onsdag 13. mars 2013

Color Club - Alter Ego


Color Club - Alter ego
I dag har Color Club Alter Ego på neglane, ein lilla folielakk (foil) med gullskjær. Han er absolutt ikkje duokrom, heller lilla og gullfarga på ein gong. Eg føler meg utruleg glamorøs når eg har denne på neglane. Sjølv om det er mykje gull i han, så er han kald i fargen - noko eg set stor pris på. Fingrane mine ser ofte gustne ut når eg bruker varme eller gul-tona lakkar.

Alter ego er lett å legge, men treng to, helst tre, lag for å dekke ordentleg. Han tørkar litt ruglete på grunn av alt skimmeret, så ein treng overlakk. Dessutan tørkar han litt treigt, så eg anbefaler definitivt å bruke ein hurtigtørkande overlakk. Eg har, som vanleg, brukt Seche Vite på toppen.

Color Club Alter Ego, a cool-toned purple foil with golden shimmer. So glam! Even though it has some drying issues, this is an excellent varnish.

4 kommentarer :

  1. Det här lacket är verkligen snyggt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg synast det er kjempepent, lilla/gull-kombinasjonen er både elegant og "festprega". Alter ego var faktisk den første folie-lakken eg likte, men definitivt ikkje den siste.

      Slett
  2. Svar
    1. Tusen takk! Han er virkeleg fin, mykje finare enn eg klarte å få fram på bileta.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------