China Glaze Champagne kisses |
China Glaze Champagne kisses er ein skikkeleg champagnefarga glitterlakk. Eg frykta at den var veldig gul-tona og at fargen ville kræsje totalt med min hudfarge, men det gjekk heldigvis heilt greit. Det er akkurat som om han er litt rosa, sjølv om han ikkje er det, merkeleg... Glitteret er først og framst champagnefarga og lyseraudt, men eg kan også sjå sølv-, grønt, blått og rosa glitter i han. For ein vakker lakk! Eg bruker han på jobb og synast han er superfin og nøytral samstundes, men eg har forstått at mange meiner han er litt voldsom til kvardags. Kva med til bryllup? Om eg ikkje hadde hatt gyldne negler i mitt bryllup, ville ein lakk som Champagne Kisses vært perfekt.
Uklart bilete, så ser ein glitteret betre. |
China Glaze Champagne kisses is a champagne coloured glitter varnish, and is a real stunner. I find it to be the perfect glamored up nude.
Det var ju jättevackert!
SvarSlettJa, det er han virkeleg.
SlettJag funderade på denna, men trodde också att den skulle vara för "gultonad", men på dina bilder ser den ju jättefin ut. Lite work appropriate och bling ändå :D
SvarSlettDet var som sagt nettopp det eg også frykta, men som du ser (bileta var veldig korrekte med tanke på fargegjengjeving) ser han ikkje gul ut, i alle fall ikkje på meg. Eg rår deg til å kjøpe han, altså!
Slett