 |
Layla Coral Glam, i lampelys |
Layla Coral Glam (#02) er ein lys korallfarga holografisk
lakk med nøytral undertone. Det er mykje beige/hudfarge i lakken, og
han ser eigentleg ganske "nude" ut på neglane mine, ikkje
så rosa som eg hadde frykta. Fargen minner litt om MakeUpStore
Madeleine, men sistnevnte er mykje mindre rosa, og meir holografisk.
Coral Glam dekker dessverre ikkje særleg godt, eg måtte ha fire
lag for å få han til å se grei ut, tre lag dersom eg la han over
AquaFix. Eir bør nok bruke ein lyserosa eller hudfarga lakk under
denne for å spare litt på dråpane - eg ser føre meg at til dømes
OPI
My Very First Knockwurst (neglelakkmani.com) ville passa bra.
 |
Layla Coral Glam, i lampelys |
Eg har brukt Sally Hansen-overlakken på peike- og ringfingeren,
og sjølv om han ikkje øydelegg den holografiske effekten på same
måte som Seche Vite gjer, så blir effekten litt redusert. På den
andre sida blir lakken blankare og held lenger, så det er jo eit val
ein må ta. De ser i alle fall skilnaden på bilete over.
 |
Layla Coral Glam, med blitz |
 |
Layla Coral Glam, i skuggen |
(Jada, eg skulle vente til sola kom, men eg kom så seint hjem frå
jobb i dag at eg ikkje rakk å lakke om før sola hadde gått ned - derfor blei det skuggebilete i staden.)
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar
----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------