onsdag 21. august 2013

China Glaze - Skyscraper

Her er nokre bilete eg tok for ei stund sia, dei har liggi i arkivet sia før sommaren, men eg synast lakken er så fin at eg må vise han fram uansett. Eg jobbar (som vanleg) altfor mykje, og det er ikkje mykje tid til å lakkere neglane mellom eg kjem heim frå jobb kl. 21 og til eg drar kl. 06. Uff... Men no i helga skal det bli andre boller, og eg har fleire nye lakkar på lur eg vil vise dykk då. Men først:

China Glaze Skyscraper er ein djup kongeblå glitterlakk fullpakka med glitter i sølv og mørke- og lyseblått i ein mørkeblå basefarge. På neglane ser han alldeles gnistrande ut. Dessverre lot ikkje det seg overføre direkte til bileta mine, men det kan jo tenke dykk kor fin han eigentleg er. Sminkan har fine bilete av han (dog med meir overlakk og jamnare yte) om de vil sjå fleire bilete, og det same har naturlegvis også Google.


China Glaze - Skyscraper

 Lakken glitrar og gnistrar i sola, det synast best på eit uklart bilete.  

På meg dekker Skyscraper med to lag, men då må dei vera litt tjukke. Ein kan også bruke ein mørkeblå kremlakk som underlag, slik eg har gjort på lillefingeren (som eg måtte lakke om att). Lakken tørkar ikkje særleg kjapt, i alle fall ikkje utan hurtigtørkande overlakk. Men eg fekk ikkje misfarga negler av han, det er då noko.

4 kommentarer :

  1. Faktiskt missat detta hos de andra bloggarna. Ser riktigt härligt ut, typ som att det skulle passa fint till en gala! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Det passer fint til alle anledningar! Eg kan faktisk ikkje få understreka nok kor vakker han er i røynda, bileta mine er ikkje rettvise mot denne vakre lakken.

      Slett
  2. Ett av mina favoritlack. Det är underbart!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, virkeleg. Eg hadde faktisk ikkje brukt han på lenge då eg så bileta dine, så då var eg heilt nødt til å ta han fram att.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------