torsdag 7. mars 2013

Nye, multikrome lakkar!

F.v.: Hits Speciallità Dreamer og Unconventional, CrowsToes Maia, Asterope, Taygete og Merope.
Etter å ha sett Sminkans fantastiske bilete av CrowsToes Pleiades-lakkane, var eg heilt nødd til å skaffe meg nokre av dei. Så eg tok turen innom Llarowe, og endte opp med Maia, Taygete, Merope og Asterope. I tillegg fann eg nokre fantastiske multikrome lakkar frå Hits Speciallità sin Mari Moon-kolleksjonen.

Eg forstår virkeleg ikkje kvifor eg ikkje har skaffa meg desse før. Men no er alle desse skjønheitene mine, og av Hits Speciallità Dreamer har eg faktisk kjøpt fire stykk. Han er den vakraste lakken eg eig! Eg veit ikkje om eg tør å legge ut bilete av han, men medan eg lurar, kan de jo kose dykk med Sminkans bilete av han  her.

NB! Eg såg nett at Llarowe var utselde for Dreamer, eg kryssar fingra for at han kjem attende.

My new, awesome multicromes from CrowsToes and Hits Speciallità. I bought them at Llarowe.com.

2 kommentarer :

  1. Ja, dei er fantastiske, og eg har sjeldan fått like mange komplimenter for neglane mine som når eg har brukt CrowsToes-lakkane (eg jobbar på ein mannsdominert arbeidsplass).

    Tusen takk for tips og dei fine bileta dine!

    SvarSlett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------