lørdag 31. august 2013

China Glaze - Infra-red



China Glaze - Infra-red
Endeleg tid for holografiske lakkar igjen! Denne veka har det vært nydeleg vêr her i Bergen (alt er relativt), og eg har faktisk plukka fram nokre hololakkar igjen som eg trudde eg ikkje skulle få brukt att før neste sommar. Men først har eg nokre litt eldre bilete frå China Glaze HoloGlam-kolleksjonen som kom i vår.

China Glaze Infra-red er ein lineær, holografisk lakk som merkelig nok ikkje er raud, men magentarosa. Dessverre er ikkje den holografiske effekta like tydeleg som på det andre HoloGlam-lakkane eg har vist fram, Strap on your moonboots og Galactic Grey. Fin er han likevel, sjølv om han dessverre ikkje får blodet mitt til å koke. Eg liker veldig godt påføringa og finishen på HoloGlam-lakkane, og det hadde vært fantastisk om China Glaze kom med ein raud lakk i same stil.

For å få fargen til å bli nokonlunde korrekt, måtte eg trikse litt i redigeringsprogrammet, derfor ser fargen på fingra mine litt pussig ut. Men lakkfargen er i det minste ganske riktig.

6 kommentarer :

  1. Fint men bara holografisk i solen.. Dock så passade du bra i färgen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har alltid vært litt skeptisk til magenta, men no liker eg det meir og meir. Sjekk e-posten din, forresten.

      Slett
  2. Jättefina bilder trots bekymren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg sleit som sagt med fargen, men synast det blei passeleg bra til slutt.

      Slett
  3. Tycker bilderna är jättefina och nagellacket ser underbart ut :)
    Du har fått en award av mig på min blogg :)
    xx

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at du liker lakken, sjølv om han ikkje er kjempeholografisk. Fargen er i alle fall veldig fin, etter mi meining.
      Og tusen takk for awarden, eg skal ta ein kikk på bloggen din etterpå.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------