China Glaze Skyscraper er ein djup kongeblå glitterlakk fullpakka med glitter i sølv og mørke- og lyseblått i ein mørkeblå basefarge. På neglane ser han alldeles gnistrande ut. Dessverre lot ikkje det seg overføre direkte til bileta mine, men det kan jo tenke dykk kor fin han eigentleg er. Sminkan har fine bilete av han (dog med meir overlakk og jamnare yte) om de vil sjå fleire bilete, og det same har naturlegvis også Google.
China Glaze - Skyscraper |
Lakken glitrar og gnistrar i sola, det synast best på eit uklart bilete. |
På meg dekker Skyscraper med to lag, men då må dei vera litt tjukke. Ein kan også bruke ein mørkeblå kremlakk som underlag, slik eg har gjort på lillefingeren (som eg måtte lakke om att). Lakken tørkar ikkje særleg kjapt, i alle fall ikkje utan hurtigtørkande overlakk. Men eg fekk ikkje misfarga negler av han, det er då noko.
Faktiskt missat detta hos de andra bloggarna. Ser riktigt härligt ut, typ som att det skulle passa fint till en gala! :D
SvarSlettDet passer fint til alle anledningar! Eg kan faktisk ikkje få understreka nok kor vakker han er i røynda, bileta mine er ikkje rettvise mot denne vakre lakken.
SlettEtt av mina favoritlack. Det är underbart!
SvarSlettJa, virkeleg. Eg hadde faktisk ikkje brukt han på lenge då eg så bileta dine, så då var eg heilt nødt til å ta han fram att.
Slett