 |
China Glaze Gussied up green, i sola |
China Glaze Gussied up green er ein av dei andre lakkane eg har frå den legendariske Rodeo Diva-kolleksjonen frå vel fem år tilbake, og som mellom anna inneheldt ein av favorittlakkane mine,
Side-saddle.
Gussied up green er som namnet antyder ein særdeles fin, grøn skimmerlakk. Men ikkje nok med det, han har også ein tydeleg blå/grøn duokrom effekt. Effekta er nestan like bra på neglane som i flaska, sjølv om eg ikkje klarte å fange det på bileta mine. Den blå tonen kjem best fram i dagslys utan sol, men da blei bileta for mørke og kornete - dessverre. I sola ser han mest skogsgrøn ut, medan han blir kald blågrøn i kunstig lys. Han er rett og slett heilt nydeleg, og det kjem frå ei jente som eigentleg ikkje er spesielt glad i grønt.
Eg er jo som sagt veldig opptatt av farger og språk, og dette er
den perfekte teal-grøne lakken. Mange bruker begrepet
teal om turkis-blått, men det er jo heil feil. Namnet teal kjem frå anda "Common teal" (på norsk: krikkand), som er (blå)grøn på hovudet og ser sånn ut:
Dessverre er lakken ganske vrien å legge. For det første er han ganske tyntflytande, så ein må passe godt på for å ikkje "oversvømme" neglebanda. Dessuten tørkar han svært seint. Første gong eg brukte han la eg to lag og toppa med SV, men då tørka han aldri - tre timer seinare kunne eg fortsatt skrape bort lakken lett som berre det. Neste gong lot eg lakken tørke ekstra godt mellom dei to tynne laga eg la, og så avslutta eg med Nails Inc Kensington Caviar top coat, og då gjekk det sånn passeleg bra. Gussied up green er altså ikkje vener med Seche Vite.
China Glaze Gussied up green is a pretty duocrome green/blue varnish - but oh, such a pain to paint with. It flooded my cuticles and simply never dried. Still, how can I not love it, when the colour is so amazing.
 |
China Glaze Gussied up green, i dagslys |