lørdag 16. februar 2013

OPI My boyfriend scales walls og China Glaze Glitz 'n' pieces



OPI My boyfriend scales walls og China Glaze Glitz 'n' pieces

Så, eg sa jo at eg bestilte feil lakk då eg fekk China Glaze Glitz 'n' pieces i posten, men eg lar meg ikkje stogge av sånt. Eg bestemte meg for å prøve han over OPI My boyfriend scales walls, som kom ut i forfjor(?) i Spiderman-kolleksjonen. Kombinasjonen svart/kvitt er ein favoritt hos meg, og litt sølv gjer jo heller ikkje noko.

OPI My boyfriend scales walls er ein kvit kremlakk med gråskjær. Ein ser eigentleg ikkje gråskjæret på neglane, men han er likevel ikkje heilt krittkvit - ein får ein dusare effekt enn til dømes Misa Heaven White. MBSW er utruleg lett å legge, han dekker perfekt med to lag utan å legge seg skjoldete. Anbefalast på det sterkaste!

China Glaze Glitz 'n' pieces er ein glitterlakk med svarte og sølvfarga glitterpartiklar i alle storleiker, samt svarte glitter-"pinner". Sjølv om han inneheld mykje glitter, er han lett å legge. Ein får opp nok glitter med eitt lag, men ein må skyve litt rundt på det for å få det til å ligge pent. Eg brukte to lag Seche Vite på toppen, men måtte nok hatt enno eit lag for å få han heilt glatt.

Fint? Stygt? Indie-kopi? Kva synast de om kombinasjonen min?

Two coats of the awesome OPI My boyfriend scales walls with one coat China Glaze Glitz 'n' pieces layered on top. I adore these kinds of black and white combinations. What you you think?


3 kommentarer :

  1. Åh det här jag beställt! Ser jättesnyggt ut mot basfärgen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg var eigentleg litt skeptisk, men tenkte at eg måtte berre forsøke - og eg blei skikkeleg positivt overraska.

      Kjempeflott blogg du har, forresten! Eg er så imponert av dei som driv med negledesign.

      Slett
    2. Tack va snäll du är förresten! :)

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------