Misa Heaven White og Maybelline Chalk dust |
På neglane har eg Misa Heaven White, med den nye Maybelline Chalk dust innst ved neglerota, og eit lag SV over. Misa Heaven White er ein kvit kremlakk som eg har fått anbefalt av fleire, men eg er ikkje spesielt begeistra. Han striper seg, så ein treng i alle fall to lag for at det skal sjå greit ut. I tillegg er han tjukk og vanskeleg å legge, pluss at kosten er grusomt bustete. Heaven White er altså ikkje ein favoritt her i garden, og eg held fram jakta på den perfekte kvite kremlakken. Om du har tips, tar eg imot med glede.
Sjå det fine glitteret! |
Maybelline Chalk dust er ein glitterlakk frå Maybellines Polka Dots-kolleksjon. Lakken består av svarte og kvite glitterpartiklar i ein blank base. Glitteret er ganske smått, ca. 0,5mm - 3 mm, og stort sett heksagonalt, så han er veldig lett å legge. Kven skulle trudd at Maybelline kom med noko så bra? Chalk dust kjem til å bli mykje brukt framover, det er eg sikker på. Dessutan kostar han berre 50 kr for 9 ml, det er ganske bra med tanke på dei vanlege neglelakkprisane i norske butikkar.
More black&white manicures for you:
Here I have two coats of the not-so-awesome-but-sure-streaky Misa Heaven White, with Maybelline Chalk dust dabbed on top. Super easy manicure, and the Maybelline varnish surely is a treasure. That one will be used a lot this summer.
Åh detta var ju superfint! :D Gillade placeringen av glittret. Ska jag absolut testa någon gång i sommar. :D
SvarSlettJa, eg er veldig begeistra for det, eg også - har brukt same "stilen" fleire gonger, mellom anna her: http://penenegler.blogspot.no/2013/03/festneglar-england-camelot-og-h.html
SlettSå gøy at du liker det, det er litt negledekor for dummies.
Jättehärlig manikyr :)
SvarSlettkram
xx
Takk! Svart/kvitt og kremlakk med litt glitter er favoritten for tida.
SlettOg takk for at du kommenterar, sjølv om eg ikkje har vært særleg tilstades den siste tida. Eg kom nett heim frå fire vekers ferie, og skal bli ein betre bloggar no framover.
Supercool och snygg manikyr!
SvarSlettSå hyggeleg å høyre!
SlettDette var jo kjempetøft :) Og for en flott blogg du har :)
SvarSlettTusen takk, eg er veldig nøgd med "designet" sjølv også - ikkje minst fordi det er så enkelt (og skjuler stygge negleband!). Og det er kjempehyggelig at du liker bloggen min, slike kommentarar set eg stor pris på.
Slett