fredag 31. mai 2013

Holofredag: Depend - Plum


Depend Plum, i sola
Depend - #2030 Plum er frå fjorårets holo-kolleksjon, som var ein fantastisk kolleksjon. Det er ikkje så ofte butikkmerke kjem med holografiske lakker, men desse var altså tilgjengelege i norske SparKjøp-butikkar (sic!). Dei kosta 50 kr stykke, og eg veit at det framleis finnast nokre butikkar som har dei inne - løp og kjøp. Eg har allerede hamstra eit par av favorittane.

Depend Plum er ein kald rosalilla, holografisk lakk med fine, ganske lineære regnboger (den holografiske effekta er meir lineær i røynda enn på bileta mine, sjå bilete under). Fargen er definitivt mest rosa, eg lurer på kva dei tenkte på med Plum-namnet... Lakken dekker dessverre ikkje spesielt godt, så om du vil ha han dekkande utan å bruke opp heile den lille flaska, tilrår eg å legge han over ein annan lakk. Eg var ute etter ein litt gjennomskinneleg effekt, så for meg holdt det med to lag. Då er dog neglelinja synleg, for dei som bryr seg om sånt. Eg synast det er sommarleg og fint med sheer'e lakkar, men kvar sin smak.

Bonusbilete: Eit gammalt blitz-bilete eg fann av han, med eitt lag Plum over ein eller annan rosa lakk. Det var finare sånn, kanskje?



Depend Plum, a blue-toned pink holografic varnish from Depend's holo collection from last year. It is a bit sheer, but I do like the effect on my nails, even though (or because of?) the visible nail line. Pretty in pink!


tirsdag 28. mai 2013

China Glaze - Galactic Grey

Her er den første av HoloGlam-lakkane frå China Glaze eg skal vise dykk. Eg kjøpte altså fire av desse lakkane for ikkje lenge sia, og viste dei kort fram her. No har eg prøvd ein (faktisk to, men eg har ikkje innlegget klart enno) av dei, og er svært nøgd hittil.



China Glaze Galactic Grey, i sola

China Glaze Galactic Grey, i skuggen

China Glaze Galactic Grey er ein mørk grå, ekstremt lineær holografisk lakk. Den lineære effekta er den tydlegaste av alle holo-lakkane mine, men det gjer også at regnbogen ikkje er like sterk og gnistrande som på til dømes Layla-lakkane. Likefullt er Galactic Grey utruleg vakker. I sola skin regnbogene, medan han i skuggen og normalt innelys ser ut som ein vanleg grå skimmerlakk. Ein skjult skatt, altså - som best nytast på solrike sommardager.

Lakken var lett å legge, både med og utan AquaFix. Med AquaFix (eller liknande) kjem ein dog unna med eit litt tjukt lag, medan over vanleg underlakk må ein kanskje ha to for å skjule eventuelle skjolder. Han er litt tyntflytande, men det er ikkje noko problem (dersom ein ser bort frå dei slurvete neglebanda mine).

Fargen liknar veldig på Layla Flash Black, men dei er absolutt ikkje duplikater på grunn av skilnaden i den holografiske effekta. Galactic Grey er også ein ørliten bit varmare i fargen enn Flash Black. Ein treng begge to!


China Glaze Galactic Grey, a mid grey varnish with an extremely linear holographic effect. I love it, although the holographic effect is subtle compared to other holos. So sleek.

fredag 24. mai 2013

Holofredag - China Glaze HoloGlam

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt til å vera med på holofredag i dag, men då desse skjønheitene dukka opp i postkassa mi i ettermiddag, hadde eg ikkje råd til å la vera. Eg rakk ikkje å lakke om, for eg er på veg ut døra på grillfest, men her er i alle fall små swatcher av dei fire HoloGlam-lakkane eg har kjøpt. Pene, ikkje sant?



Frå venstre: When stars collide, Infra-red, Galactic Grey og Strap on your moonboots. Kven liker de best? Eg har i alle fall falt fullstendig for When stars collide, så i morgon blir det aubergine-farga hololakk!

