![]() |
China Glaze Fancy Pants |
Eg fekk spørsmål om å vise Fancy Pants i dette innlegget, så her kjem han. China Glaze Fancy Pants er ein lys indigofarga (=raudtona blå) lakk (på engelsk: periwinkle) med masse rosa mikroskimmer. Skimmeret synast på neglene, men er dessverre nesten umogleg å sjå på bileta mine (beklager!), men det gjev lakken ei fin djupne, og understrekar det lilla i fargen. Ta ein titt på Vampy Varnish sine bilete, det ser du skimmeret betre.
Lakken er ganske tjukk, men på grunn av det fine skimmeret blir han mykje lettare å legge enn vanlege kremlakkar. Dessverre misfargar han neglane, så no har eg oransje neglar i tida framover. Det blir mørke/sterke sommarlakkar på meg, altså - ikkje lyse, ikkje-opake pastellar. På bileta har eg to lag, med eit lag SV på toppen.
China Glaze Fancy Pants, a lovely periwinkle creme varnish with (almost invisible) pink micro shimmer. It is so pretty, but unfortunately, it stains alot. So no sheer varnishes for me this summer...
det är en väldigt snygg färg!
SvarSlett