| OPI Tomorrow never dies, utan blitz (jada, eg veit at det er ekstremt redigert, men fargen er 100% rett gjengitt) |
OPI Tomorrow never dies er den andre (og siste) lakken eg kjøpte frå Skyfall/James Bond-kolleksjonen, Skyfall var den første eg viste fram. Tomorrow never dies er ein blålilla skimmerlakk med nestan metallisk effekt. Fargen varierar i kva lys du ser han i. I dagslys ser han skikkeleg knallblå ut, men innandørs kjem dei djupe lillatonane klart fram. Dette er ein må-stirre-på-neglane-heile-dagen-fordi-dei-er-så-vakre-lakk. Korkje blå eller kalde lillatonar er farger eg vanlegvis brukar, men denne kjem til å bli ein slager i haust. Kanskje han blir årets julebordlakk?
(For litt betre bilete enn mine, anbefalar eg til dømes Lucy's stash eller Susy in Color). Denne lakken fortener supre bilete!)
| OPI Tomorrow never dies, med blitz |
OPI Tomorrow never dies from the James Bond-collection is an awesome blue-toned purple (purple-toned blue) with enamal-like finish. LOVE!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar
----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------