 |
Depend #206, i innelys |
Depend #206 er ein grå lakk med frostig finish. Fargen er ein middels lys stålgrå med ei aning blått i, og ser
akkurat ut som galvanisert stål. Eg er nok er vesentleg meir glad i stål enn dei fleste som les bloggen (les: yrkesskade), så det passar meg perfekt. Dessutan er lakken glimrande å lakke med. I motsetnad til dei fleste frostige lakkar, blir det knapt nok ein strek på yta når eg lakkar. Lakken er så blank og fin at ein ikkje eingong treng overlakk. Merkeleg nok kan han likevel sjå matt ut i visse vinklar. Eg har lagt to lag, utan overlakk, men det hadde holdt med eitt tjukt lag.
 |
Depend #206, med blitz |
Dette er kanskje ikkje verdas mest spennande lakk, men fin til kvardagsbruk, og perfekt for stålentusiastar som meg. Eg trur eg betalte 10 kr for han på Lindex for eit par månader sia, han var nok på tilbod. Eg veit ikkje om han er permanent, eller gått ut av sortimentet.
Depend #206 is a blue-toned steel grey with a frosty finish - but luckily, without the usual streaking that comes with. The colour looks exactly like hot-dipped galvanised steel, and I find that very amusing, as I work with steel structures on a daily basis. In other words: very office-appropriate.
 |
Legg til bildetekst |
 |
Depend #206, med blitz |
Hei :) fin farge.. men jeg personlig fikser ikke depend flaskene, de er så små..:(
SvarSlettBra du la ut link fra forumet, sånn vi fant deg :)
Det er vel stort sett litt anten/eller. Eg liker både utvalet, prisane (under 20 kr er greit, sjølv når flaska berre er 5 ml. Eg bruker jo aldri opp neglelakkar uansett.) og ikkje minst penselen. Eg får makk av breie penslar, sikkert fordi eg har så smale negler.
SlettTakk for at du kommenterte!