søndag 24. mars 2013

CND - Crimson sparkle



CND - Crimson sparkle (over A England Camelot)

Supersnille Frida (tusen takk!) på det norske neglelakkforumet neglelakk.net/forum var så snill å kjøpe inn ein heil haug med CND-lakkar til meg. CND er eit merke eg eigentleg ikkje har hatt noko spesielt høve til, anna enn at dei er eit typisk salong-merke. Eg som aldri har vært i neglesalong har jo sjølvsagt ikkje peiling, men etter å ha sett så mange fine bilete av effekt-lakkane deira, tok eg sjansen. Lista over dei CND-lakkane eg kjøpte kan du sjå i lista over lakkane mine - berre sei ifrå om det er nokre spesielle du vil sjå bilete av.

Her har eg på CND Crimson sparkle over eitt lag A England Camelot (som alltid). Crimson sparkle er ein overlakk med rosa/raud/koppar/gull-farga skimmer. Skimmeret skiftar farge etter vinkelen ein ser neglen i, men det ser mest raudrosa ut. Effekta minnar meg om NYX Deep Space, som eg har hatt leeeenge, men ikkje vist her på bloggen. Crimson sparkle var utruleg lett å legge og hadde ein kjempegod kost. Dersom dei neste CND-lakkane er like gode, blir eg mildt sagt veldig imponert. Det er berre så synd at det ser så dårleg utval i "vanlege" lakkar.

CND Crimson sparkle over A England Camelot. The multicrome crimson/red/golden/copper shimmer looks amazing on the nails, and the application was flawless. 

4 kommentarer :

  1. Vad snyggt det är! Jag måste använda mina CND Effects mer...

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har jo nett fått dei, men har allerede brukt fire av dei.
      Dessverre gløymer ein jo ofte lakkar i skuffen når ein får mange nye...

      Slett
  2. Snyggt! Layering är så underskattat och jag borde göra det oftare, krävs ju inte mer lager än många andra lack så.. :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er jo enklare enn ein tenker. På bilete har eg jo berre eit lag av basefargen og eit lag av effektlakken, og det er i alle fall ikkje feire enn eg pleier (to-tre lag).

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------