torsdag 22. november 2012

OPI - Skyfall

OPI Skyfall

Den første lakken eg prøvde av dei nye egg fekk i posten på måndag, var OPI Skyfall. Skyfall er ein del av OPIs haustkolleksjon med James Bond-tema, og denne lakken er altså lakken som gjev namn til kolleksjonen. Sånn sett hadde eg forventa ein like meir sprakande eller glitrande lakk, men den gong ei. Dessutan var eg litt skeptisk til påføringa etter å ha lest sprikande vurderingar m.a. hos Sminkan, men lakken fungerte heldigvis mykje betre på meg enn på ho.


OPI Skyfall er ein djup, brunraud kremlakk, skikkeleg burgunderfarga med meir brune enn lilla undertoner, nesten som koagulert blod. Mange synast raudt og burgunder er keisamt, men ikkje eg - eg elskar fargen! Dessverre er han litt vanskeleg å få pen, for sjølv om han flyt godt på neglen, bruker han ei æve på å tørke. Men med mykje tolmod og god hjelp av Seche Vite hutrigtørkande overlakk, gjekk det bra til slutt. Eg brukte to tynne lag, og det dekka heilt flott. Han ville sikkert dekka med berre eitt litt tjukkare lag også, men då ville det nok vært umogleg å få han til å herde.

Sjølv om lakken var litt vrien, er dette definitivt ein lakk eg kjem til å bruke meir i tida framover - for fargen er nydeleg. Og om ein synast han er litt traust, kan ein jo pynte litt med dekorsteinar, stempling eller eit anna mønster? Eg er veldig lite eksperimenterande på negledekorfronten, så eg nøgde meg med ein liten diagonal med svarte steiner på ringfingeren.



OPI Skyfall, a burgundy creme with a brown tint - I love the colour! The formula was great, but it took forever for it to dry. Two thin coats were necessary for it to cover properly.




Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------