![]() |
P2 Confidential, i dagslys |
Her har eg eitt lag P2 Confidential over eitt lag China Glaze First mate. Eg har prøvd lakken utan underkle, men han dekker så godt at eg ikkje ser nokon fargeskilnad med to lag av P2-lakken eller CG + P2. Strengt tatt bruker eg nestan alltid ein annan lakk under teksturlakkane, då synast eg dei blir mykje lettare å fjerne, i tilleg til at eg sparer på dei verdifulle dråpene. Ein nøytral blå får eg alltids tak i, men teksturlakkane går sikkert av mote snart, og då er det greit å ha litt igjen.
Som sikkert mange har fått med seg, er Confidential 100% lik OPI Alcatraz...rocks frå OPIs haustkolleksjon, sjå til dømes Spector's nails samanlikning. Eg trur ikkje det er så lett å få tak i P2-lakken lenger, men du likevl vil ha han, kan du strekke deg etter OPI-lakken. Han har allerede kommi i norske butikkar (Kicks), og hos Nailsupplies og andre nettbutikkar.
P2 Confidential (#050) is a wonderful navy blue textured varnish with a lot of multicoloured (multicrome?) shimmer. I wore it over one coat of China Glaze First mate, as I feel that layering it eases the removal without tempering with the colour (as Confidential is opaque enough). As you have probably seen, e.g. in Spector's nails comparison, this is an exact dupe for OPI Alcatraz...rocks. Nice, huh?
P2 Confidential, i kunstig lys |
Detta ser superfint ut, speciellt på flaskan. Såg att Isadora också kommit ut med något liknande detta. Antar att Isadora även finns att få tag på i Norge.
SvarSlettJa, IsaDora er tilgjengeleg i Norge, men dei har ikkje (som eg har sett) nokre i denne fargen. Sjølv om eg har høyrt utruleg mykje fint om teksturlakkane til IsaDora, har eg ikkje kjøpt nokre av dei. Dels på grunn av den gigantiske kosten, men først og framst fordi eg ikkje er så glad i sommarfargene dei har hatt: rosa, turkis, oransje og lyseblått.
Slettfargen her likte jeg godt :D
SvarSlett