fredag 3. mai 2013

Holofredag: Layla - Flash Black




Layla Flash Black

Ute er det sludd, snø og kuling, men for eit par dagar sia skein sola, og då var det sjølvsagt ikkje anna å gjera enn å ta fram dei holografiske lakkane.

Her har eg på Layla Flash Black, som er ein nydeleg holografisk lakk - men han er absolutt ikkje svart! Eg vil seie at fargen ligg midt på grå-skalaen, men med ein del grønt i seg. Svart eller ikkje, dette er ein utruleg flott lakk, og regnbogene er sterke både i sola og i vanleg dagslys eller innelys. Dersom ein er interessert i ein skikkeleg svart lakk, tilrår eg heller Jade Magia Negra.

Eg brukte to lag med Flash Black over MUS AquaFix, og då dekka han heilt fint på eigenhand, uten bare flekkar eller andre påføringsproblem. Dei holografiske lakkane frå Layla er stort sett veldig gode, og denne er inkje unntak.

Layla Flash Black, a grey(!), green-toned holographic varnish with pretty, pretty rainbows. The application is flawless, as with all my Layla holographics.



4 kommentarer :

  1. Åh, gillar detta! Kan hålla med om att det känns fel att kalla dem svarta, för holoskimret gör att de blir gråa oavsett nästan. Men svartare holo än så här finns det nog.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, han er utruleg flott, og ein treng jo, etter mi meining, både svarte og grå holografiske lakkar. Eg er ikkje så god på negledesign, og er veldig takksam for at holografiske lakkar ser superavansert ut utan å vera det.

      Takk for at du kommenterar, forresten!

      Slett
  2. Det här är verkligen otroligt vackert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det synast eg eigentleg alle Layla-lakkane er - men dei mørkaste av dei, denne inkludert, er favorittane.
      Eg er så glad for at sola endeleg tittar fram igjen og hololakkane kjem til sin rett.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------