torsdag 4. oktober 2012

OPI - German-icure by OPI

Her er andre utgåve av "bruk alle dei nye lakkane som er lagt rett i skuffen"-utmaninga. Dagens lakk er German-icure by OPI frå OPIs haustkolleksjon. Det var utruleg mange lakkar i den kolleksjonen eg hadde lyst på, men eg endte opp med berre to; denne og Every month is Octoberfest. Eg elskar raude, mørke skimmerlakkar, så det var ikkje akkurat overraskande at desse to måtte bli mine. Heile kolleksjonen kan du til dømes sjå her eller her.

German-icure by OPI er ein mørkeraud skimmerlakk - med raudt skimmer i ein mørkebrun base. Han legg seg tynt og ujamnt i første laget, men dekker fint på to lag. I dagslys ser han ut som ein vinraud skimmerlakk, medan sterkt lampelys, sol eller blitz gjer han mykje raudare og meir brunaktig. I sollys kan ein sjå at skimmeret er duokromt og går frå magenta til gull/oransj via raudt, men i vanleg lys ser ein nesten kun det raude. Eg elskar denne lakken uansett, og han er nok blant dei aller vakraste lakkane eg har. *sukk*.

Om du likar mørke, vampete lakkar, er denne definitivt noko for deg. Eg har kjøpt min på Transdesign, men han finnast også i engelske nettbutikkar som Beautybay. Eg veit at Kicks parfymeri har ført tidlegare OPI-kolleksjonar, men eg har ikkje sett Germany-kolleksjonen i norske butikkar. Nokon som veit?

På bileta har eg to lag German-icure by OPI, og eitt lag Seche Vite overlakk. Dei to første bileta er tatt i dagslys, dei to siste er tatt med blitz.





2 kommentarer :

  1. Nydelig farge! Minner meg veldig om China Glaze Foxy, bare litt mørkere og rødere! Tror jeg må anskaffe meg denne, ja! ^_^

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje Foxy sjølv, men eg har blant anna sett han hos Sminkan (http://www.sminkan.com/2012/10/china-glaze-foxy/). Dog er skimmeret litt annleis, etter det eg kan sjå på bileta: German-icure by OPI har nok ein meir dekkande base, slik at skimmeret gløder på midten av neglen, medan lakken mørknar mot sidene (Eg elskar den effekten!). Det ser ut som om Foxy er jamnare i fargen. Men hey, det betyr jo berre at ein treng begge to.

    SvarSlett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------