New holos in the mail today, from the China Glaze HoloGlam-collection. From left to right: When stars collide, Infra-red, Galactic Grey and Strap on your moonboots. Any favorites? 

mandag 20. mai 2013

China Glaze - Fancy pants

Jobb, jobb, jobb, 17. mai, familieferie, pinse og fjelltur - og vips så hadde eg ikkje tid til å poste noko som helst på ei veke. Eg har faktisk knapt nok hatt tid til å lakkere neglane, og gjekk faktisk seks (!) dagar med OPI Barre my soul. Han flassa overraskande nok ikkje av i det heile, men eg blei rimeleg lei av dei same, "nakne" neglene så lenge. Så no er det andre boller i tida framover!


China Glaze Fancy Pants 

Eg fekk spørsmål om å vise Fancy Pants i dette innlegget, så her kjem han. China Glaze Fancy Pants er ein lys indigofarga (=raudtona blå) lakk (på engelsk: periwinkle) med masse rosa mikroskimmer. Skimmeret synast på neglene, men er dessverre nesten umogleg å sjå på bileta mine (beklager!), men det gjev lakken ei fin djupne, og understrekar det lilla i fargen. Ta ein titt på Vampy Varnish sine bilete, det ser du skimmeret betre.

Lakken er ganske tjukk, men  på grunn av det fine skimmeret blir han mykje lettare å legge enn vanlege kremlakkar. Dessverre misfargar han neglane, så no har eg oransje neglar i tida framover. Det blir mørke/sterke sommarlakkar på meg, altså - ikkje lyse, ikkje-opake pastellar. På bileta har eg to lag, med eit lag SV på toppen.

China Glaze Fancy Pants, a lovely periwinkle creme varnish with (almost invisible) pink micro shimmer. It is so pretty, but unfortunately, it stains alot. So no sheer varnishes for me this summer... 

mandag 13. mai 2013

Hits Speciallità - Hefesto og Essie - Ballet slippers


Hits Speciallità Hefesto over Essie Ballet slippers, i sola

Her om dagen prøvde eg på Essie Ballet slippers, som eg kjøpte for ikkje lenge sia. Ballet slippers er ein lys rosa jellylakk med mykje kvitt i seg. Han var dessverre ikkje spesielt god å legge, som mange andre lyse jellylakkar blir han lett skjoldete og gjev bare flekkar på neglane. Eg fekk han til å jamne seg ganske godt ut på tredje laget, men då var han blitt litt for opak for meg. Neglelina synast framleis, men neglen såg lyserosa ut. Eg er ikkje veldig komfortabel med lyserosa neglar, det har eg vel ikkje gått med sia barneskulen, så eg bestemte meg for å modifisere litt.

Trikset? Eg la to lag av Hits Speciallità sin holografiske overlakk Hefesto over Ballet slippers, og vips, så hadde eg delikate, kvit/lyserosa holografiske neglar. Det passa betre til hudtona mi enn dei kalde, sølvfarga hololakkane eg vanlegvis bruker (MUS Greta, Layla Mercury Twilight etc.), og eg var veldig nøgd med sluttresultatet. Kva synast de?

Hits Speciallità Hefesto over Essie Ballet slippers, a sheer pink holographic combination. Do you like it? 



Hits Speciallità Hefesto over Essie Ballet slippers, i kunstig lys 

onsdag 8. mai 2013

China Glaze - Champagne Kisses


China Glaze Champagne kisses

China Glaze Champagne kisses er ein skikkeleg champagnefarga glitterlakk. Eg frykta at den var veldig gul-tona og at fargen ville kræsje totalt med min hudfarge, men det gjekk heldigvis heilt greit. Det er akkurat som om han er litt rosa, sjølv om han ikkje er det, merkeleg... Glitteret er først og framst champagnefarga og lyseraudt, men eg kan også sjå sølv-, grønt, blått og rosa glitter i han. For ein vakker lakk! Eg bruker han på jobb og synast han er superfin og nøytral samstundes, men eg har forstått at mange meiner han er litt voldsom til kvardags. Kva med til bryllup? Om eg ikkje hadde hatt gyldne negler i mitt bryllup, ville ein lakk som Champagne Kisses vært perfekt.

Uklart bilete, så ser ein glitteret betre.

