China Glaze Gussied up green, i sola |
China Glaze Gussied up green er ein av dei andre lakkane eg har frå den legendariske Rodeo Diva-kolleksjonen frå vel fem år tilbake, og som mellom anna inneheldt ein av favorittlakkane mine, Side-saddle.
Gussied up green er som namnet antyder ein særdeles fin, grøn skimmerlakk. Men ikkje nok med det, han har også ein tydeleg blå/grøn duokrom effekt. Effekta er nestan like bra på neglane som i flaska, sjølv om eg ikkje klarte å fange det på bileta mine. Den blå tonen kjem best fram i dagslys utan sol, men da blei bileta for mørke og kornete - dessverre. I sola ser han mest skogsgrøn ut, medan han blir kald blågrøn i kunstig lys. Han er rett og slett heilt nydeleg, og det kjem frå ei jente som eigentleg ikkje er spesielt glad i grønt.
Eg er jo som sagt veldig opptatt av farger og språk, og dette er den perfekte teal-grøne lakken. Mange bruker begrepet teal om turkis-blått, men det er jo heil feil. Namnet teal kjem frå anda "Common teal" (på norsk: krikkand), som er (blå)grøn på hovudet og ser sånn ut:
![]() |
Bilete frå duckcommander.com |
China Glaze Gussied up green is a pretty duocrome green/blue varnish - but oh, such a pain to paint with. It flooded my cuticles and simply never dried. Still, how can I not love it, when the colour is so amazing.
China Glaze Gussied up green, i dagslys |
Så pen den var, bare synd at den var vanskelig å legge. Jeg har ingen gamle China Glaze-lakker selv.
SvarSlettJa, det var litt keisamt at han var så vrien, men eg synast resultatet blei så bra at det var verdt det.
SlettChina Glaze er jo eit av favorittmerka mine, eg liker den smale kosten og korleis dei er å lakke med - både dei nyaste kolleksjonane og dei litt eldre. Du får tak i det meste hos t.td. Nailsupplies o.l.
Takk for at du kommenterar, forresten!
Härliga bilder på ett lack som verkligen är fantastiskt!
SvarSlettTusen takk! Eg blir stadig meir glad i grønt på neglane, og lakkar som Gussied up green hjelper veldig på. Han er jo så flott.
SlettDet er berre synd at eg slit med å lakke med han, men det gjekk som sagt greit med ein annan overlakk enn SV. Det er rart korleis nokre lakkar overhovud ikkje passar saman med SV.