 |
China Glaze - First mate |
Eg har kanskje vist fram First mate
tidlegare, men no har eg eit par nyare, litt betre (?) bilete eg tok her om dagen.
China Glaze First mate er ein mellomblå kremlakk frå eit par år tilbake. Lakken er svært god å legge, og dekkar glimrande med eitt lag, i alle fall om du er litt raus med lakken. Fargen heller meir mot grønt enn dei blåfargane eg vanlegvis føretrekker (som
Depend 324, som er meir raudtona), men han fungerar veldig godt som underlakk for andre lakkar. Dette er kanskje ikkje den mest spennande lakken eg eig, men det er greit med nokre litt trauste basisfarger også, ikkje sant?
Eg har samanlikna han med H&M-lakken
Something blue, og dei er praktisk talt identiske, men eg føretrekker First mate fordi han er betre å lakke med. Eg gløymte sjølvsagt å ta bilete av dei to saman, men skrik ut om eg skal gjera det om att. Han er også svært lik
Keeping Suzi at bay frå OPIs San Fransisco-kolleksjon, om ein skal tru
Polish Infatuated sine bilete. Eg eig ikkje OPI-lakken, så eg kan ikkje samanlikne dei sjølv.
Helt okej lack, inte speciellt men som du skriver så behöver man ju basfärger som denna. :P
SvarSlettEg trur nok ikkje eg kjem til å bruke han aleine, men han fungerar greit både som underkle for andre lakkar, og ikkje minst til negledekor og stempling, sia han er såpass opak med berre eit lag.
SlettI love blue polishes so so much! :)
SvarSlettI was not at all into blue varnishes before, but they have grown immensely on me the last year. I do prefer red-toned blues, though - not neutral, dusty ones like this one.
Slett