Lakken tørker til ei veldig ru yte, nesten som OPI What wizardry is this? som eg viste dykk forrige uke. Men han ser ikkje ruglete ut, slik som mange av tekstur-lakkane - berre full av glitter. Eg likte han godt utan overlakk, det er jo så populært for tida med matte/rue negler, men han er knallfin med overlakk også, sjå til dømes The PolishAholics bilete. På bileta har eg berre to lag, for eg ville behalde litt av "sheer"-effekta, men han dekker perfekt på tre lag for dei som ikkje vil vise "neglelina".

China Glaze Champagne kisses is a champagne coloured glitter varnish, and is a real stunner. I find it to be the perfect glamored up nude.  

mandag 6. mai 2013

Pakke i posten - ni nye lakkar!

Her for ei veke eller to sia dumpa denne fine pakka ned i posten. Eg har kjøpt litt gamalt og litt nytt, og openbert mykje blått og grønt. I april månad har eg hatt kjøpestopp på lakk, men desse kjøpte eg før påske, så det var berre å glede seg til ei fin overrasking midt i kjøpestopp-misera.

Frå venstre: China Glaze Champagne kisses; OPI Barre my soul, Lights of Emerald City; China Glaze Winter holly, Holly-day, Gussied up green, Fancy pants; OPI Eurso Euro og China Glaze Skyscraper.

Nokre spesielle du har lyst til å sjå? Eg har forresten ei liste over lakkane mine oppe til høgre i sidefeltet som eg prøver å halde nogenlunde oppdatert. Det er berre å legge att ein kommentar i bloggen eller under lista dersom det er nokre lakkar du er nysgjerrig på å sjå.

Nine new varnishes that arrived here some time ago. Is there anyone in particular you wish to see on the blog?

fredag 3. mai 2013

Holofredag: Layla - Flash Black




Layla Flash Black

Ute er det sludd, snø og kuling, men for eit par dagar sia skein sola, og då var det sjølvsagt ikkje anna å gjera enn å ta fram dei holografiske lakkane.

Her har eg på Layla Flash Black, som er ein nydeleg holografisk lakk - men han er absolutt ikkje svart! Eg vil seie at fargen ligg midt på grå-skalaen, men med ein del grønt i seg. Svart eller ikkje, dette er ein utruleg flott lakk, og regnbogene er sterke både i sola og i vanleg dagslys eller innelys. Dersom ein er interessert i ein skikkeleg svart lakk, tilrår eg heller Jade Magia Negra.

Eg brukte to lag med Flash Black over MUS AquaFix, og då dekka han heilt fint på eigenhand, uten bare flekkar eller andre påføringsproblem. Dei holografiske lakkane frå Layla er stort sett veldig gode, og denne er inkje unntak.

Layla Flash Black, a grey(!), green-toned holographic varnish with pretty, pretty rainbows. The application is flawless, as with all my Layla holographics.



onsdag 1. mai 2013

OPI - What wizardry is this?

Eg har allerede kjøpt OPI Lights of Emerald city frå OPIs Wizard of Oz-kolleksjon, og her er den andre lakken eg har frå den kolleksjonen: What wizardry is this?


OPI What wizardry is this?

OPI What wizardry is this? er ein mørk bronsefarga lakk med såkalt Liquid Sand-tekstur, det vil seie at han tørkar til ei ru, sandaktig overflate. Eg har allerede eit par lakkar med liknande overflate, og har ikkje noko imot at yta ikkje blir glatt (som eg veit at mange andre bryr seg om).  What wizardry is this? er ikkje ruglete på grunn av glitter, slik som Zoya Dahlia og Chyna, han er i staden matt/ru, som sandpapir. Men sjølv om han ikkje inneheld glitter på same måte som Zoya-lakkane, gnistrar han fantastisk flott i sola.

Basefargen er mørkebrun, medan "sanda" er gylden bronse-farga. Eg var litt bekymra med tanke på fargen, som av mange blir beskrivi som bæsjebrun (beklagar språket), men personleg synast eg at det var alt for mykje bronsefarge i lakken til å få slike assosiasjonar - heldigvis. I dagslys ser han brungrå ut, medan han er meir "ekte bronse" i sola. Eg synast fargen var flott, eg!

OPI What wizardry is this? is a bronze-y brown matte textured varnish from this years Wizard of Oz-collection. I like the texture varnishes, and this one is no exception. 

Ok, endå eit bilete. Sjå kor fint han glitrar i sola!