tirsdag 19. februar 2013

H&M - Fabulous nails, honey



H&M Fabulous nails, honey og H&M Wawawoom

H&M Fabulous nails, honey er ein varm, vinraud skimmerlakk med gulltonar. Han har ikkje veldig tydeleg gullskimmer på neglen (slik som i flaska), men det er klart at fargen blir varmare og djupare av skimmeret. I lampelys og i sola ser han ut som dei to øvste bileta, medan blitzbilete nederst viser han slik han ser ut i kaldt dagslys.

Eg prøver ut nye overlakkar om dagen, og fekk derfor(?) dessverre neglelakk som ganske raskt flassa av på tuppane. Eg likte Fabulous nails, honey så godt at eg ville behalde han ein dag eller to til, så eg dyppa tuppane i gull (les: H&M Wawawoom), og resultatet blei eigentleg ganske bra, synast eg.

Han er lett å legge, og dekker på eitt lag, om eg ikkje hugser feil. Det er ei lita stund sia eg kjøpte Fabulous nails, honey på H&M, men eg såg han i butikken her om dagen, så eg antar at dei framleis har han inne, før vårlakkane kjem for fullt. Til berre 39 kr er han etter mi meining eit kupp.

H&M Fabulous nails, honey with golden tips using H&M Wawawoom. I really enjoyed this manicure, and wore it for days.

2 kommentarer :

  1. Svar
    1. Tusen takk, spesielt sia det kjem frå ein av mine absolutte favorittbloggarar! Eg synast kombinasjonen vinraudt og gull blei bra, det fekk betre fram den gylne tonen i FNH.

      No gler eg meg berre til eg får det nye kameraet, slik at eg kan ta ordentlege makrobilete.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------