, i innelys

tirsdag 19. februar 2013

H&M - Fabulous nails, honey



H&M Fabulous nails, honey og H&M Wawawoom

H&M Fabulous nails, honey er ein varm, vinraud skimmerlakk med gulltonar. Han har ikkje veldig tydeleg gullskimmer på neglen (slik som i flaska), men det er klart at fargen blir varmare og djupare av skimmeret. I lampelys og i sola ser han ut som dei to øvste bileta, medan blitzbilete nederst viser han slik han ser ut i kaldt dagslys.

Eg prøver ut nye overlakkar om dagen, og fekk derfor(?) dessverre neglelakk som ganske raskt flassa av på tuppane. Eg likte Fabulous nails, honey så godt at eg ville behalde han ein dag eller to til, så eg dyppa tuppane i gull (les: H&M Wawawoom), og resultatet blei eigentleg ganske bra, synast eg.

Han er lett å legge, og dekker på eitt lag, om eg ikkje hugser feil. Det er ei lita stund sia eg kjøpte Fabulous nails, honey på H&M, men eg såg han i butikken her om dagen, så eg antar at dei framleis har han inne, før vårlakkane kjem for fullt. Til berre 39 kr er han etter mi meining eit kupp.

H&M Fabulous nails, honey with golden tips using H&M Wawawoom. I really enjoyed this manicure, and wore it for days.

lørdag 16. februar 2013

OPI My boyfriend scales walls og China Glaze Glitz 'n' pieces



OPI My boyfriend scales walls og China Glaze Glitz 'n' pieces

Så, eg sa jo at eg bestilte feil lakk då eg fekk China Glaze Glitz 'n' pieces i posten, men eg lar meg ikkje stogge av sånt. Eg bestemte meg for å prøve han over OPI My boyfriend scales walls, som kom ut i forfjor(?) i Spiderman-kolleksjonen. Kombinasjonen svart/kvitt er ein favoritt hos meg, og litt sølv gjer jo heller ikkje noko.

OPI My boyfriend scales walls er ein kvit kremlakk med gråskjær. Ein ser eigentleg ikkje gråskjæret på neglane, men han er likevel ikkje heilt krittkvit - ein får ein dusare effekt enn til dømes Misa Heaven White. MBSW er utruleg lett å legge, han dekker perfekt med to lag utan å legge seg skjoldete. Anbefalast på det sterkaste!

China Glaze Glitz 'n' pieces er ein glitterlakk med svarte og sølvfarga glitterpartiklar i alle storleiker, samt svarte glitter-"pinner". Sjølv om han inneheld mykje glitter, er han lett å legge. Ein får opp nok glitter med eitt lag, men ein må skyve litt rundt på det for å få det til å ligge pent. Eg brukte to lag Seche Vite på toppen, men måtte nok hatt enno eit lag for å få han heilt glatt.

Fint? Stygt? Indie-kopi? Kva synast de om kombinasjonen min?

Two coats of the awesome OPI My boyfriend scales walls with one coat China Glaze Glitz 'n' pieces layered on top. I adore these kinds of black and white combinations. What you you think?


onsdag 13. februar 2013

Depend - 324, og ei samanlikning med Barry M Indigo

Depend #324, han er eigentleg pittelitt meir indigo enn han ser ut på bilete
For lenge sia viste eg fram den nye Depend #324-lakken min, men eg har aldri fått vist korleis han såg ut på neglane. No har eg fått tatt nokre bilete, dog av litt varierande kvalitet, men eg tenkte det var greit å vise dei fram her på bloggen likevel.

Depend #324 er altså ein dus, lys indigofarga kremlakk. Han er gråare og lysare enn til dømes Barry M Indigo (sjå det nederste bilete), men mykje lettare å legge. Bildet rett nedanfor viser fargen best, men han var vanskeleg å fotografere riktig. På ringefingeren har eg for øvrig brukt ein av favorittane mine, H&M Wawawoom

På bileta har eg brukt 2 lag av #324, og då dekker han heilt fint. Flaska er lita og kjem sikker til å bli brukt raskt opp, så eg tenkte å kjøpe meg ein eller to å ha i bakhand. På Cubus sel dei Depend-lakkar for 39 kr for to stykk (5 ml).

Depend #324, a soft indigo blue creme varnish I bought some time ago, but never got to show you, untill now.

Dårleg bilete, men korrekt fargegjevnad

Barry M Indigo og Depend #324

mandag 11. februar 2013

Nye lakkar frå Nailsupplies!

Eg fekk nett ei pakke i posten nå med åtte nye lakkar frå Nailsupplies.us - hurra! Eg bestilte 27. januar, så dei kom ganske raskt (eg fekk hentelappen for nokre dagar sia.).


