lørdag 22. desember 2012

Chanel - Malice

Chanel Malice #637


Chanel Malice er frå haustens Chanel-kolleksjon, og trass prisen måtte eg berre ha han. Eg plukka han med meg på Taxfree-en på Flesland, og betalte vel 155 kr for han. Det er mykje, spesielt sidan eg ikkje er spesielt begeistra for haldbarheita til Chanel-lakkane. Stort sett flassar dei av på tuppane etter berre ein dag. Men sia eg plar å skifte lakk annankvar dag uansett, går det greit.

Chanel Malice #637 er ein herleg vinraud skimmerlakk med mykje (kalde) purpurtonar. Han er jamnare i fargen enn eindel andre skimmerlakkar med purpur/burgunder-toner. Basen er veldig pigmentert, slik at lakken blir mørkare, og skimmeret ikkje blir like tydeleg. I blitz eller sollys ser ein dog godt at skimmeret er vinraudt og gyllent, og mykje varmare i fargen enn basefargen. Men den pigmenterte basen gjer at han blir ikkje like djup og glødande som eindel liknande lakkar.
Han dekker svært godt, eitt lag var tilstrekkeleg, men eg brukte to tynne lag slik at han skulle tørke fortare, og eitt lag Sece Vite på toppen (som alltid).

Eg har samanlikna Chanel Malice, Orly Smolder, China Glaze Short & sassy, OPI Every month is Octoberfest og OPI German-icure by OPI, men eg har ikkje fått redigert bileta ennå. Eg skal få lagt ut innlegget i begynnelsen av romjula, eg lover!


Chanel Malice #637, a lovely burgundy shimmer varnish that covers in just one coat! The colour is nice and even, although I wish it had a bit more depth. I will put out a comparison of some burgundy shimmer varnishes in a few days, so stay tuned.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------