lørdag 31. august 2013

China Glaze - Infra-red



China Glaze - Infra-red
Endeleg tid for holografiske lakkar igjen! Denne veka har det vært nydeleg vêr her i Bergen (alt er relativt), og eg har faktisk plukka fram nokre hololakkar igjen som eg trudde eg ikkje skulle få brukt att før neste sommar. Men først har eg nokre litt eldre bilete frå China Glaze HoloGlam-kolleksjonen som kom i vår.

China Glaze Infra-red er ein lineær, holografisk lakk som merkelig nok ikkje er raud, men magentarosa. Dessverre er ikkje den holografiske effekta like tydeleg som på det andre HoloGlam-lakkane eg har vist fram, Strap on your moonboots og Galactic Grey. Fin er han likevel, sjølv om han dessverre ikkje får blodet mitt til å koke. Eg liker veldig godt påføringa og finishen på HoloGlam-lakkane, og det hadde vært fantastisk om China Glaze kom med ein raud lakk i same stil.

For å få fargen til å bli nokonlunde korrekt, måtte eg trikse litt i redigeringsprogrammet, derfor ser fargen på fingra mine litt pussig ut. Men lakkfargen er i det minste ganske riktig.

tirsdag 27. august 2013

China Glaze - First mate



China Glaze - First mate
Eg har kanskje vist fram First mate tidlegare, men no har eg eit par nyare, litt betre (?) bilete eg tok her om dagen. China Glaze First mate er ein mellomblå kremlakk frå eit par år tilbake. Lakken er svært god å legge, og dekkar glimrande med eitt lag, i alle fall om du er litt  raus med lakken. Fargen heller meir mot grønt enn dei blåfargane eg vanlegvis føretrekker (som Depend 324, som er meir raudtona), men han fungerar veldig godt som underlakk for andre lakkar. Dette er kanskje ikkje den mest spennande lakken eg eig, men det er greit med nokre litt trauste basisfarger også, ikkje sant?

Eg har samanlikna han med H&M-lakken Something blue, og dei er praktisk talt identiske, men eg føretrekker First mate fordi han er betre å lakke med. Eg gløymte sjølvsagt å ta bilete av dei to saman, men skrik ut om eg skal gjera det om att. Han er også svært lik Keeping Suzi at bay frå OPIs San Fransisco-kolleksjon, om ein skal tru Polish Infatuated sine bilete. Eg eig ikkje OPI-lakken, så eg kan ikkje samanlikne dei sjølv.

søndag 25. august 2013

Kiko - True red #632


Kiko - True red
Kiko True Red (#632) har vært ein favoritt av Sugar Mat-lakkane gjennom sommaren etter at eg plukka han med meg frå Tyskland for berre 2,5 €. Eg har sikkert brukt han tre-fire gonger dei siste vekene, og det er jo tilnærma rekord.

True Red er, ikkje overraskande, ein knallraud teksturlakk. Raudfargen er veldig klar og sommarleg, og han heller meir mot varm jordbærraud enn blodraud, som eg ofte føretrekker. Men no når eg er brun, passar den varme raudtona veldig godt til huda mi. Det øverste bilete er nok mest korrekt med tanke på fargegjengjevnad.

I motsetnad til mange av dei andre teksturlakkane eg eig, har ikkje True Red skimmer. Han virker som ein vanleg kremlakk med små "knottar" som dannar seg på yta etter påføring. Sjølv om han dekker fint med eit litt tjukt lag, så blir han penare med to - då kjem den ruglete yta betre fram. Kva synast du om lakken? Føretrekker du vanlege teksturlakkar med skimmer, eller kremteksturlakkar som denne?.

onsdag 21. august 2013

China Glaze - Skyscraper

Her er nokre bilete eg tok for ei stund sia, dei har liggi i arkivet sia før sommaren, men eg synast lakken er så fin at eg må vise han fram uansett. Eg jobbar (som vanleg) altfor mykje, og det er ikkje mykje tid til å lakkere neglane mellom eg kjem heim frå jobb kl. 21 og til eg drar kl. 06. Uff... Men no i helga skal det bli andre boller, og eg har fleire nye lakkar på lur eg vil vise dykk då. Men først:

China Glaze Skyscraper er ein djup kongeblå glitterlakk fullpakka med glitter i sølv og mørke- og lyseblått i ein mørkeblå basefarge. På neglane ser han alldeles gnistrande ut. Dessverre lot ikkje det seg overføre direkte til bileta mine, men det kan jo tenke dykk kor fin han eigentleg er. Sminkan har fine bilete av han (dog med meir overlakk og jamnare yte) om de vil sjå fleire bilete, og det same har naturlegvis også Google.


China Glaze - Skyscraper

 Lakken glitrar og gnistrar i sola, det synast best på eit uklart bilete.  