Lakkane eg kjøpte er (frå venstre): CG Awaken, OPI Natural nail strengthener (eg leiter framleis etter den perfekte negleforsterkaren), Misa I will Survive, CG Glitz'n'Pieces (som er ein feilbestilling, eg trudde eg bestilte den rosa Razzle me, dazzle me, men eg har visst klikka feil) CG Below deck, CG Up all night, Amore Park side krom og CG Wagon trail (som har lekki ut i posten, hulk!)

Om det er nokre de vil sjå først, så er det berre å legge att ein kommentar.

Horray - my new varnishes from Nailsupplies.us jist arrived. From left: CG Awaken, OPI Natural nail strengthener , Misa I will Survive, CG Glitz'n'Pieces, CG Below deck, CG Up all night, Amore Park side krom and CG Wagon trail.   

fredag 8. februar 2013

Jade - Magia Negra (Holofredag!)

 
Jade Magia Negra

Som nemnt i Topp 10 i 2012-posten min, var Jade Magia Negra ein av favorittlakkane i året som var. Eg hadde ikkje vist han fram på bloggen då, og trass store lovnader har eg ikkje fått gjort det før no.

Jade Magia Negra er ein svart, holografisk lakk. Og når eg seier svart, meiner eg svart, ikkje gråsvart som eindel andre "svarte" holografiske lakkar, til dømes Color Club Revvvolution (er det to eller tre v-ar, eg blir alltid like forvirra?) og Layla Flash Black (=Flash Charcoal). Den holografiske effekta er lineær og sterk i alt slags lys, så han ser eigentleg svært fargerik ut trass i at han er svart. Og tru meg, han er mykje finare i sola enn i kunstig lys. Eg gler meg til våren.

Jade Magia Negra, a true black, linear holographic varnish. This was one of my 2012 favorites, and it still is.  

tirsdag 5. februar 2013

Neglelakkane mine


Eg har ikkje noko godt system for oppbevaring av neglelakk, og fram til eg frå tak i den perfekte oppbevaringa (nei, ikkje Helmer frå IKEA) har eg lakkane mine i skoeske (Eg har for øvrig like mange sko som lakkar, ca. 150 stykk, altså 70 par.). Ei foreløpig oversikt over lakkane mine finn du for øvrig her.

For å ha oversikta over korleis lakkane mine ser ut brukar eg neglepinner (=swatchicles) frå ebay som eg hektar på ei lang kjede. Om du er interessert, søk på "nail art tips", eg har mine i fargen natural white med litt bua, ikkje rett, tupp. Etterkvart som eg får fleire og fleire lakkar, det dukker stadig opp nye i Posten, tenker eg å splitte dei opp i mindre kjede sortert etter fargar. Per i dag ser det slik ut, og de skjønner vel kva som er tanken bak, sjølv om fargane ikkje synast så godt på bilete.
Korleis sorterar du swatchene dine? Hjul, neglepinner etc.?

I keep my varnishes organised by using swatchicles on a chain, it makes it easy to add new swaches or rearrange them. I buy my swatchicles on ebay, just search for false nail art tips.
How do you store your swatches?

lørdag 2. februar 2013

Mintsjokoladeis-negler (eller forsøk på Illamasqua-kopi)




Etter å ha sett nokre promobilete frå Illamasquas nye lakk-kolleksjon Imperfection (eller I'm perfection ?), og etter å ha sett lekre swatcher hos Flutter and Sparkle, fekk eg skikkeleg lyst på prikkete negler. Eg tok fram ein turkis H&M Hello Kitty-lakk, og Nubar Black polka dots og satte i gong med å etterlikne Illamasqua Fragile, den blå-turkise av dei.

Eg brukte to lag H&M Turquoise og eitt lag Nubar Black polka dots, med overlakk på toppen. Eg burde definitivt hatt meir av det heksagonale, svarte glitteret, men det var vanskeleg å få fiska det opp av flaska. Det endte opp med at eg fekk eit kjempetjukt lag, som aldri tørka,  på fleire av neglane. Det gjekk sjølvsagt ikkje bra, eg dunka borti ringefingeren og fekk eit stort, bart felt på neglen, men då orka eg ikkje byrje på nytt.

Eg prøvde å legge eit lag av H&M Turquoise på toppen etter Nubar-lakken for å etterlikne Illamasqua-lakkane, men han var altfor opak, så eg blei nødt til å ta glitteret øverst. Jaja, det blei som det blei. Illamasqua sine lakkar minner meg om eggeskal, men på meg blei det meir mintsjokoladeis-aktig. Kanskje det seier noko om mine preferanser, for eg er i alle fall veldig glad i mint-is. Kva synast de?

I tried to copy Illamasqua Fragile from their new Imperfection collection. I did not achieve the egg shell-effect I was looking for, but I am happy with the "after eight ice cream" look I ended up with.


H&M Turquoise og Nubar Black polka dots