lørdag 27. oktober 2012

H&M - Blue my mind



 H&M Blue my mind, med blitz (litt for lyst)

H&M Blue my mind (Haha, nice pun) er ein herleg, knallblå kremlakk. Blåfargen vil eg kalle ein rein, lys blå (Brandeis blue på html-språket), og er ein slags lysna koboltblå med litt meir gult i. Fargen er i alle fall fantastisk flott, og eg blir glad når eg ser på neglane mine. Blåfargen er så sterk at han nesten går mot neon, men han er ikkje ein neonlakk, altså. Kameraet mitt ville absolutt ikkje gjengje fargen ordentleg. Dei to øvste bileta er nok litt for lyse, medan det nederste, litt uklare bilete, tatt utan blitz, viser rett farge.

Blue my mind dekker på to lag, eitt lag om du er veldig generøs med laga. Eg brukte Seche Vite over, sjølv om lakken eigentleg var blank nok i seg sjølv. Han var lett å fjerne, men det satte seg litt blåfarge att på neglen, dessverre. Lakken kostar 39 kr på H&M, og dei har han inne no. Eg trur han er i det permanente sorimentet deira.

 H&M Blue my mind, med dus blitz

 H&M Blue my mind, i lampelys (korrekt fargegjengjeving) 

I tillegg til Blue my mind, forsøkte eg meg med nokre små sølvstjerner som dekor. Det blei ikkje veldig vellykka, for stjernene var litt høge, så eg måtte lakke over dei med SV for at dei ikkje skulle henge seg opp i alt mogleg, og då såg det litt kladdete ut. Eg skal prøve igjen seinare, kanskje med eit litt anna design. Dekorsteinane har eg fått tak i hos Bornprettystore, og eg skal vise fram heile settet når eg har fått øvd meg litt.

2 kommentarer :

  1. Jeg elsker denne blå lakken, og dette er en must-have etter min mening! :D

    Flott at du har neglelakkforumet som en menyknapp! Tusen takk! <3

    SvarSlett
  2. Jepp, definitivt eit must. Han blue my mind, for å seie det sånn, men den spøken var for dårleg til å få vera med i innlegget.

    Eg skal få lagt ut eit innlegg med oppfordring til alle om å melde seg inn på forumet i løpet av morgondagen - jo fleire vi blir der inne, jo betre.

    SvarSlett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------