På meg dekker Skyscraper med to lag, men då må dei vera litt tjukke. Ein kan også bruke ein mørkeblå kremlakk som underlag, slik eg har gjort på lillefingeren (som eg måtte lakke om att). Lakken tørkar ikkje særleg kjapt, i alle fall ikkje utan hurtigtørkande overlakk. Men eg fekk ikkje misfarga negler av han, det er då noko.

tirsdag 13. august 2013

P2 - Seductive #030

Sugar Mat-lakkane til Kiko er flotte, men det er Sand style-lakkane til det tyske merket P2 som har vunni hjartet mitt i år. Dette er absolutt dei flottaste teksturlakkane eg har prøvd, og her er juvelen i kolleksjonen:


P2 - Seductive  
P2 Seductive (#030) er ein plommelilla teksturlakk med gullglitter, samt litt lilla og blått(?) glitter. Fargen er perfekt, etter mi meining - både klassisk og spannande på ein gong. Lakken er så utruleg flott, eg har stirra på neglane mine i fleire dager. Han er lett å legge, og dekker perfekt med to lag. Han misfarger heller ikkje neglen i det heile, og er svært lett å fjerne. Nyt bileta!

P2 Seductive (#030) is a plum coloured textured varnish, with a lot of golden glitter, as well as some purple and blue(?). This is, in my opinion, close to being the ultimate varnish. I LOVE it!

Med blitz: Sjå så fint det glitrar i gull!

onsdag 7. august 2013

Blog your heart out!

Gelic var så snill å gje meg ein "Blog your heart out"-nominasjon, sjølv om eg ikkje eingong har tatt meg tid til å svare på Sunshine award'en eg fekk av ho før sommaren. Men no skal eg forsøke å gjera meg fortent til dei begge to, sjølv om eg tidvis er ein svært dårleg bloggar. Resten av innlegget er på engelsk, det er enklast sånn:

Blog Your Heart Out Award Nomination!
Sweet Gelic nominated me to this "award", thank you so much! The rules for this nomination are: Answer 5 given questions and nominate 5 other blogger with less than 100 followers. The nominees should also be told that they are nominated. So here we go.

1. What/who encouraged you to start blogging? I started blogging about politics a few years ago, but this is my private blog, which I have only had for about a year. I have always been fond of nail varnish, and started blogging to make myself an archive of all my varnishes. I have more than tripled my collection since then.

2. How did you chose what topic(s) to blog about? I started blogging because of nail varnish, not the other way around. Polishing has always been a hobby to me, and I wanted to share the joy I have with others. Also, blogging urges me to stay updated on the "varnish fashion", and I get to know a lot of other women interested in the same thing as I am, without feeling stupid or vain.

3. What is something that most people don't know about you? A lot, especially my readers... I am not particularly personal on my blog, I think. For instance, I love to swim in the ocean, even in the winter, and have been bathing in the ocean all twelve months of the year!

4. What three words describe your style?  When it comes to nail varnish: Elegant, simple and boring(?).

5. What do you like to do when you are not blogging? I love my job, and probably work too much - but that usually do not bother me. I also love to ride a bike (racer) or listen to music (while polishing my nails, of course).

At last, I would like to nominate five blogs I read (although I am not sure how many followers they have):
Michelle in Wonderland
Venus' vanity
Upclose & Polished
Sminkeparadiset
LoveNail

mandag 5. august 2013

Kiko - Sea Blue #644

I dag har eg ein av vei nye Kiko-lakkane, og han er så vakker! Kiko er eit italiensk(?) merke som sel billig sminke og neglelakk, og spesielt neglelakk-kolleksjonane deira er fantastiske. Det var synd at eg ikkje tok bilete av butikkane eg var i, for dei hadde så utruleg flotte neglelakkhyller.




Kiko Sea Blue (#644) er ein mellomblå teksturlakk med kornblå og koboltblå skimmerpartiklar. Som de ser er skimmerpartiklane like store, noko som gjev lakken ei jamn og "glatt" yte, nett som sandpapir. Eg klarer ikkje slutte å stryke meg over neglane. Lakken er opak, og ein treng berre to lag for å få han til å dekke ordentleg - og berre eit lag om ein legg litt tjukt på. Som dei fleste andre teksturlakkar tørker han litt sakte, men det er kanskje berre eg som er bortskjemt med hutigtørkande overlakk?

PS: Har de sett kor mykje betre bileta mine har blitt etter at eg fekk meg nytt kamera? Tusen takk til gemalen for finfin bursdagspresang.

Kiko Sea Blue (#644) is a medium blue, textured varnish. Pretty, right?

lørdag 3. august 2013

Essence - Grey-t to be here


Essence - Grey-t to be here
Sjå kor fint det duokrome skimmeret er!


I dag (eigentleg i går) har eg på ein av dei nye lakkane eg kjøpte i Tyskland, nemleg Essence Grey-t to be here. Grey-t to be here er ein lys grå lakk med duokromt skimmer i magenta/oransje. Det duokrome skimmeret, som nesten er litt flak-aktig (glass flecks) er synleg i alt slags lys, men spesielt i kunstig lys. Dessverre synast det ikkje så godt på bileta mine. Skimmeret gjer at lakken, som eigentleg er litt traust i fargen, ser veldig stilig ut. Ofte ser ein kun den grå lakken med eit svakt rosaskjær, nett som perlemor. Fint? Definitivt! Han minner på mange måter om Depend #312 som har grønt skimmer, og om du liker den er Grey-t to be here noko for deg også.

Grey-t to be here er lett å legge, og han dekker godt på to lag. Kosten er like enormt stor som tidlegare nemnt (sjå til dømes her), men det går jo om ein er forsiktig.

Essence Grey-t to be here is a light grey varnish with duocrome magenta/orange glass flecks. The flecks gives the otherwise "boring" colour a cool twist.