mandag 6. mai 2013

Pakke i posten - ni nye lakkar!

Her for ei veke eller to sia dumpa denne fine pakka ned i posten. Eg har kjøpt litt gamalt og litt nytt, og openbert mykje blått og grønt. I april månad har eg hatt kjøpestopp på lakk, men desse kjøpte eg før påske, så det var berre å glede seg til ei fin overrasking midt i kjøpestopp-misera.

Frå venstre: China Glaze Champagne kisses; OPI Barre my soul, Lights of Emerald City; China Glaze Winter holly, Holly-day, Gussied up green, Fancy pants; OPI Eurso Euro og China Glaze Skyscraper.

Nokre spesielle du har lyst til å sjå? Eg har forresten ei liste over lakkane mine oppe til høgre i sidefeltet som eg prøver å halde nogenlunde oppdatert. Det er berre å legge att ein kommentar i bloggen eller under lista dersom det er nokre lakkar du er nysgjerrig på å sjå.

Nine new varnishes that arrived here some time ago. Is there anyone in particular you wish to see on the blog?

2 kommentarer :

  1. Det er så gøy med nye lakker i posten. Jeg har veldig lyst til å se de blå, spessielt Fancy pants.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skal eg gjera snart, så det er berre å følge med. Han ser så utruleg fin ut i flaska og på bilete eg har sett, så eg håper han er like fin på meg.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------