søndag 31. mars 2013

Zoya - Chyna

Zoya Chyna, i sola

Zoya er eit av merka som har kasta seg på trenden med ruglete neglelakker, altså neglelakker med tekstur i yta. Av andre slike lakkar har eg berre prøvd Catrice sin Steel my heart, men grunnen til at eg ikkje likte den var heller fargen enn teksturen. No står altså eit par av lakkane frå Zoyas PixieDust-kolleksjon for tur.

Zoya Chyna er ein kald, blodraud lakk med litt lysare raude skimmerpartiklar. Ved første strøk ser han nestan rosa ut på neglane, men han blir raskt djupraud når han tørkar. Dette er virkeleg min type farge - blodraudt har alltid vært min favoritt, sjølv om eg veit at veldig mange i neglelakkverda er meir glad i andre farger. Bileta over er kanskje litt for varme i fargen, på bilete under er fargegjengjevinga betre.


Chyna er tydeleg mørkare tørr på neglen enn i flaska, men det synast eg berre er pent. At det er litt fargeforskjell mellom basefargen og skimmeret, synast eg heller ikkje gjer noko, etter mi meining får det fram skimmeret betre. For å få ei matt yte, slik som her (ThePolishAholic), bør ein bruke minst to lag. Med berre eitt lag blir han ikkje ordentleg matt (slik som dette (Manicurator), sjølv om ho har brukt to lag.). Han dekker ikkje spesielt godt, så for å få han opak utan å bruke for mange lag, bør ein nok bruke ein farga lakk under. Eg brukte to lag med Chyna over eitt lag Maybelline Rouge Profond.

I fargen på base og glitter er Zoya Chyna veldig lik Nubar Ruby Red Glitz, som eg også har.  (Dette gjeld også CG Ruby pumps, Orly Star Spangled etc.) Yta er dog heilt forskjellig, og sjølv med ein matt overlakk på Ruby Red Glitz ser dei veldig ulike ut. Eg skal få tatt nokre samanlikningsbilete av dei seinare. Men det eg kan seie er at om du liker Ruby Red Glitz, vil du også, som eg, elske Chyna.

Zoya Chyna, one of the trendy textured vanishes this spring. Chyna is a pretty, cool-toned deep red with a tad lighter red shimmer. This is simply gorgeous.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------